Gå til innhald

Septembersola skin.

september 28, 2007

Ho varmar meg gjennom viduet inn til arbeidsromet og avslører at vindua mine er meir enn klare for ein vask.

Livet er sterkt og villt og roleg på same tida. Eg seiler på livets hav med vind i seglet og venlege understraumar som nok skal få meg vel i hamn.

Eg sit her på arbeidsromet mitt og jobbar med viktige tekstar. Eg er både konsulent og forfattar i det same prosjektet. Det er fint, og eg må strekka meg ut over mine eigne tilgåtte spor. Og skrivinga er ein liten skjerma del av livet mitt der det er godt å vera.

Medan eg skriv, tikkar meldingane inn på mobilen min. Dei handlar om store viktige ting. Om sorg og glede om ting som er bra, og om ting me skal få til.

I kveld kjem det venninner hit på litteraturgruppe. Boka me skal diskutera kjøpte eg i går, så det spørst nok om eg blir ferdig med ho… Eg skal trass alt først skriva i nokre timar til. Så skal eg vaska hus og laga til gjestebud. I morgon skal Halvard ha to selskap for å feira at han blir tenåring.

Sundag morgon reiser kjærasten min til Spania og blir borte i fire veker. Han har fått eit reisestipend, og gler seg veldig. Så lenge har me aldri vore i frå kvarandre før. Det er godt eg har store flinke ungar.

Mens eg sit her og skriv høyrer eg stemmane til to av dei nede i stova. Odd Christian er heime på ferie og Sunniva er heime fordi ho ikkje er heilt frisk. Og sola varmar så deilig.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Sola skin på Sandnes og!! Eg skal og bare måka litt i heimen før eg fær på konfirmantlederdøgn 🙂 Me er heldige som får ha vind i seglet og venlege understraumar!! Eg må nok leggja inn eit besøk til gressenka (vanvittig ord, forresten!)…i løpet av dei næraste vekene..g Helsa Halvard og gratulera!!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    God tur. Grasenka held mottaking kor tid som helst.
    🙂

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Tänk så roligt när han kommer hem igen! 😉

  4. Ukjend's avatar
    Heidi permalink
  5. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Ja, eg får trøysta meg med det. Er nokså sikker på at dette skal gå bra.

Legg att svar til Tintomara Avbryt svar