
Sundag kveld kom me heim frå Korsveifestival i Seljord, og som alltid kjende eg at me hadde fått vera med på noko stort, fint og livgivende. Eg tenkte at nå må eg setja ord på litt av det eg kjenner før det blandar seg og blir litt borte i alt det andre som er sommaren.
Biletet over er frå avslutningsgudstenesten som på beste Korsveimaner vart feira med «Alle rundt alteret» i det store sirkusteltet. Liturg er Torhild Larsen Nygård. I tillegg til liturgi bidrog ho med fantastisk song som fekk det til å gå ilingar nedover ryggen min. Stas var det og at Iben fekk vera ein av barnemedhjelparane denne dagen, som saman med andre barn fekk koma inn i prosesjon og bidra med tegnspråkvarianten av samlingsbøna. Legg merke til kor vakkert altaret er laga og pynta. Dei estetiske elementa er ein viktig del av denne opplevinga av heilskap som Korsveifestivalane alltid byr på.
I tillegg til dei daglege «Alle rundt alteret -samlingane» med masse flotte songar og festivalband leia av Tore Thomassen, har det i mange år vore ei fortsetjingshistorie der både barn og vaksne er med som forteljarar og skodespelarar. I år var temaet «Det hemmelige tegnet». Samlingane blir ramma inn av liturgiske songar. Det er alltid så sterkt når barna med klare barnestemmar mot slutten av festivalen syng aleine «Gud skap i oss tro, håp og handling, Herre hær vår bønn.» Menn, kvinner og ungdomar syng og same bøna aleine, men det er barnestemmane som verkeleg rører noko i meg.
Ein Korsveifestival er intense dagar inne i ei slags festivalboble. Det er ulike seminar, samtalegrupper, verkstadar, barneverkstadar, konsertar, leik, dans, konsertar, filmar, bibeltimar, folkemøte, felles middagslaging og måltid på tuna, det å treffa kjende og ta ein prat i vrimlehallen for å oppsummere livet som har gått sidan sist, eller å gjera avtalar om samarbeid, soveposesamlingar for barna og bål og samtalar på tunet om kveldane og mykje meir. Eg har ofte prøvd å få med meg absolutt mest mogleg av seminar, konsertar og kurs fordi det er så mykje fint å velja mellom. Denne gongen hadde eg bestemte meg for å leva litt meir tilbakelent sidan me hadde med oss barnebarnet på sju og eit halvt år. Det aller viktigste for oss var at ho skulle få ei god oppleving. Det viste seg at litt tilbakelent var veldig fint det og.
«Korsveibevegelsen» har på ein måte vore ankarfestet og ryggrada i truslivet mitt dei tretti åra me har vore med der. For meg var det befriande og sterkt å finna ein stad der engasjement for verda, å fremma rettferd og å leva enklare gjekk hand i hand med kontemplasjon, djup andeleg søken og det å byggja gode støttande fellesskap oss i mellom.
Me var så heldige å få vera med i eit tunfellesskap med mange barn, der Iben kjende nokre av barna frå før. Der fekk me og plass til nokre av vennene våre i «besteforeldrealder». Etter å ha vore i fleire år på «Tun for vaksne utan barn», var det rett og slett fantastisk fint å ha masse ungar rundt seg igjen. Eg hadde trudd at eg kanskje ville kjenna litt på det å vera tjue år eldre enn dei fleste, men det hadde eg ikkje vett til. Eg var rett tilbake til den fasen då me reiste med mange venner med barn på same alder som våre. Eigentleg betyr det ikkje så mykje om ein er 35 eller 64 når ein er på Korsveifestival. I alle fall ikkje for meg. Me opplevde ein hjartevarm og fin inkludering på tunet, og eg skulle gjerne hatt mykje meir tid til gode samtalar med dei som budde der
Iben hadde det akkurat så fint som eigne barn har hatt det på Korsveifestivalane. Ho var på eit spennande kurs i drama/ teater over fire dagar, leika med barna på tunet, var i badebassenget, rei på ponny, klappa sauer, vart hekta på keramikkverkstaden i den stille hagen og laga mykje fint der, åt is, drakk pulverkakao, laga porsjonspizza og grilla marshmallows og bananar, sov i telt og sovepose for første gongen, gjekk i karnevalsopptog og var på folkefest. Ho og andre barn frå tunet malte akvarellar som dei selde på den store basaren der inntekten gjekk til krigsramma i Palestina. Ho fekk til og med vera med på nattkafé klokka halv elleve om kvelden og eta vaflar med dei vaksne. Grensa gjekk først då ho foreslo «døgning». Det skulle nemleg mange av ungdomane gjera siste natta.
Det at det første natta regna gjennom teltet slik at ganske mykje vart gjennomvått, at den doble luftmadrassen lakk slik at nokre av oss landa på bakken to netter på rad, og at det dei siste tre dagane var tretti grader og stillestående luft, vart nærmast for bagatellar å rekna i den store samanhengen
Takk til deg, Korsvei, for all inspirasjon, glede og gode opplevingar gjennom det eg trur er ca 15 festivaler. Du har betydd uendeleg mykje for meg.
Heidi

Eg må vel vera ærleg om at Korsveilivet er relativt hektisk, det er så mykje ein har lyst til å få med seg og så mange ein vil snakka med i tillegg til at eit og anna må ordnast. Den stille hagen er ein oase for ro, avslapning og ettertanke. Her kan du slappa av på ei stråmatte i graset, setja deg på ein benk med ei bok pw

Etter ein dag med mykje ver, styrtregn, torever, sterke vindkast og solgløtt vakna me i dag til det lova dommarveret med bortimot 30 varmegrader. Etter nok ei natt utan luft i luftmadrassen sånn midt på natta ei gong, var det fint å begynna dagen med keltisk morgonbøn. Biletet øverst viser eit transparent kunstverk frå teltet der dei keltiske morgonsamlingane er. Eg var litt seint ute, så i dag blei det ståplass på meg, men nydeleg oppleving likevel med fin keltisk liturgi, vakre songar frå Iona, og dyktige musikarar. Iona songane er spesielle for meg sidan eg i si tid var med og omsetja dei frå engelsk, og like etter var på besøk på Iona.
Ein annan hjartevarmande ting er alle menneske møta og gode klemmar frå Korsveifolk du har sett og blitt kjend med på tidlegare festivaler. Det er noko fascinerande med å møta ein del menneske annankvart år gjennom ein trettiårsperiode. Kvar gong eg ser dei er dei to år eldre og har teke i mot nye porsjoner liv i mellomtida. Det er vakkert og vemodig på same tida.
Barnebarnet har det fint her og imponerer så langt med stor sjølvstendigheit. Ho går inn på hendingar i teltet og set seg heilt greitt på ein heilt annan plass enn oss fordi då ser ho betre. Eg tek meg sjølv i å seia mange gonger til dagen: » Spør far», » Kanskje far har ordna det…» Då meiner eg ikkje pappa, men morfar. Ikkje alltid lett å hugsa kor i livet ein er.
Dagen går snart inn for landing. Iben er i teltet klar for å sova etter å ha teke ein kveldsdusj for tjue kroner med myntinnkast. Me har laga stor fellesmiddag i tunet og Iben har bada, vore på teaterkurs, ridd på ponny, laga keramikkfigurar og vore på oppdagingsferd med mormor i den stille hagen. Det har vore ein intens, lang, fin og varm dag.
Eg er så imponert over folka på tunet. Nokon har teke med seg pizzaovn og laga pizzadeig, sett fram ingrediensar og invitert alle til å laga sin eigen kveldspizza. Eg og Iben har laga kvar vår. Leif er på Taizébøn i teltet og gått glipp av evenementet.
Heidi


Eg har innvilga meg eit aleinefriminutt i Vrimlerommet i Husdyrhallen. Har lagt frå meg briller og regntøy og kjøpt meg ein iskald Oscar Sylte med ananassmak utan sukker. Det er fint å vera i denne verda eg bur i ei lita veke annankvart år.
I år er me «barnefamilie» igjen. Me henta med oss Iben på snart åtte i går morges for at ho skulle dra på festival med mormor og morfar. Det var ei spent jente som sette seg i bilen med høge forventningar til kva som skulle skje.
Me var så heldige å bli inviterte inn på eit tun med mange barnefamilier, fleire av dei frå Bryne, så Iben hadde nokon der ho kjende litt frå før. Overnatting i lavvo og soving i sovepose var i seg sjølv nytt og spennande. I natt kom århundres regnskyll med vidopne himmelsluser, og det nyimpregnerte teltet vårt viste seg å ikkje vera veldig vanntett. Iben og eg vakna nesten utan luft i madrassen og med partier av golvet dekka med vatn. Bøker og tegnesakar var godt oppbløytte, og det kan tenkjast at strikketøyet mitt kan vrist opp…Heldigvis var kleda i vanntette koffertar og bagar.
Dei fantastiske tunhøvdingane frå Bryne har sett opp ein speidarpaviljong der me alle kunne sitja tørt og eta frokost. Så var det ein av mine Korsveifavorittar: «Alle rundt alteret» med Tore Thomassen sin ukulele og spennande fortsetjingsforteljing. Etterpå var eg med Iben på spennande kurs i drama/teater med ein veldig flink teaterlærar.
Høljeregnet stansa i løpet av føremiddagen. Nå er det meldt nytt høljregn, torden og kastevind, men akkurat nå er det 25 grader. Dei lever spennande i Seljord reint vermessig. Nå kom mi gode venninne Astrid, så nå skal me ha ein god samtale marinert i Oscar Sylte og oppdatering av levd liv. Skriv meir seinare 😊
Heidi

I dag vart det tidleg frokost i lag med feriegjestene som ville austover etter fire netter hos oss. Det har vore så fint med besøk.
Etter at dei hadde reist, bestemte me oss for å dra på gudsteneste på Undheim. Sommargudstenestane alternerer mellom dei ulike kyrkjene i soknet, sidan mange er reiste på ferie og dei i staben skal ha sine velfortente sommarfriveker. Og i dag var det altså Undheim som var staden.
Det er sjeldan eg er i Undheim kyrkje, så dette gledde eg meg til. Eg håpa det skulle bli ein fin og lys sommargudsteneste der me fekk synga nokre fine sommarsalmar. Slik blei det og. Medan eg var der tenkte eg på noko eg ofte har tenkt: Det hadde vore så fint å få til å skriva ein slik salme med mykje lys og mykje natur. Kunsten er å få det til utan å detta i klisjégrøftene, utan å naivisera på ein platt måte, og utan å leggja inn for mykje tyngde. Eg innbillar meg at slikt var lettare før… Me lever i ei tid der det ikkje skal mykje idyllisering til før det blir til lite truverdige glansbildet.
Nå i ettermiddag klarte eg ikkje å dy meg. Eg måtte setja meg ned for å prøva å skriva den sommarsalmen eg drøymer om å få til å laga ein dag. Eg reknar ikkje med at dette er ein ferdig tekst, så eg tek gjerne i mot tilbakemelding om kva som fungerer for deg som les, og om kva som ikkje fungerer, og kvifor…
I dette utkastet har eg vald å la siste verset vera i eg- form, altså første person eintal. Først hadde eg skrive dette verset og i kollektivt fleirtal, altså me og oss i staden for eg og meg.
For lenge sidan gjorde nokon meg merksam på at dei fleste salmane mine var skriven i ein pietistisk stil, fordi eg som oftast skreiv eg/ meg og ikkje vi/me/oss med kollektivt fleirtal. Det hadde eg ikkje tenkt på… (I denne samanhengen pietistisk på grunn av pietismen sitt inderlege og litt private fokus på «meg og Jesus/ meg og Gud») Av og til vel eg nå heilt bevisst å bruka denne forma, og andre gonger vel eg heilt bevisst den kollektive forma. Kva fungerer best i dette tilfellet, mom tru?
Og her kjem første utkastet til min sommarsalme. Eg ser for meg at melodien enten kan vera som dette med seks strofer/vers, eller at melodien kan vera slik at to og to av dei korte versa kan slåst saman til tre lengre vers:
Takk til Gud for sommarsundag,
grøn og lys og mild og fin.
Nå skal blåklokkene kima
i ei grøft der sola skin.
*
Sjå på vatnet voggar liljer,
trygt i tillit, utan ord,
Kviler mjukt mot skaparverket,
kviskrar taust at Gud er stor.
*
Du som skapte tiriltunger,
gras og humler, tre og reir,
gi oss kjærleik til å verna
livet, du som elskar meir.
*
Sommarregn skal vaska molda,
slik at jorda nok ein gong,
gir oss gras og korn og blomar,
glede, frukt og fuglesong.
*
Livet lengtar etter mogning,
gjennom vinter, haust og vår,
året skiftar, nye somrar,
livet lever, tida går.
*
Takk til Gud for sommarsundag,
eg og livet bur hos deg,
kviler trygt i sommartillit,
hald meg fast, og vis meg veg.
Heidi


Når sommaren plutseleg bare er her,
uventa,
for kven kunne vel ha forventa slikt,
når alle dører og vindauge må opnast,
og blomane koker i kvar sine verandapotter,
når lufta vibrerer mest utan pust frå vindane,
og bare ei skjære kastar skuggar
over ansiktet ditt i hengekøya,
i nokre sekund før ho tek til vengene att,
for kroppen din har lagt seg ned i andakt
for å bare ta i mot,
for akkurat nå varmar sola så ubluferdig,
medan tankane dine dovent gyngar
og du tek på den store solhatten,
tenk at du nokon gong skulle få bruk for han på ekte,
og møter orda frå bøkene
du har teke med deg ut
for å bu i med heile deg,
og ikkje gjera stort anna
heilt til du plutseleg blir henta til andre oppgåver,
og det kan bli lenge til,
sjølv om du sikkert burde ha rydda i utestova
og latt basilikum og rosmarin få betre plass mellom ugraset,
men du veit det er i dag det er sommar,
og det trumfar det meste,
enn så lenge.
For resten er det absolutt mogleg
å koma tilbake til
om ein dag, eller ei veke,
eller kva dag det måtte passa deg.
Sommaren er hastig utålmodig og heftig,
han må du møta den dagen det let seg gjera,
bare ta i mot han,
med hud og opne sansar,
utan å stilla spørsmål.
Heidi



Sidan eg klaga litt sånn inndirekte over mangel på sol og varme, skuldar eg nesten lesarane og livet ein liten rapport frå ein solskinsdag og.
I går snudde veret, og skodda revna til fordel for sola. Me fekk vera med på å feira ein femårsdag med pølser på grillen i hagen og opne dører mot sommaren.
I dag vakna me til sol og varme og huset fullt av hyggelege sommargjestar. Halvard dukka og opp, på veg til hyttetur med kompisar, og vart henta på flyplassen av Oscar og Hugo. Så hadde me frokost/ lunsj – alt etter tid for oppstode. Me var ti rundt bordet, og åt surdeigsbrød og nysteikte vaflar. Etterpå måtte dei fleste av oss ut i sola
Smaken av rips og solbær frå hagen er for meg veldig smaken av barndomssommar. Endeleg har vår eigen ripsbusk begynt å bera litt, så sjølv om ikkje alle bæra var mogne endå, fekk eg plukka ein drøy liter som me skal ha som dessert med vaniljesaus etter grillmiddag i kveld. Bare me er flinke å dela, så blir det nok litt til kvar.
I går hadde me eit lite uhell i heimen. Glaset vårt med surdeigsstartar datt i golvet og knuste, og fordi me har ein viss respekt for pulverisert glas i mat, måtte me konkludere med at nå hadde me ikkje meir surdeigsstartar. Heldigvis kjenner me Kari, og når eg fekk lagt fram problemstillinga vart me inviterte til å henta eit glas hos henne. I tillegg insisterte ho på å senda med oss både brød og rundstykke etter teorien om at den som har mange gjester treng mykje brød. Så mange gilde folk me kjenner.
Når eg kjende kor godt sola varma fekk eg uimotståeleg lyst til å sykla ein liten tur bare for å minna meg sjølv på kor godt det er å sykla i sommarkjole gjennom sommarvarmen. Hjelmen fekk vera med sjølv om eg hugsar frå barndommen, den farlege tida då ingen brukte hjelm, den gode følelsen av varm vind i langt flagrande hår.
I Sandtangen veks markblomane tett langs stien,bog det myldra av humler og sommafuglar på jakt etter nektar. Eg måtte stansa og prøva å fotografera, men sommafuglar og humler har ein tendens til å stikka av når dei er ønska som fotomodellar.
Nå sit eg på ein tømmerstokkbenk på den andre sida av Midgardsormen og skriv på mobilen medan fuglane held konsert. Snart får eg snu så eg rekk heim for å laga salatar. I dette hjørnet av verda veit me at sommaren må nytast den dagen han flyr forbi. Det viste seg å vera i dag. Det ser til og med ut som om han stansar eit par dagar til før regnet kjem på måndag. Så kjære sambygdinger, stans opp og nyt. Det er nå det er sommar.
Heidi

Biletet over tok eg på sundag i gamle Stavanger. Det har med seg litt av den fargerike og uperfekte sommarsjarmen eg hadde lyst til å formidla.
Akkurat nå ligg eg på magen på ein sofa i hagestova der eg har opna dørene og kan kjenna sola varma meg. Litt sol takkar me ikkje nei til. Hetebølgjer i Europa i juni og juli har me med all respekt merka lite til her på sørvestlandet, og det bør me kanskje djupast sett vera glade for.
Heldigvis har me ein viss realkompetanse i å takla sommarregn og sommervind, så me klarer oss vel ganske bra enten me småhutrar i shorts og T-skjorte i 16 grader, eller me tek på ullgenser, regntøy og støvlar og går oss ein lang fin tur i regnet. Nå har dei lova oss nokre dagar med temperaturer på over 20 grader, og det passar bra, for i dag får me den første runden med sommargjester. Eg har laga rabarbrapai med rabarbra frå eigen hage, og Leif kokar spaghettisaus og bakar surdeigsbrød.
Sist eg skreiv ein sommartekst he, okka eg meg litt over store ryddeoppgåver. Til mi eiga overrasking er eg i mål både med rydding av arbeigsrom og rydding av ting eg tok med meg heim frå skulen. Det er nesten for godt til å vera sant,
sjølv om eg har brukt nesten ei veke av sommarferien til å få det til. Til trøyst og oppmuntring har eg høyrd på store mengdar podcastar: «Sommar i P2» og svenske «Sökarna» og «Dålig liturgi dödar». Den siste er laga av to svenske teologar som tek opp eit vidt spenn av tema med humor og nysgjerrigheit. Eg innser at den poden er litt smal, men ikkje så smal som det høyrest ut til, så gi han gjerne ein sjanse.
Den nyaste hobbyen min er at eg googlar langtidsvervarslet for Seljord ca kvar tredje time. Grunnen til det er at me komande tysdag skal slå opp den gamle lavvoen vår på Dyrskuplassen i Seljord for å vera med på Korsveifestival. Dette har me gjort annakvart år sidan dei to yngste barna våre var bittesmå for sånn ca tretti år sidan. Det har vore til stor glede og begeistring, og eit meningsfullt ankerfeste for det meste eg trur på. I år skal me ha med oss det eldste barnebarnet, og eg håpar det vil bli ei fin oppleving for henne og. I år blir dette det aller viktigaste fokuset for meg. I tillegg gler eg meg til programmet og til å vera der i lag med gode venner. Nokre av dei ser me veldig sjeldan fordi dei bur langt borte.
Og korfor skulle veret vera så viktig? Det lurer eg og på, eg kan ikkje hugsa at eg stressa med festivalveret for tjufem år sidan og sånn. Kanskje forklaringa er at då hadde me ikkje mobilar, og då fantest ikkje yr langtidsvarsel heller. Då fekk m vel ta det som det kom… At det skal regna når me kjem ser ut som ei urokkelig sanning, men me har slått opp lavvo i regn før. At det i tillegg skulle vera 27 grader stod for meg som rein bonus, for i lesande situasjon var det ca 12 grader her. Dei komande dagane såg først lovande ut, men så melde dei plutseleg regn tre dagar i strekk. Så vart det komande veret bra igjen. I dag morges var dei på ny over på tre dagar med regn, men for eit par timar sidan melde dei opphald på onsdag og moglegvis nokre små regnbyger på torsdag. Eg veit jo at me rett og slett får ta det som det kjem. Kanskje er det god trening i bekymringslaus livsglede for 64 år gamle damer å tenkja at campinglivet blir kjempefint enten det regnar eller ikkje.

Elles har eg endeleg fått tid til å fordjupa meg i Nottp R Thelle sin fyldige, grundige og veldig interessante biografi om Carl Ludvig Reichelt. Det er ei bok som ein må lesa litt langsamt for å få med seg alle aspekta, men eg anbefalar ho verkeleg.
«Hugs at nå har du ferie, du må ikkje bare jobba…» sa ei velmeinande venninne til meg då eg sa noko om kor fulle dagar ein fort får sjølv utan dei vanlege timane på jobb pluss før- og etterarbeid… Eg trur det er det eg skal gjera akkurat nå, slappa av litt… Kanskje sesonginnvia hengekøya?
Heidi

Eg innser at eg truleg aldri vil erfare det å kryssa mållinja etter eit gjennomført maratonløp. Eg vågar likevel å seia at det var litt same kjensla å fullføra løpet som sjuandeklasselærar. Dei siste månadane skjedde det så mykje heile tida, det var intenst og fint og travelt, og så var det samtidig det at eg skulle rydda meg sjølv og kassane mine både fysisk og mentalt ut av ein arbeidsplass der eg har halde til i 39 år og hatt det veldig bra.
Siste dagen gjekk eg heim med blomar, vasar, sjokolade, små gavar og store mengder kort og gode ord. Betre avskjed kunne eg ikkje fått. Det kjendest som om eg kunne skiljast frå alle, både små og store, med bare gode kjensler og gjensidige ønske om alt godt. Det var fint, vemodig og godt å kunna leggja seg ned litt på andre sida av målstreken, før det var å koma seg fort på føtene att for å rydda resten.
Etter ei fin jonsokfeiring med familien, med open dør mot bålpanna på terrassen, og regnet silande ned som seg hør og bør i dette hjørnet av verda, sette me oss i bilen og kjørde austover for å få nyta nokre dagar med det yngste barnebarnet, og alle dei andre me har der borte, medan førstnemnde framleis er nyfødde. Det vart ei fin veke, delvis innlosjerte på diakonissehuset, i deilig austlandsk sommarver med tjue grader pluss, som det så fint heiter i songen.
Nå har me vore heime sidan sundag, og sjølv om me har ferie, er dette ein liten smak av livet som kreativ lausarbeidar. Eg har skrive nokre timar kvar dag, noko som er ei rein glede, og eg har klart å skubba meg sjølv ut døra nesten dagleg, fordi eg har pålagd meg sjølv at nå finst det ingen god unnskyldning lenger for ikkje å gå ein tur kvar dag 😬
Så er det det som i utgangspunktet er det minst lystbetonte: Ein ny omgang med rydding. Eg har bore med meg alt eg ikkje hadde hjarte til å kasta på skulen i mange, mange berenett som framleis står på golvet i tøyromet i kjellaren. Arbeidsromet her heime har og vore ein nokså forsømt arena dei siste månadane, så der må det ryddast og reinskast for å få plass til det nye rotet… Og ikkje nok med det. Hyllene der med skrivesaker, diktbøker, teologiske bøker, eventyr, strikkeoppskrifter og formingsutstyr er så fulle at det ligg stablar utanfor bøkene slik at alt ramlar ned om eg prøver å leggja frå meg ein kulepenn der…
Nokon har sagt det så fint at det å rydda i gamle sakar er som ei oppdagingsferd og ein erindringstur i eige liv. Det fortel eg meg sjølv, og til ein viss grad er det sant. Faren er at ein blir veldig frista til å bla gjennom gamle bilete, boka du aldri fekk lese, og korta du ikkje har hjarte til å kasta.
Nå ryk store deler av diktsamlinga samlinga mi. Med kollegial respekt og nysgjerrigheit har eg i alle år plukka med meg diktsamlinger på sal i trådkorger utanfor bokhandlar, og i gratiskassar på opprydding i diverse bibliotek. I tillegg har eg kjøpt masse diktsamlinger fordi dikt oppriktig interesserer meg. Det gjer vondt å kvitta meg med ein tredjedel av dei. Ein høgare prosent klarer eg nok ikkje å prestera… Eg har nå rydda i fire- fem timar over to dagar, og berenetta i kjellaren er eg langt frå å kunna nærma meg. Eg må og innrømma at eg rotar forferdeleg når eg ryddar. For å vera ærleg rotar eg same kva eg gjer. Eg har alltid beundra at nokon kan laga fem retters middag, ha 30 elevar i kunst og handverksavdelinga eller baka sju slag julekaker samtidig medan dei har det tilnærma heilt ryddig rundt seg… Kanskje er det ikkje for seint å bli ein veldig ryddig person, men eg er stygt redd for at det kan eg bare gløyma
Det positive og fortrøystningsfulle er at eg er vant med å manøvrere i mitt eige rot, så det har eg ganske høg kompetanse på.
«Det er klart du må unna deg å ha ein ryddig og fin plass der du kan sitja og arbeida,» sa Torhild til meg ein annan gong eg rydda arbeidsromet. «Det fortener du,» trur eg jammen at ho la til… Så her er det vel bare å stå på… Enten ein time til dagen det første halvåret, eller eit skikkeleg skippertak nå… Ein kombinasjon av dei to høyrest kanskje best ut… Og nokon vil kanskje leggja merke til at for nokre menneske fell det lettare å skriva lange tekstar om rot og rydding enn rett og slett å rydda…😬

For å heva blikket litt. Denne flotte jenta her fyller 36 år i dag, og eg gratulerer henne med ord og varme tankar. Gratulerer med dagen, Ingrid! Eg trur ho er sånn omtrent det mest kreative barnet eg nokon gong har møtt, så valet av briller er ikkje tilfeldig.
Livet går fortare enn eg kunne ha forestilt meg. På biletet er ho omtrent fire år gammal. Eg budde nettopp i barndommen hennar, nå er eg så heldig å få ha beina mine i barndommen til døtrene hennar. Ha ein fin sommarmånad alle de som les her. Eg skriv nok meir etterkvart.
Heidi

Det finnest høge tider. Tider der sekund, minutt og dagar strekkjer hals og hever seg som høge spisse fjelltopper over eit lågare og meir monotont landskap. Det er desse fjelltoppene som først spring deg i auga når du snur deg og ser deg tilbake. Det er desse tidene du først vil hugsa når du tek eit overblikk over eigne tider. Det er minutt som brenn deg inn i sjela di på ein måte som gjer at du aldri gløymer dei.
Eg høyrde ein gong ein definisjon, eller kanskje snarare ei forklaring av korfor me bruker ordet «høgtid». Det er tider og dagar som stikk seg ut fordi dei er viktigare enn andre dagar, og derfor vil raga over dei som fjell i eit landskap av tid. Det er ei vakker forklaring.
For meg er det å møta eit nyfødde barn høgtid. Å få halda eit nyfødde menneske er noko av det sterkaste eg veit. Når dette mennesket er ditt eige barn eller barn av ditt eige barn, er det sterkare enn noko anna eg opplever.
Ei slik høgtid hadde eg på fredag. Bare synet av den vesle guten sende varmebølgjer gjennom hele kroppen min. Etter å ha forsikra seg om at hendene er reine og at ein ikkje merker snev av forkjølinga eller anna potensielt smittefarlig i eigen kropp, og så få lov til å løfta opp eit lite menneske på litt over tre og eit halvt kilo opp med hendene sine og leggja det mjukt og forsiktig i armkroken.
Å så få sitja der i lange heilage minutt og kjenna varmen og den nesten ikkje merkbare tyngda av ein liten kropp. Å stryka ein finger gjennom mørke hårfjoner som kjennest som silke mot fingertuppane, leggja ein naken liten fot med tær mindre enn maiskorn forsiktig i handflata si, finna kjende trekk i eit bittelite ansikt og sjå eit auge opna seg søvneg etter djup, salig mjølkesvevn. Nyfødde blikk er avgrunnsdjupe, dei ser ut til å spegla noko me andre har kome til å gløyma.
Bare sitja slik og telja den fjørlette pusten som vekslar i rytme, sjå det vesle mennesket strekkja kroppen mot vaken tilstand, grynta svoltent og leita med ein bitteliten munn etter kjelda for meir mat. Sjå det vesle mennesket bli agt til eit bryst, og kjenna att lydane frå eit diande nyfødd barn. Merka at kroppen din hugsar så godt at dei same ilingane går gjennom deg som den gongen det var du sjølv som hadde mjølk å by på. Så etter ei stund få eit mett og fornøyd spebarn tilbake i armane og kjenna at det sovnar igjen.
I dag er det pinsedag og høgtidsdag for oss alle. For den som nettopp er blitt mormor, er det dobbel høgtid. Eit nyfødd lite menneske utløyser hos meg ei kjensle som minner mest om forelsking. Helst skulle eg ha site der med spedbarnet heile dagen…
Tenk kva krefter og kjensler som er lagde ned i menneskenaturen for å få oss til å verna om dei aller svakeste og mest sårbare me nokon gong får i hendene, og tenk kor sterke livskrefter det ligg i eit nyfødd menneske.
Heilagt vere livet med kvardager og høgtider. Velkomen til livet vesle dotterson, og velkomen til livet alle andre små nyfødde. Måtte me som har levd ei stund og burde ha vit, klokskap og erfaring makta å gjera det til ein god plass å vera for dykk alle saman.
Heidi