Gå til innhald

Med ei tåre i halsen

august 10, 2007

sende eg eldsteguten i veg med nattoget nå i kveld. Eg trudde ikkje at eg kom til å reagera slik, for han har jo budd borte i to år nå, men likevel var det trist.

Eg ser han i og for seg om tre dagar, men då blir det ein rask seanse med avlevering av flyttelass. Når han kjem heim neste gong veit eg ikkje, eg håpar det blir eit besøk før juleferien.

Eg trur noko av det som er trist er at hendinga på ein måte tilseier at “En sommer er over…” slik som det i fylgje tradisjonen vil bli sunge på alle radiokanalane om ei vekes tid…

Elles så har dagen forsvunne slik dagane gjerne forsvinn. Eg har ikkje fått gjort det eg hadde tenkt å gjera, men eg har fått gjort mykje som eg ikkje hadde tenkt å gjera. Slik er det gjerne.

Sidan huset var fylt av “Spretts slekt og venner” i dag morges, starta eg føremiddagen med å steika lappar til eigne ungar, overnattingsgjester, Tonje som var “dagbarn” her i dag, og andre gjester av ungane. Eg trur dei var sånn ca ti til bords, og fatet var tømt på rekordtid.

Sidan me skal i sølvbryllup og ein del andre festar kjem nokså fort på, fann eg ut at eg kanskje trong fine nye klær. Finklær er det smått med i skapet mitt. Med Ingrid som sekundant og rådgjevar hadde eg etterkvart handla kjole og jakke. Så måtte eg kikka på sko og veske, men eg bestemte meg for å finna ut av kva eg har heime først.
Ho i butikken meinte at antrekket i svart og sølv ville bli skikkeleg sprekt med knallrødt tilbehøyr. Det var ein god idé, og røde sko har eg jo faktisk. Men eg måtte leita i ein time før eg fann dei.

Så har eg plukka masse rips, godt hjulpen av mor og far, og så har eg av alle ting handla “bilbukse” og bringebær til onkelen min…

Så var det handel att for å laga sein middag til gullguten som skulle reisa. Han måtte sjølvsagt få det han ønska seg…

Seint på kvelden vart det litt meir kjellarrydding, men eg er langt frå der eg hadde håpa reint ryddemessig. For å halda mine eigne timeplanar måtte eg nok leva i eit vakum som er meg nokså fjernt akkurat nå. Får trøysta meg med John Lennons ord: “Life is what happens to you when you`re busy making other plans…”

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Inte skulle du trivas med att leva i ett fint, välordnat och välstädat vakum! Det är väl tusen gånger bätre att ha alla dina sociala aktiviteter och lite mindre ordning i huset! Det är myclet roligare att inte ha hunnit det man tänkte sig för att man har umgåtts med folk än för att man är sjuk och knappt orkar nånting, tänk på det!
    Förstår att det var vemodigt när gossen for, men så är det ju. Medaljens baksida. När jobbet väl börjar rusar dagarna iväg och vips är han hemma igen!

  2. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Tintomara: Vi kjenner såvisst den same, gode Heidi!
    Livet er spennande – og for å sitera Bjørn Alfzelius: Låt den du elskar få prova sina vingar…. og videre: Vill du bli respekterad av din avbild, må du visa din avbild respekt! Det trur eg du er veldig god til, Heidi!
    Her kjem syskenborn + kone frå Askøy på overnatting idag, så heimen treng ein omgang med mopp -MINST!Har handla inn til «Heidi-salat» og skal prøva å skriva ein bryllupssong før gjestene kjem!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tintomara og Torhild:
    Akkurat! Dokke forstår. Det verste er jo at eg er så enig i alt Tintomara seier at til sjuande og sist er det slik det blir at eg prioriterer sosialt liv og eit uordna reir… God betring Tintomara. Kryssar fingrane for at nokon finn ut akkurat kva du treng og så blir du frisk. Så kan me sitja under kvar vår lysekrone med levande lys og skåla i kaffi for kvarandre og eit godt arbeidsår. Du kan gjerne ha noko anna i kruset viss du vil, men eg kjenner at her blir det svart kaffi…

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Forresen. Lukka til med songen Torhild. Du får ringa og synga i telefonen om det trengst-

  5. Ukjend's avatar
    borghild permalink

    leste eg bilbukse? ei bukse han kan ha når han sitter i ein bil?

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, eg har ledd av namnet, men ho heiter faktisk det. Det vil seia ei bukse som er laga av eit stoff som ikkje krøllar når ein sit i ein bil. Visstnok utvikla med tanke på drosjesjåførar. Eit stunt i eit Team Antonsen program var at dei skulle prøva å få ei bilbukse til å bli skrukkete…
    Onkelen vår finn desse buksene behagelege og gode…

Legg att svar til borghild Avbryt svar