Gå til innhald

Hvor er buksa mi, hvor er skjorta mi

november 18, 2006

…Hvor er hullene som var på strømpelesten min? Hvor er Jespers hatt? Hvor er ditt og datt? Jeg er sikker på jeg hadde det i går?”

Nokon blir sure og ampre når turtalet blir for høgt, andre får migrene og mister nattesøvnen. Det første symptomet hos meg på at eg ikkje heilt klarar halda same tempo som skorne mine, er at eg begynner å forlegga ting…

Forresten, det er ikkje sant, når eg tenkjer meg om. Eg gløymer og forlegg ting heile tida, til og med i feriar… Eg har liksom tankane fulle av alle andre ting enn den sylskarpe vissa om kor eg sist la nøklane eller brillene. Faste leggestadsrutiner hjelper meg eit stykke på veg. Brillene mine har kvilestaden sin på skjenken og mobilen på kjøkkenbenken…

Det er verre med ting eg ikkje har rutiner på å oppbevara… Akkurat nå er det eit manus eg har forlagd…
Ei dansk modernisering av “Jeppe på bjerget” som eg hadde tenkt å bearbeida til eige bruk. Eg hadde tenkt å gjera det nå i helga, faktisk. Er du sikker på at det ikkje ligg heime hos deg, Jan Ivar? Eg er sikker på eg hadde det i … sist veke ein gong. Har brukt minst ein time på å leita, det dukkar vel opp…

Eg får prøva å rydda meg fram til det… Det funkar av og til… Og så er liksom bonusen at ein har fått rydda litt, sånn uansett, meiner eg…

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Intressant iakktagelse… för mig är det att ord bara försvinner ur huvudet, härom dagen kunde jag för mitt liv inte komma på nämnet på Judas. Förvisso får jag också leta efter prylar ibland. Vi har nog frö många…
    Och vad är skatollet ? Det vi kallar nattduksbord?

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Nei, eg vil tru at eit nattduksbord er det me kallar eit nattbord. Altså eit møbel ved sida av senga til å oppbevara ting i og på, for eksempel bøker…
    Eit skatoll er eit møbel med skriveklaff som kan slåst ned og med skuffer og hylle. Bestemor kalte det for eit Skatt-hol. Ei søt fornorsking av eit ord eg vil tru er av utanlandsk herkomst…
    Det som var litt komisk i forhold til denne teksten om å gløyma, og ikkje minst til kommentaren din om å gløyma ord, er at eg av ein eller annan grunn har skrive heilt feil ord. Eg anar ikkje korfor det står skatollet i teksten. Eg har nemleg ikkje noko skatoll, og har heller aldri hatt det. Noko må ha gått i kryss i hjernen min… Eg legg nemleg frå meg brillene på skjenken. Det er eit høgt avlangt teakmøbel på korte bein med glasdører i den eine etasjen og teakdører i den andre. Inni skapa oppbevarer eg glas, karafler, dukar og det blå Höganäs serviset mitt… Eg har arva skjenken etter bestemor og truleg er affeksjonsverdien høgare enn både dekorverdien og pengeverdien. Skal gå inn og retta ordet til full forvirring for lesarar frå nå av… Kva heiter slike møbel som skjenk og skatoll på svensk?

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Og by the way… for eit kvarter sidan fant eg Jeppe i ei bunke gamle aviser… Hallelujah…

  4. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Ha, jag hittade en ny uppslagsbok 🙂
    http://www.nordskol.org/ordbog/
    Skatoll är chiffonjé, sekretär på svenska, men skjenk finns inte med 😦 Skulle tro att det är skänk på svenska, finns både höga och låga…

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det høyrest logisk ut, morsan. Eg slo opp på ordforklaringa på skjenk og det er opprinneleg eit skap til å oppbevara glas og drikkevarer i, men på norsk blir det brukt om den slags skap same kva ein har inni dei…

  6. Ukjend's avatar
    Anonym permalink

    Sekretär och skänk skulle jag säga. Senhar vi order schatull också. men det tror jag mer är åt skrinhållet.

  7. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Det var jag som skrev ovan.

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar