
I kveld har eg vore på konsert med mine tidlegare elev Johannes Hetland som er fantastisk flink på tangenter. Han hadde konsert i lag med Thomas Wesley Brasel som song heilt nydeleg. Dei to andre i bandet var og veldig flinke. Det var kjekt å sjå at kyrkja var full. Det er alltid kjekt å møta tidlegare elevar, og når det går bra med dei gler eg meg saman med dei.
Eg var ute på ein handlerunde i dag og møtte elevar frå fleire forskjellige kull som det var kjekt å helsa på. Eg fekk og tid til ein kopp cappuccino med Monica på kanelsnurren. Hella og Tage hjalp meg å pynta peparkaker. Det viste seg at kakeboksane ikkje var så fulle som eg trudde, men eg får gleda meg over at dei tydelegvis har falt i smak. Litt blir det nok på fata i sjølve jula, og så får det vera bra.
Nå har eg tenkt å kvinna meg opp til ein bitteliten rydderunde før eg legg meg. Eg har dessverre ikkje naturtalent for å få til strøkne heimar med alt på G. Den egenskapen skulle eg heilt ærleg talt likt å ha. Eg får stramma meg opp å gjera så godt eg kan. Og så får eg skunda meg å seia at viss nokon trur eg gjer alt aleine, så er det veldig feil. Her bidrar alle. Eg bare ser at nokon, helst av same kjønn som meg, har evnen til å «sjaina opp» eit hus på ein- to- tre. I ein alder av seksti pluss har eg framleis ikkje lært meg triksa og ferdigheitene. Den kvite Ajax-tornadoen har aldri gjesta mitt hus slik som på gamle reklamesnuttar. Elles så er eg ganske snill og grei, og det er kanskje ikkje så verst det heller. Men ikkje skal eg gi meg. Kanskje eg og blir kjempeflink ein vakker dag…
Heidi

Eit litt lite høgtidsstemd bilete frå kvelden. I høgtider og feriar når alle er heime pleier me alltid å ha ein eller fleire spelekveldar. I kveld har me spelte Bezzerwizzer med to ulike utgåver samtidig for at alle skulle kunna spela sjølv i staden for å spela lag. Det fungerte overraskande bra. Eg tapte med stil, men det var kjekt likevel.
Dagen har vore fullmøblert slik sundagar gjerne gjer. Eg tenkte at det kanskje kom til å vera litt få barn denne siste sundagen før jul, men me ende med å vera tretti personar der med stort og smått. Etter litt song og dramatisering av vismennene si reise, hadde Hilde ein kjekk aktivitet med å laga julepynt av farga pipereinskarar .
Det vart så vidt tid til å reisa heimom før me skulle vidare i familieselskap hos May Brit på Figgjo. Mor og far fekk ein ettermiddag med sju av sine ni oldebarn, seks av dei er frå fem år og nedover. Me hadde nokre fine timar med leik, julekaker og heimelaga karamellpudding og riskrem. Dei siste åra er me blitt for mange til at det er praktisk å ha felles julefeiring i storfamilien slik me alltid hadde før. Tider skal komme, tider skal henrulle…
Og i dag har me sett sola for første gong på ei stund. Det var fint.
Heidi

I morgon skal eg og Hilde ha sundagsskule. Temaet vårt er nokre menn som ingen veit heilt kven var. Dei er kalla både heilage tre kongar og dei tre vise menn, men eigentleg veit me ikkje om dei var tre ein gong. Det som står i evangeliet er at dei fulgte stjerna og trudde det måtte vera fødd ein ny konge ein stad. Dei hadde og med seg tre ulike ting, gull, røykjelse og myrra.
Dei dukka opp, kven var dei, og kor kom dei frå? Og dei forsvann, kva skjedde vidare med dei. Det første er det mange teoriar om. Det siste trur eg ingen veit.
For meg står dei som leitande menneske, drivne av ein rastlaus lengt, dei kom frå ein annan samanheng me veit lite om, men skar seg plutseleg inn i det som mange år seinare skulle bli kristendomen sin historie. Dei står der i ulike utgåver i julekrybbene våre, dei på biletet over er frå ei av mine. Likevel er det visst nok sannsynleg at besøkjet deira ikkje høyrer til fødselshistoria i stallen, men at Jesus godt kan ha vore eit par år då dei kom.
Eg liker mysterium. Eg liker å la meg overraska av rare samanhengar i livet, og eg liker å tru at det er veldig mykje me menneske veit lite om.
Frå i dag av er det fullt hus og stormande jubel i heimen. I dag har alle fire barnebarna sprunge rundt i stova vår. Me har fått prøvd oss i kveld som barnevakter for dei to minste, og kan konkludere med at det har gått over all forventning. Eg var mest spent på korleis yngstemann skulle reagere då han vakna til den første nattamminga si og skulle avspisast med mormor og ei tåteflaske i staden for mamma og det som betre er.
Som eg hadde fått råd om kraup eg opp i senga, løfta han frå sprinkelsenga og let han ligga inntil meg under dyna og få morsmjølk på flaske, for at det skulle likna mest mogleg på det han var van med. Til mi store overrasking var det ingen protestar. Han låg og såg på meg med kulerunde auge og ville prata innimellom matinga. «Eeiiah, øøøøh». Etter måltidet og litt kos blei han løfta over i sprinkelsenga og sovna igjen. Visst finst det kvardagsunder, og visst hugsar kroppen at ein diverse gonger sjølv har hatt babyar som vaknar om nettene.
Heidi

Er tidsoptimistisme ein medfødt eigenskap? Eg når som regel det eg skal, men nokre gonger tek det mykje meir tid enn eg hadde trudd å koma til det punktet. For å vera litt forsiktig og ta det steg for steg, så prøver eg å ha som mål å ha fem minutt ekstra slik at eg faktisk kan møta opp fem minutt før. Eg pleier som regel ikkje å vera for sein til avtalar. Som regel rekk eg det akkurat, eller eg går inn døra eitt minutt etter at eit møte skulle begynna. Av og til kjem eg med jakken på vranga fordi eg ikkje hadde tid til å sjekka den slags før eg sprang ut døra heime.
Verre er det med å bli ferdig når det ikkje er avtalt deadline. I dag trudde eg at eg hadde kjempegod tid, først skulle eg bare pynta juletre og julepynta huset fem dagar før mi normale tid for at alt skulle vera klar til gjestene kjem i morgon. Det kunne vel ikkje ta så mange timane. Etterpå ville eg ha god tid til grundig vask av min del av huset. Alt det burde eg vera klar med i god tid før me skulle på ein avtalt tur med innlagde stopp for å levera julehelsingar og sånn. Då me kom heim måtte me først ha litt kveldsmat, og så hadde Halvard funne ein fin og prisbelønt julefilm. Nå skal eg bare rydda kjøkkenet og vaska kjøkkengulvet. Badet kan eg vaska i morgon tidleg… Eg trøystar meg med at så tidleg ute med å vera klar til jul har me viss aldri vore før…
Heidi

I dag har eg og syster vore på julekonsert i lag med eldstedøtrene våre. Me var på Hvelvet scene her på Bryne og høyrde på Silje Sandanger og Iren Førland. Det er to damer med kvar sin flotte og særeigne stemme, og stemninga var uhøgtideleg og tilbakelent. Eg pleier å få med meg minst ein julekonsert kvart år, og i år kan det vera at det blir denne eine. Det var veldig koseleg med ein syster-mor-dotter – kveld.
Då eg kom heim, sat Halvard klar med ein til film han ville at me skulle sjå. «A Serious Man», ein amerikansk film laga av Coen- brørne. Filmen viser eit jødisk miljø i Minnesota på 60- talet. Hovudpersonen, ein velmeinande fysikk-lærar, prøver å vera eit godt menneske, men heilt ufortent går alt gale for han. Halvard meiner det er ein slags moderne versjon av Jobs bok. Hovudpersonen prøver å finna Guds vilje i alt det vanskelege som skjer og kontaktar fleire rabbinarar utan at nokon kan gi han gode svar. Slutten er i beste fall open, men det er lite som tyder på at alt skal bli bra og betre enn før slik som det ende med den bibelske Job. Halvard er flink til å grava fram interessante og smale filmar som me ofte ikkje har høyrd om, og han liker å diskutera tematikk og meining.
Halvard er og glad i å lesa bøker, og i dag fekk eg julegaven min på forskot: boka «East of Eden», av John Steinbeck. Han er sjølv nesten gjennom denne boka og hadde lyst til å diskutera ho med meg. Eg har bare lese dei første to og eit halvt kapittela, men eg synest det er uvanleg vakre og sterke skildringar. Det er lenge sidan eg las noko av Steinbeck, kanskje heilt sidan vidaregåande skule. Eg trur me las «Dagdrivergjengen» i norsktimane og utdrag frå «The grapes og wrath» i engelsk timane, men det begynner å bli lenge sidan, så heilt sikker er eg ikkje. Vanlegvis les eg bøker ganske fort, men nå i jula med masse små og store julegjestar, så får me sjå kor langt eg kjem.
Juletreet er i foten, og lysa er på. Det er vel nesten rekord i heimen. Vanlegvis er eg sånn gammaldags julepuritanar som pyntar juletre lille julafta slik me alltid gjorde i barndommen, men i år trur eg det er ein god idé at stova er julepynta når dei to yngste barnebarna kjem laurdag morgon. Det betyr at me får ordna det i løpet.av morgondagen.
Heidi

Julepost har tidlegare vore ein stor del av juleførebuingane. Først skreiv me papirbrev og papirkort til alle med bilete av barna, først ein tre månadar gammal Odd Christian utkledd som nisse, sitjande i bilstolen sin utstyrd med nisselue, bomullsskjegg og ei grautsleiv… Så vart det nye bilete og etterkvart ein større og større familie. Så heiv me oss på trenden med fellesbrev, nå med trykte bilete av barna, skrivne på PC og påklistra hjarte, stjerner og ei personleg helsing skriven med penn på slutten.
I si tid var det mykje diskusjon om desse «skrytebreva» der ein fort framstod som den perfekte familien med vellukka barn som var opptekne av friidrett og speidar. Det vart stild spørsmål ved kven som hadde interesse av slikt. Ingen var vel interesserte i at dotter til ein ein i si tid studerte i lag med nå snart var ferdig sjukepleiar med topp karakterar? Som litt over gjennomsnittet interessert i andre menneske innvende eg alltid overfor meg sjølv at eg var interessert, eg syntest faktisk det var kjempespennande å høyra korleis folk eg kjende, men sjeldan såg, hadde det og levde.
Det var litt av ein sjau å få alle breva i veg i tide, og det var kjempespennande å gå til postkassen og få julebrev frå slekt og venner. Dei siste åra har det minka veldig på slike konvoluttar. Dei fleste julebreva me får, får me via mail, og det er veldig kjekt det og. Me har vore postvesenet sin gode venn og halde på å senda julebrev, men nå i år ser det faktisk ut som om det meste må gå via mail. Me har skrive brevet ferdig i dag, tradisjonen tru har me skrive kvar vår del med julebetraktningar. Leif på bokmål og eg på nynorsk.
I dag kan det kanskje passa å rett og slett lima inn eit lite avsnitt frå min del av livet. Dette avsnittet er kanskje synest er det aller viktigste i julehelsinga mi.
«I haust var me på Aeropagos-seminar i Oslo, der me mellom anna fekk høyra Christopher Jamison, ein benediktinarabbed med tilhald i England. Han sa noko eg har tenkt mykje på etterpå:
«I ei tid då ein til ei kvar tid kan drive “doomscrolling” av alt det negative og forferdelege som finnest, er det lett å mista håpet og motet. Me kan ta inn ein stor del av det forferdelege som skjer i verda nesten samtidig som det hender. Det er lett å tru at det er dette som er livet, og lett å bli overvelda og handlingslamma. Dette gjeld særleg unge menneske. Den kanskje største oppgåva for oss er å visa at håpet er levande og er stort. Me er den generasjonen som verkeleg kan forandra verda og gjera ho betre. Dersom me fokuserer på alt som er gale, og gløymer å få med oss alt det som er godt og fint, øydelegg me for oss sjølve og blir motlause.»
Dette ser eg som eit klart kall i livet. Å halda håpet og motet oppe, og å gi god plass til alt det gode slik at me kan vera med å gjera livet til ein varmare og lysare plass for dei me møter, og for dei me lever saman med. Er ikkje juleevangeliet på same måten som påskeforteljinga forteljinga om at livet sigrar over døden, lyset over mørket og kjærleiken over hatet? Slik vil eg velja å tru at det er. Eg vil ønskja alle saman ei god og rik jul. Måtte året som kjem bli av det gode slaget.»
Dette var sitat julebrevet mitt. Til dykk som les dette i god tid før jul. Ha ei velsigna førjul.
Heidi

Det begynner å likna ganske mykje på jul, som dei syng det i ein julesong på engelsk. I dag kom den første julegjesten, eller som det følest frå foreldreperspektiv : I dag morges kom Halvard heim med nattoget. Han skal unna seg ein lang juleferie, det vil seia jobba ein del heimefrå. Far hans tok ansvaret for å stå tidleg opp for å henta han på toget, og hadde klar nysteikt surdeigsbrød.
Det er veldig fint å ha han her, i kveld leigde han ein fin film på nettet som han trudde opphavet kunne lika, og det gjorde me. Vaksne barn er ein veldig fin ting, sjølv om eg av og til kan lengta litt tilbake til då dei var små. Barnebarn gjer at det framleis kan forsvarast å ha leikekrok i stova med duplo, bamsar og biletbøker, og tre høge barnestolar til bruk under måltid. I tillegg kom me aldri så langt at det var naturleg å fjerna trappegrinda i stova.
Nå når eg ikkje brukar dagane i klasserom, opnar det seg nokre nye dører. I dag var eg på julelunsj saman med mange av pensjonistane frå Bryne skule. Det var fint. Me møttest på Ritz til smørbrød, kaffi og eit par timar med prat. Det er litt surrealistisk når me ler av komiske episodar i den felles hukommelsen, og finn ut at det må vera ca 30 år sidan det skjedde…
Så hadde eg eit par timar i sentrum for å ordna dei siste julegavane. Heilt i mål er eg ikkje endå, men det begynner å hjelpa. Sidan ikkje alle butikkar pakkar inn lenger er det ein liten kveldsjobb å gjera med å få pakka inn før nokon kjem inn på kontoret og avslører kva som er kjøpt inn.
Eg hadde i bakhovudet at eg kanskje kunne trenga ein ny julekjole. Dei kjolane eg har er stort sett veldig velbrukte, og nokre av dei har eg hatt i minst ti år. Eg fann eit par kjolar i ein butikk, men var framleis i tvil. Merkeleg nok nesten snubla eg over Ingrid rett etterpå. Ho var så grei at ho sende femåringen og femåringen sin pappa vidare mot målet og blei med meg tilbake. Etter visninga tilrådde ho sterkt at mor skulle kjøpa seg ny kjole, og då blei det slik
Kleshandling har aldri vore ein stor hobby for meg, og i tillegg ser eg med ei viss sorg at dei butikkane eg har likt å handla i ikkje finst lenger. Gudrun Sjödén – butikkane i Oslo er lagt ned, eg finn heller ikkje Design Forum, UNO eller Masai nokon plass. Det kan jo inspirera til eit endå meir nøkternt klesbudsjett, og bra er jo for så vidt det. Eg er stor tilhenger av å slita ut det ein har, og stort sett har ein alle meir enn nok…
Kanskje mor må skifta stil sidan det ser ut som om klesutvalet for det dei på svensk kallar «kulturtanter», og på norsk av og til blir kalla «husflidshippiar» eller «lilla kåner», ser ut til å vera under kraftig nedskalering. Eller kanskje mor ein gong for alle kan klara å manipulere ein ikkje heilt A4 kroppstype til å bli slik at han blir elegant i det meste? Eg trøyster meg med at gode venninner av alle fasongar og må leita for å finna noko dei synest passar…
Klokka blei for mykje, eventuelt litt for lite i kveld og, for nå er me godt inne i det ein på fint kallar «Dei små timar». Hjernen min fabrikkerer moglege nyttårsløfte, på denne sida av jul er det lett å lova… Leggja seg tidlegare, starta dagane tidlegare, alltid vera minst fem minutt for tidleg til avtalar og møte… Det er mykje fint ein kan toppa tilveret med å lova seg sjølv…
Heidi



Først må eg innrømma at eg har vore inne i «galleriet» mitt her på bloggen og leita fram gamle englebilete. Eg er veldig svak for englar laga av barn, og sidan eg ikkje har administrert ein einaste juleverkstad i år, så hadde eg ingen nye av det slaget.
I dag mens eg stod på kjøkkenet og laga risbollar til lyden av ei lydbok, bestemde eg meg for at bøker var det eg ville skriva om i dag. Eg har alltid likt veldig godt å lesa bøker, og i tillegg kan det vera praktisk å bli lesen høgt for medan ein driv på med ulike former for arbeid. I dag høyrde eg ferdig siste boka av Gilead- serien, fire romaner skrivne av den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson.
Eg hadde fått anbefalt denne forfattaren frå ulike hald, mellom anna var Gilead-bøkene tema for ein episode Kulturmisjonen, som er Aeropagos sin podcast. Då Leif og hadde begynt å lesa på den første boka i denne serien, tenkte eg at dette var bøker eg måtte gi ein sjanse. Eg må innrømma at eg var litt i tvil dei første ti minutta, starten var liksom ikkje så fantastisk som eg hadde sett for meg, men så vart eg sugd inn i dette universet, og måtte kopla meg på for å lytta så fort eg hadde ein sjanse. Mellom anna takka vera to lange togturar til og frå Oslo, har eg i løpet av to -tre veker hatt fylgje med personar frå dette universet, og nå kjem eg til å sakna dei, slik er det med gode bøker, ein klarer ikkje å lesa dei ut fort nok, og så blir det tomt etterpå.
Grepet i desse bøkene er at dei handlar om dei same personane i ein til dels overlappande tidsperiode. Kvar bok tek oss med på innsida av nye personar, slik at me får vera med inn i tankane og erfaringane til menneske me først har blitt kjend med frå andre sin synsvinkel. Dei tek opp eksistensielle spørsmål knytta til liv, død, Gudstru, livssyn, politiske spørsmål og menneskesyn. Korfor er det slik at nokon alltid rotar til livet sitt sjølv om dei er rikt begava og har foreldre som elskar dei? Korleis kan ein gripa tak i livet og klara seg dersom ein har hatt ein forferdeleg start i livet? Korleis handterer ein vanskeleg kjærleik? Er alle menneske like mykje verd å elska? Kan ein stola på det som har vore ei bunnsolid Gudstru når dei store spørsmåla i livet dukkar opp, og når ein får utfordringar ein aldri hadde sett koma?
Forfattaren er nå over åtti år, og har levd i eit USA som praktiserte raseskilje, ho har og opplevd ulike historiske periodar i det same landet, og ho har erfaringar med amerikansk frikyrkjelegheit som dei fleste nordmenn ikkje kjenner så godt til frå innsida.
Som relativt ung lesar hadde eg ein periode der eg var heilt oppslukt av bøker med kvardagsrealisme, gjerne med halvbiografisk tilknytning til forfattaren. Eg elska bøkene til Dea Trier Mørk, Märta Tikkanen og Tove Ditlevsen, og las dei fleste av desse mange gonger. Eg hugsar eg tenkte at eg skulle ønska det fantest slike bøker der religion og Gudstru hadde ein plass. Ikkje først og fremst som eit forkynnande eller evangeliserande element, men som ein naturleg integrert del av det å vera menneske. Ville det ikkje vore mogleg å la personane i ei bok både oppleva erfaringar knytta til samliv, barnefødsler, liv, død, Gudstru, humor og kvardagsliv som eit stort naturleg heile. Sigrid Undset klarte det jo i middelalderromanane sine, korfor skreiv ingen slik lenger. Det hende eg fann det eg leita etter, for eksempel i bøkene til Alfred Hauge, men i den meir moderne litteraturen var det lite av det. Bøkene til Isabel Allende sprengde absolutt rammene og blomstra av mystikk, men dei var og langt frå nordisk kvardagsrealisme.
Kanskje er det litt symptomatisk at den internasjonale suksessromanen «Eat, pray, love», på norsk fekk den heilt ikkje-religiøse tittelen «Spis, elsk, lev»? Kanskje omsetjaren hadde ein tanke om at bøner i ein boktittel kunne bli for sterkt til å vera salgbart her i landet?
Kanskje det har vore ein slags ubevisst agenda i diktsamlingane mine at eg vil dei skal femna heile menneskelivet, og dette som handlar om tru og mystikk. Dersom eg hadde vore romanforfattar ville det heilt opplagd vera noko eg ville prøva å få til. Eg ville gjera det ikkje først og fremst for å prøva å omvende nokon, men for å prøva å visa at slik kan livet og vera…
Livet er eit mangslunge prosjekt, så det er ikkje rart det kan vera vanskeleg å fanga mellom to permer. Ein norsklærar sa til meg ein gong at «Det ser ut som om du prøver å beskriva absolutt alt som skjer, men det er ikkje mogleg… Det hadde han sjølvsagt heilt rett i, det vanskelege er å gjera gode utval…
Heidi

Dagen begynte med ei fantastisk fin gudstenesteoppleving, -adventsmessa «Fest i Guds hus» med barnekor, vaksenkor, skodespelarar, songsolistar, dansar, og blåserekkje på galleriet saman med kyrkjeorgelet. Kyrkjelyden fekk lov til å bli med på nokre av ledda, og tre av prestane frå kyrkjene i Time var liturgar og medverkar i messa på ulike vis. Det var så fint regissert og dyktig øvd inn, så eg må innrømma at det rann nokre tårer i rein rørelse.
Biletet over kan sikkert vera litt forvirrande, det viser eit utsnitt av vaksenkoret med ein av dei to storskjemane bak. Det som foregjekk vart samtidig vist på storskjerm slik at alle kunne sjå betre. På skjermen ser ein døyparen Johannes i vaksen alder med nokre frå barnekoret rundt seg.
Sidan Torun var heime hos far sin denne helga, fekk eg oppleva messa i lag med henne. Etterpå gjekk me ein tur i Sandtangen, og var så heldige at me hadde lagt turen til ein pause midt på dagen med opphaldsver. Det var fint å få gå der i fred og ro og kikka på fuglar og oppdatera kvarandre på alt som har skjedd sidan sist.
I ettermiddag har me vore ein tur hos mor og far og drukke kaffi saman med dei. På grunn av Osloturane våre hadde det gått nokre veker sidan me såg dei, og det var fint å vera saman.
Me har hatt ein deilig lat og roleg sundagskveld med handballfinale der landslaget vårt vann VM. Etterpå såg me semifinalen av «Skal vi danse». Dette er ikkje eit program eg har pleidd å vera oppteken av, men i haust har eg fått med alle episodane og verkeleg kost meg med det. Eg var nok ikkje heilt einig i avgjersla om kven som skulle sendast heim i dag, men slik er det. Alle er blitt veldig flinke.
Den nye trenden på nettet er noko dei kallar «airwalking» der der ser ut som om ein svever over bakken. Eg har sett fleire små filmsnuttar om korleis ein lærer seg kunsten. Kanskje det må vera læringsmålet for 2026. Det er sikkert omtrent like lett for damer som meg som det å læra seg å spela saksofon. Det har eg og alltid hatt lyst til… Ei stund tenkte eg at buktaling burde kunna vera innan rekkevidde, men det trur eg i grunnen heller ikkje lenger… Det som er sikkert er at det er mykje spennande ein kunne ha brukt tida si på. 😂
Med så lang tid framfor fjernsynet som eg hadde i kveld, -ja eg veit at alle under 60 har gått over til å kalla det TV…, vart det mange omgangar på strikketøyet mitt og. Det er bra, for eg har litt forskjellig eg har planar om å få under papir og snorer før julaften…
Heidi

I dag hadde eg to jenter på julebakst. Det er tydeleg at dei har gått fram i alder og visdom det siste året, og ikkje minst i tålmod når det gjeld kakebaking. I år klarde dei dei to-tre første bretta heilt aleine, med bare minimal mental støtte frå mormor, som faktisk kunne utføra enkel kjøkkenrydding parallelt med bakinga.

Sidan det var Luciadagen måtte me synga litt Luciasong medan me jobba. I tillegg til den tradisjonelle songen blei det og den frå «Jul i svingen» : «Når natten er mørkest…», og så vart det «En stjerne skinner i natt» og «Vi tenner våre lykter når det mørkner». » I små glimt vart kjøkkenet og rotet til ein katedral, barnesongen til eit englekor og det etter kvart litt klissete kjøkkengulvet til noko som kunne bera heilage sekund.
Tradisjonen tru måtte mormor baka dei siste bretta sjølv, men det vart peparkaker og kvite kakemenn til boksar både her og heime hos dei yngste bakarane. Mormor har omsider lært at ein ikkje treng å laga dobbel eller trippel deig fordi at «Når ein først er i gang…»
Me var så heldige at me fekk besøk av Torun som kom innom på ein snarvisitt og måtte få smaka baksten vår til kaffien.
Overgangen til neste aktivitet, vart travel, men me rakk det akkurat. Klokka halv seks var me inviterte til julesongkveld i Gamle Stavanger hos Linn og Karleif som bur i eit over hundre år gammalt hus i ei av Strandgatene. Dei er nokre av dei mest gjestfrie menneska eg veit om, og inviterer med glede 40 personar til songkveld. Linn kokar rømmegraut og risgraut og så tek alle med litt mat kvar til eit stort bord. Så blir det song og prat og god musikk. Sidan det var Luciadagen vart gjestene på eit tidspunkt invitert med på å gå i Luciaprosesjon gjennom nabogatene, synga Luciasongen på italiensk og dela ut nybakte lussekattar frå ei stor korg.
I invitasjonen vart me og inviterte til å ta med noko kulturelt viss me hadde noko me ville dela. Eg fann ut at eg kunne vidareføra stuntet med salmevisa eg skreiv natt til torsdag. Ti minutt etter eg hadde lagt teksten ut på nettet fekk eg ei lydfil frå Arne Martin der han nynna ein melodi han hadde laga samtidig med at han las teksten i ein liten pause mellom to skulegudstenestar. Arne Martin er eit raust og gavmildt.menneske, som saman med notarket eg fekk seinare på dagen skreiv ei melding om at dette kunne eg bruka akkurat som eg ville, dela med andre eller leggja ut på nett om eg hadde lyst til det. I kveld song me denne teksten for første gongen. Det var fint. Sidan eg har begynt å dela legg eg ut her og.

Eg seier som Arne Martin. Bruk viss dokker har lyst. 🕊️✨
Heidi