
Tysdag morgon vakna eg før halv seks og kjende meg for ein gongs skuld lysvaken så tidleg på morgonen. Då eg kom på jobb snakka eg litt med kollegene mine om kjensla å gå og venta på eit nytt barnebarn og uroa i kroppen ved tanken på at dotter di skal gjennom ein fødsel.
Klokka ni går første økt på Bryne skule over til å bli andre økt utan friminutt mellom. Eg kastar eit blikk på mobilen og held nesten på å besvime. Der ligg det eit bilete av Sunniva med ein nyfødd liten gut på brystet. For ei glede, alt var bra.
Tenk at eg hadde billett til Oslo klokka eitt to dagar seinare. Dette kunne ikkje vore betre. Fram til togavgang kom det til å vera bånn pinne, bokstaveleg talt, med akkurat nok klaring til å gå ned til toget og rett frå klasserommet og ha rimeleg god tid. Eg heiv ustrokne klede i kofferten og tenkte at det meste kunne ordnast når eg kom fram. Med litt for lange dagar og litt for korte netter gleda eg meg til å slappa av på toget med lesing, strikking, kviling og kanskje til og med litt soving. Av erfaring veit eg at ein togtur ikkje alltid er ein togtur, men eg håpa på det beste.
Eg må innrømma at det var litt nedtur då det tikka inn ei melding om at togturen var kansellert og at det blei buss for tog… Etter å ha øvd til ei stor forestilling med 60 sjuandeklassingar i siste timen min, gav eg kollega Ole beskjed om at eg bare måtte skunda meg, og til kollega Lise at eg ikkje fekk tid til å rydda vekk kniv og skjerefjøl, og at ho måtte vera snill å ta vare på iPaden eg ikkje hadde tid til å leita etter, fordi eg måtte få kjøpt litt mat til turen. Eg hadde nemleg tenkt å unna meg luksusen av å kjøpa noko på toget.
Då eg kom ut frå Narvesen ved stasjonen, vart eg innhenta av ein for meg ukjend mann. Han såg på kofferten min og lurte på kor eg skulle hen. Jo, eg skulle med buss for tog til Oslo. » Då skal du vera med meg, » sa han og tok kofferten min. «Det kjem vel ein buss?»spurde eg. «Nei, eg skal kjøra deg til Krossmoen, så skal du ta buss der i frå». Så bar det inn i taxien der det allereie sat ein passasjer. Me blei fortald at reisande frå Bryne skulle fraktast via Bjerkreim for å spara tid.
Vel framme fann han ein bussholdeplass det han meinte han skulle setja oss av. Eg bad han sjekka ein ekstra gong at sjåføren på hovudbussen visste me stod der, for denne stoppe staden låg verkeleg midt i ingenting. Han ringde og fann ut at bussen som skulle plukka oss opp var minst ein halvtime forsinka. Ute høljeregna det. Han ringde taxisentralen for å finna ut om han skulle setja oss av der eller venta til bussen kom. Litt unnskuldande, fortalde han at han måtte setja oss av, men først bar han bagasjen min inn i eit busskur som heldigvis var der.
Eg trøysta meg sjølv med at dette ikkje var noko stort problem. Barnet var kome trygt til verda, eg hadde ikkje blitt forkjøla slik at eg måtte halda avstand når eg kom fram, eg var på veg til Oslo, og ikkje minst, under tvil hadde eg teke på ei tjukk ullkofte under regncapen, så eg fraus ikkje ein gong…
Omsider kom bussen, som viste seg å vera ein vanleg rutebuss. Stort sett er eg imponert over kor godt folk taklar slike situasjonar som dette. Det var munter stemning på bussen, men eit par var litt oppgitte over å ha stått ein time i regnet og venta på bussen utan å ha fått beskjed om buss for tog i så god tid at dei fekk tid til å handla seg mat og drikke. Dei fekk etterkvart dela ei vannflaske sjåføren hadde kjøpt til deg sjølv, og eg kunne by dei på eit par riskjeks. Det var ein buss utan toalett, så nokon bad om tissepause. Sjåføren stoppa ein plass der det var toalett, men bad folk skunda seg alt dei kunne sidan me var veldig forsinka allereie. Eg bestemde meg for å håpa på ein litt lenger pause etterkvart… Men sjåføren var ein blid og hjelpsom sørlending som prøvde å halda humøret oppe i folk. Han forklarte at for hundre år sidan tok det fire døgn å koma seg til Oslo, og at dei skulle garantera oss å vera framme i løpet av kvelden.
I Kristiansand fekk me nyta luksusen å få ein ekte turistbuss med behagelege sete og store vindauge. Då gjekk det fort framover på motorvegane. Før Kristiansand hadde det vore reine mjølkeruta det me var innom fleire små stasjonar for å plukka opp og setja av folk, men dei som skulle på etter Kristiansand hadde sikkert for lengst blitt frakta med andre bussar.
På Lysaker stasjon vart eg tatt i mot med opne armar av Eva Mari og blei kjørt heim til varmt brød og deilig suppe.
Eg er framleis ein svoren togtilhengar, og elskar å reisa med tog. Eg må likevel innrømma at eg drøymer om at heimturen skal gå på skinner… Så tenkjer eg vel at eg håpar togselskapa ser at dei har eit visst forbetringspotensiale om dei drøymer om å omvende fleire til å halda seg til transport via jernbanen.
Men visst er eg takknemleg for å ha kome vel fram. Tenk så heldig mormor eg er som fekk helsa på mitt nye barnebarn bare tre dagar etter at han vart fødd 🌱.
Heidi

For om to minutt er me i juni månad, og sommaren er her, reint teknisk sett i alle fall. Dette er som fredag ettermiddag når ein veit at ei lang helg ligg foran seg. Sommaren er favorittårstida mi, utan tvil. Før trudde eg at det kanskje var våren eller hausten, men eg har for lengst landa på at ingenting toppar sommaren.
Status i heimen i det me kryssar grensa til sommaren: Fire overnattingsgjester, tre små og ein større, ligg og søv, og det skal vertinna snart gjera og. I dag har eg og Eva Mari hatt barnebarnsdag i reiret mitt.
Iben, Hella og tremenningen deira Hugo har hatt ein felles dag i sola. Hella og Hugo, som er akkurat like gamle, og ser ut som om dei kunne ha vore tvillingar, har som alltid vore perlevenner og ligge på eit relativt høgt stemningsnivå heile dagen. Me har kost oss ute i sola der ungane har hatt vannkrig og hjelpt til med å spyla verandaen, så har me vore opptil fleire timar på ein leikeplass og avslutta dagen med tacomiddag, lørdagsgodt og eit undervannsprogram på TV. Så var det nedgiring og innsoving før Eva Mari baud på italiensk gourmetmåltid som vist på biletet innkjøpt på Bryne tidlegare i dag. Italiensk ost, pølser og kjeks saman med norske jordbær smakte heilt nydeleg.
Etterpå parkerte bestemødrene i sofa og lenestol og brukte rundt førti kroner på digital innleige av filmen «Tre menn til Vilma», som eg høyrde mykje fint om rundt jul, men aldri fekk sett. Det var ein fin film som det godt går an å nyta i mai og juni og.
Observante lesarar har kanskje oppdaga at dette var siste innlegget i mai-bloggen for i år. Me kom jammen i mål denne gongen og. Tradisjonen tilseier at sommaren er ei god tid for «Sporisand». Eg kjem nok til å skriva ein del i sommar og, men nå blir det etter lyst- og innfallsprinsippet. Takk for fylgjet. Det er inspirerande å oppleva at så mange stikk innom bloggen min. Me snakkast nok.
Heidi

Framleis har eg fine bukettar frå feiringa sist helg, og eg klarer ikkje la vera å fotografera dei før dei visnar. Eg liker forresten veldig godt å setja i saman blomsterbukettar sjølv, så nå frydar eg meg stort over at utvalet i hagar, enger og grøftekantar aukar for kva dag som går.
Det er koseleg å vakna til kaffi og strikking i stova. Eva Mari og eg brukte resten av føremiddagen på ein tur til Hå gamle prestegard med kunstutstilling, innkjøp av ein bitteliten vase og lunsj i kafeteriaen. Hå gamle prestegard er ein av favorittstadane mine her i livet. Me rakk innom ein liten tur på strikkebutikken der eg kjøpte knappar til dressen eg strikkar til framleis ufødde lillebror i Oslo. Termindatoen nærmar seg. Nå har eg kjøpt billettar til Oslo i pinsehelga og har klart å byta til meg ein ekstra fridag, i håp om at eg skal få sett han inn i auga og snust inn lukta av nyfødd baby før eg må heim igjen. Terminen er ikkje før den dagen eg set meg på ettermiddagstoget vestover, så det er vel minst like sannsynleg at eg må venta til seinare ut i månaden før eg får sett han. Det får tida visa. Nå har eg bare knappestolpane og festing av trådar att på dressen hans i alle fall, så det skal ikkje stå på den. Eg fekk nok garn, det hadde eg nesten ikkje trudd…
***
God tur, vesle gut.
God tur gjennom djupraude smerter,
tronge smug og mørke kanalar.
Velkomen ut til det skarpe lyset,
til alt du ikkje anar noko om,
velkomen til oss som ventar,
med heftig hamrande puls,
og store tåreblanke auge.
Måtte Gud velsigna den mest uventa reisa
du nokon gong skal leggja ut på,
og føra deg trygt ut til sjølvaste livet.
Her ute er mykje annleis enn det me helst ville ha bydd deg,
men vit at bjørka står grøn,
at epletreet blømer og svarttrasten syng.
Og vit at du er elska.
***
Diktet over er ei spontanskriven helsing i frå barnet si mormor som vel å posta det utan nødvendig lagring og ettertanke. Slikt kan heller koma seinare.
Heidi

På sundagsskulen i dag var det bare to barn, dei eg sjølv hadde med. Det var nok ikkje heilt logisk å gå på sundagsskule på ein torsdag, men det var fint å vera der sjølv om me vart bare fire. Hilde lærde oss å laga fine fuglar, og eg var minst like ivrig som barna…
Etterpå blei det ein kopp kaffi hos Ingrid før eg sykla heim for å få ordna forskjellig. Eva Mari kom i halv seks tida. Gerd plukka henne opp på stasjonen og i kveld har me tre kost oss i heimen med løkpai og tende lys og ledd mykje.
Eva Mari, som hadde eit vanleg sete på nattoget i natt, gjekk relativt tidleg for å leggja seg . Eg har eit strikketøy eg hadde problem med å lausriva meg frå strikketøyet, ein liten ytterdress til eit nokså nyfødd barn. Eg måtte få ferdig siste armen, få alt på ein pinne og starta på raglanfellinga. Eg er veldig spent på om eg har nok garn, og beste måten å finna ut det på er å strikka så fort eg kan… 🥳 Eg har sett to episodar av datoen mens eg har strikka: Den med Gunhild Stordalen og den med Yosef. Fin serie.
Heidi

Så vakkert var solnedgangen på Orre på sundag. Me har hatt uvande mengder sol og fint, tørt ver denne våren. Om det er bekymringsverdig at det er slik let eg liggja i denne omgangen. At det er vakkert må me ha lov til å gleda oss over.
I dag hadde dei opprinneleg lova regn. Heldigvis ombestemte meterologane seg, og regnet kom i går. Det passa godt for oss som skulle vera i Sandtangen med elevane i ei aldersblanda leseløype heile dagen. Det vart fint. Eg hugsar framleis at me hadde ein aldersblanda aktivitetsdag då eg gjekk i sjette klasse og at eg og Rune Edland og kanskje Else var på ei gruppe der me hadde med oss yngre elevar. Det gjorde inntrykk, og frå min subjektive ståstad var det utruleg mykje kjekkare enn dei idrettsdagane me hadde hatt kvart år fram til då. Eg trur aldersblanda grupper er ein fin måte å dela inn på av og til. Dei eldste får litt ansvar, og kan visa omsorg, og alle blir litt kjende med kvarandre. Nokre synest nok det er litt skummelt å vera i lag med sånne dei ikkje kjenner, men eg såg at dei aller fleste gruppene finn ut av det på ein god måte.

Etter å ha gått frå post til post første halvparten av dagen, var det grilling og fri leik på sletta ved vatnet etterpå.
I dag hadde eg mine siste «vanlege» skrivetimar i kulturskulen. Eg må innrømma at det var litt vemodig. Me øvde til bokpresentasjon på Mølla onsdag om ei veke, og skreiv mosaikk tekstar. Til slutt avrunda me med ein leik og ein kroneis for å markera at epoken var over. Etterpå rydda eg ut av hylla der eg har hatt ordskål, blyantspissarar, blyantar og stearinlys liggjande. Eg hadde mykje å ordna, så det var seint før eg kom meg heim. Skriveåret i kulturskulen er ikkje heilt avslutta. Framleis gjenstår bokslepp kunstutstilling og opplesing og skrivetur til Stavanger.
Heidi

Eg har så mange fine blomar etter feiringa i helga at eg må foreviga dei her kor dei ikkje visnar. I dag har eg hatt ein vanleg uvanleg tysdag. I lærarlivet er alle vanlege dagar uvanlege fordi det skjer så mykje ein ikkje veit om før det hender.
I dag har eg fått bruka heile undervisningsdagen min på å jobba med forestillinga me skal ha onsdag i den siste skuleveka. Me har eit luksusproblem på trinnet fordi nesten alle har lyst til å vera med på slike forestillingar. «Eg kan vel få ein rolle?» «Kan eg få vera med?» «Eg har aldri hatt ein av hovudrollane…»
«Eg har lyst til å vera med, men eg treng ikkje seia så mykje!» «Kan eg få dansa?» «Kan eg få synga solo?» Og på øvedagar: «Kan eg få vera med nå?» «Kor tid skal eg få øva?». Eg er så glad for det er sånn, og prøver å strekkja manuset slik at alle som vil får vera med.
Så liker eg samspelet om å utforma manuset. «Kan me gjera det slik?» «Kan eg få litt fleire replikkar?» «Nei, det blir feil, me må gjera det på ein annan måte?» «Eg har ein idé, trur du me kan forandra litt på den scenen der?» Eg synest det er så fint at dette er noko me gjer saman, så blir det små forandringar heile tida, og så prøver eg å førebu dei på at nå kan me snart ikkje forandra meir, og at me må passa på tidsrammene. Eg trur noko av det som gjer at eg liker denne måten å jobba på er at me lagar noko «ekte», noko som skal brukast til noko, noko me er saman om å få til kjempebra eller ikkje fullt så bra. Ulempa er at ein til tider må tåla eit salig kaos før alt fell på plass. Når meir enn seksti aktørar skal involverast i ein produksjon, kan det fort bli mykje lyd, mykje venting og til tider ein viss frustrasjon. Eg er likevel overbevist om at både barn og vaksne lærer mykje av desse prosessane.
I timane for pedagodisk utviklingsarbeid som me har kvar tysdag, hadde me besøk av eksterne kurshaldarar i dag som har jobba mykje med tilpassa opplæring, mellom anna for spesielt evnerike barn, som ofte kan kjeda seg i skuletimane fordi dei kan det meste frå før. Me hadde fokus på det å gi opne oppgåver, oppgåver som ein viss ein set det litt på spissen kunne gitt både til åtteåringar og til universitetsstudentar, der ein kan løysa oppgåva på mange nivå. Dette er musikk i øyrene mine, og noko eg på ein måte alltid prøver å få til. Det er ganske lett i fag som norsk og krle. Når eg av og til vikarierer i matematikk, synest eg at det er kjempevanskeleg å få det til.
I formingsfaget opplever eg og at dei litt opne oppgåvene er mest tilfredsstillande både for lærarar og elevar. Dette kan ha samanheng med at eg nok er meir glad i kunst-delen enn i handverksdelen. Sjølv om eg nok sjølv var ganske «flink pike» på skulen, så hugsar eg at eg blei frustrert over oppgåver av typen lim to gule vattkuler saman og lim på eit nebb av filt, teikn på auge med tusj og lim ein raud hanekam på toppen. Det føltest ikkje som om eg sjølv laga den påskekyllingen. Eg bare limte saman noko nokon hadde tenkt ut frå før. Litt manglande finmotorikk kan og ha spelt inn i opplevinga. Eg oppdaga ikkje før eg som lærar hadde prøvd meg på juleverkstad der eg hadde samla saman store mengder av alt mogleg i mange pappøskjer og stolt gav elevane beskjed om å laga sin eigen engel, at dette ikkje apellerte til alle barn. Nokon vart kjempefrustrerte av at dei ikkje fekk ein modell dei kunne sjå etter. Eg har etterkvart landa på at gode oppgåver bør vera slik at ein tek utgangspunkt i ein eller fleire modellar, og så kan dei som heller vil det få gjera det på heilt sin eigen måte. Eg har nesten alltid eit visst slingringsmonn når eg gir ei formingsoppgåve. Dersom nokon spør «Kan eg ikkje heller få gjera det slik?» tenkjer eg at eg bør ha gode grunnar for å koma med eit blankt nei.
Dei gongene eg har følt meg som litt vanskeleg og lite tilpasningsdyktig som lærar er når «alle» får den gode ideen at me skal ha faste formingsoppgåver som alle elevar skal gjera på visse trinn. «I fjerde klasse lagar me påskekyllingar med ski av ispinnar, og i femte klasse bles me ut egg og marmorerer dei». Då blir eg barnsleg og får lyst til å ropa «Eg vil bestemma sjølv! Halve gleda er jo å tenkja ut idear eller la elevane gjera det i lag med meg.» Likevel innser eg at dei andre og har litt rett. Eg har bare ikkje heilt villa la nokon diktera fridomen min. Eg har lyst på litt opne fagplanar i alle fag slik at me får tid til å gjera som me vil av og til, eller ganske ofte for å vera ærleg, men det seier eg ikkje alltid like høgt… Heldigvis for sånne som meg så har eg jobba på ein skule med ganske stort rom for fridom. Eg har likevel forståing for at ei viss einsretting må me ha. Utfordringa blir å finna den gode balansen og få til eit godt lagspel der nokre av oss får lov til å vera kreative, medan andre får bruka sine evner på å laga gode strukturar og system. Til saman bør det kunna bli noko fint. Så må både eg og dei andre vaksne ha i bakhovudet at det er viktigare at elevane får eit godt og variert tilbod enn at lærarane «får bestemma sjølv.» Likevel har eg stor tru på at ein er mest inspirerande og motiverande som lærar om ein får lov til å til ein viss grad fylgja eige hovud, hjarte og kreativitet.
Etter jobb var eg på møte i «Utval for grøn kyrkje». Det kjennest godt å prøva å vera med på å gjera kyrkja og lokalsamfunnet litt grønare og litt meir berekraftig. Eg veit at det meste er dropar i havet, og at dei store systema rår me ikkje over. Så trøystar eg meg med at havet består av dropar. Det kjennest uendeleg mykje betre å tru at ein kan gjera noko med det som er vanskeleg og urettferdig enn å resignera og tenkja at det kan eg ikkje gjera noko med. Dersom nokon har gode idéar til ting utvalet kan ta tak i, så tek eg gjerne i mot tips. Eg har ikkje bidrege med eit einaste spadestikk når det gjeld å forvandla grasplenen mellom kyrkja og vegen til ei blomstereng, men eg synest det er fantastisk at nokon har gjort det. Å vera med på å arrangera jordmesse saman med jorddøgnfestivalen i haust var og veldig fint.
Ein praktisk opplysning om nokon måtte ha interesse av å vita det. På Kristi himmelfartsdag skal eg og Hilde ha sundagsskule under gudstenesta i Bryne kyrkje sjølv om det teknisk sett ikkje er sundag. Så dersom du vurderer å ta med familien til gudsteneste i Brynekyrkja, så er det eit tilbod til barna akkurat som det er på sundagane.
Elevane har foreslått at me på eit punkt i forestillinga skal spela songen: «På tide, på tide, på tide å stå opp!» som vart spela på høgtalaranlegget om kveldane på leirskulen. Her heime burde eg skaffa meg ein app som gjer at det kvar kveld på eit visst tidspunkt gjallar fylgjande song gjennom huset. «På tide, på tide, på tide å få litt søvn». Strengt tatt hender det vel at nokon minner meg på det… Men alligavel…
Heidi

Etter å ha sett på dagsrevyen om desse forferdelege krigane som nesten ser ut til å vera utan ende, kjennest det rett å skriva eit innlegg om blomar og brød.
Brødet over er levert i rein godleik. Min kjære kollega Kari sende ei melding der ho antyda at ho snart kom til å ringa på døra for å levera eit brød. Det same gjorde ho på bursdagen min, og sidan både ho og Leif for tida er ihuga surdeigsbrødbakarar, har dei diskutert framgangsmåtar og oppskrifter. No hadde ho prøvd ut ein litt ny variant, og ville dela resultatet med oss. I likheit med min kjære mann har Kari det med å gjera ting skikkeleg og med stor energi. Eg veit at ho baker mange gonger så mange brød som dei et opp og driv gjevarteneste på brød i stor stil. Eit eksempel til etterfylgjing for fleire av oss. Legg merke til at det er merka med ICHTYS- fisken som er eit Kristusmonogram. Før ho gjekk sprang Leif ned i kjellaren og fann fram ein kakeboks det stod Merry Christmas på. Den fekk ho med seg heim fyld med hans andre bakepasjon: løvtynne, sprø, heimebakte knekkebrød. Eg liker den formen for deling.
Til bursdagen min fekk eg fleire gavar frå Gjenbruken. Slikt kan eg og lika. Kanskje me rett og slett har begynt å fjerna oss litt frå bruk-og-kast-kulturen. I tillegg fekk eg heimeplukka blomar og gavekort som skal vekslast inn i middagar og teaterbesøk. Det er mykje å gleda seg til.

Far hadde vore i hagen og plukka liljekonvall til meg. Ein nydeleg gave til bryllaupsdagen, sidan brudebuketten min bestod av sjølvplukka liljekonvall. Eigentleg skulle eg hatt sjølvplukka syrinar i skarlagensraudt, fiolett og kvitt, men det var ein litt sein vår i 1985, så dei var ikkje utsprungne. Eg trur framleis det hadde vore veldig fint viss det hadde blitt ein syrinbukett, men liljekonvall var plan B. Dessverre var eg som ofte elles tidsoptimist den dagen, så då eg stod i bestemor sin hage i brudekjole og plukka liljekonvall, nærma vielsen seg med stormskritt. Brudgommen begynte så smått å få panikk, og foreslo at me fekk klara oss utan brudebukett.
Den slags ville ikkje brura, kanskje me kan kalla henne Elvira Huskestuen, vita noko av. Ho plukka ufortrødent vidare og prøvde å ikkje la hælane på dei snøkvite skoa synka alt for langt ned i molda. Då stod plutseleg brudgommen der med eit kjekspapir frå ein pakke Mariekjeks og kom oppskjørta med fylgjande legendariske kommentar: Jammen, så røsk med deg noen, da, Heidi».
Merkeleg nok hadde eg kjøpt ein slags buketthaldar i kvit plast der blomane kunne setjast inn i små rom slik at dei stod i vatn. Min kjære forlovar Sissel fekk sitja i baksetet på folkevogna og laga buketten på veg til kyrkja. Eg trur ho vart litt bilsjuk, men ho klarte jobben med glans.
Me nådde vielsen. Leif og Sissel nådde til og med å sitja framme i kyrkja den obligatoriske tida og venta på bruremarsjen. Det er mogleg at me vart tre minutt forsinka inn, men det var fordi far er ein endå større tidsoptimist enn meg og ikkje dukka opp før i aller siste liten for å henta meg hos ei venninne og føra meg opp kyrkjegolvet. Medan me stod utanfor kyrkja og venta, høyrde eg gauken gala for første gongen det året. Eg prøvde å finna himmelretninga til der han gol, for eg har høyrt at det skal bety noko, men sidan eg er skikkeleg dårleg på himmelretnignar måtte eg gi opp det prosjektet. Og det var vel eigentleg heller ikkje det viktigste der og då, for då starta orgelmusikken. Framleis våt i håret etter ein dusj i aller siste liten, var far klar for turen opp kyrkjegolvet, og det var eg og.
Heidi

Nå sit eg på arbeidsromet og har flikka litt på eit manus. Samtidig har eg hatt ein prat med Torhild på mobilen. Etter nok ein festdag, kan eg beteikna meg som eit veldig feira menneske. Eg hadde ein sein og roleg føremiddag med litt rydding etter i går, og fekk bakt ein rabarbrapai. Eg trudde me hadde ganske mykje rabarbra, men stilkane var så tynne og skrantne endå at eg måtte spe på med eit finhakka eple.
Smaken blei i alle fall nydeleg.
Foreldra mine kom ned litt over halv tre, så reiste me ut for å eta middag i lag saman med dei herverande barna og barnebarna på Møllehagen. Etterpå reiste me heim til kaffi rundt langbordet hos oss, og med syster, bror, svoger og svigerinne var me fjorten til bords. Syster mi hadde og med seg kake, og eg fekk endå fleire nydelege blomsterbukettar. Stova er full av blomar, og det er så fint. Eg burde jo sitja der litt dei komande dagane bare for å ha glede av blomane medan dei framleis står der og gløder i vasane sine. Det har vore fantastisk. Nå er eg litt trøytt og ør i hovudet, så eg trur eg takkar for i dag med ein relativt kort tekst og sørgar for å gi meg sjølv litt kveld.
Heidi

Vi ska gå hand i hand genom livet du och jag…
Song dei ofte på radioen i barndommen. Det er ein rar ting at ein heilt vanleg dag møter du eit menneske du aldri før har møtt, og så viser det seg at det mennesket skal du dela dagane dine med frå nå og fram til æva.
At me har vore gifte og fornøgde med det i førti år er ikkje til å fatta. Ikkje at me har hatt det bra, det er fullt fattbart, men det at det er førti år sidan me gifta oss er ufatteleg.
Me bestemte oss for å samla nokre vennar og feira både bursdagen min i går og bryllaupsdagen i morgon. Me var seint ute med invitasjon, så ikkje alle kunne få det til, men me vart tolv til bords, eit antall som passar fint.rundt bordet vårt. Torhild ved pianoet er ein suksessfaktor for ein koseleg kveld. Me har ete kyllingsuppe, nybakt brød, laks, eggerøre og kaker og me har sunge, prata og hatt det fint.
Invitasjoner er noko eg har bestemd meg for å bli flinkare til når eg får betre tid. Det er så fint å vera mange i lag.
Heidi



For meg har 23.mai alltid vore litt spesiell sidan eg rett og slett er fødd på den datoen. Då eg var barn, syntest eg at det måtte vera den aller finaste dagen i den finaste månaden i året, og eg meiner å hugsa at den dagen var det alltid strålande sol, rett og slett ein dag for sommarkjolar og kvite knesokkar.
*
Så veit eg ikkje heilt kor tida er blitt av, for nå kan eg synga med i denne songen:

*
Klokka tolv i natt var eg omgitt av glade sjuandeklassingar i pyjamas som song «Hurra for deg som fyller ditt år.» Eg fekk heimelaga kort der det stod at eg var verdens beste lærar, og presang: ein godtepose det alle jentene i klassen hadde ofra litt av sitt eige tilmålte overnattingsgodteri. Slikt kan ein vera svak for…
Kvelden var veldig fin. Det er nesten litt vakkert at i ei tid fyld med fornøyelsar av alle slag er det ei stor oppleving å få overnatta på luftmadrass i klasserommet sitt. På dette viset har eg viss aldri fått så mykje merksemd for å kryssa ei datogrense.
Dagen har gått i eitt, Eg stod opp til vaiande verandaflagg, nytrekt kaffi, pakkar på bordet og helsingar frå alle dei fire jentene mine. Leif bad meg med på lunsj på kjøkkenet der me fekk flagg på bordet.
Eg har hatt fire koselege spontanbesøk, og fått fine blomar og heimebakt brød. Så er det alle helsingane på Facebook som eg må takka for her og. Eg trur ikkje eg har klart å henta opp alle, men intensjonen er å takka alle saman. Å ha bursdag på Facebook er som å oppleva at ei lang, lang rekkje menneske frå alle arenaer gjennom livet kjem for å gratulera. Eg ser for meg ein og ein person og blir takknemleg og berørt over kor utruleg mange fine folk eg kjenner og veit om: Gutar, eh …godt vaksne menn, eg gjekk på barneskulen med, folk frå vidaregåande og frå lærarskulen, folk eg har jobba med, menneske som har vore elevane mine, slike eg aldri har møtt, men kjenner via nettet, og så vidare. Slikt kan ein leva på i minst eit år. I morgon kjem det litt besøk, så då skal eg kosa meg med å baka og koka. Kanskje min heimeverande mann har lyst til å kosa seg med litt husmåking og praktisk tilrettelegging. Me satsar på hjarterommet…
Heidi