Gå til innhald

Aleine heime…

september 30, 2007

Det er sjølvsagt litt av ein illusjon, men slik kjennest det akkurat nå. Klokka halv fem i dag morges reiste kjærasten min med kurs for Spania, der han skal vera i fire veker. Oddvar var så grei at han stod opp før grålysninga på fødselsdagen sin, for å få han i veg til flyplassen.

Og heilt aleine er eg då ikkje. Alle fire ungane er heime pr i dag, og Vilde er på helgebesøk og Oddvar på plass i heimen han og.

I heile går feira me Halvard sin fødselsdag som eigentleg er først om ei veke, men sidan så mange skulle reisa vekk, og det blir haustferie og greier, så vart det den store festdagen i går. Først var det ope og fullt hus for familien, og om kvelden hadde Halvard invitert femten kameratar på pizza, pølser og film.

Kjærasten min ville gjerne vera med på å overrekka Halvard gaven, så den fekk han i går. Elektrisk gitar med forsterkar, -kjøpt såpass billig at me kryssar fingrane for at han skal fungera som tenkt.

Gitaren vart det store leiketøyet i går. Eldsteguten min spelte gitar og song i lag med Oddvar, Ingrid og far sin: “When I find myself in times of troubles, mother Mary comes to me, whisper words of wisdom, let it be…”, og song etter song vart det.

Etter ei lang og lovande karriere som arrangørar av barneselskap, slo det meg at det i gårkveld kanskje vart det siste me gjorde sånn omtrent i dan sjangeren. Nå var det store tenåringsgutar som kom, og ikkje sånne små energiske stivpynta som raser rundt i alle rom med svett pannelugg.

Sunniva hadde fire venninner på besøk, så då gutane var ferdige vart det ei bordsetjing for fjorten år gamle jenter og eldre tenåringar. Etterpå var eg så sliten at eg knapt nok kunne halda auga opne medan eg gjorde eit forsøk på å sjå ein fascinerande dokumentar om danske hr Vig som hadde kjøpt eit gammalt slott han ville gje som kloster til russisk-ortodokse nonner…

I dag har Sunniva vore med på preike i lag med vikarpresten vår. Ho var utkledd som løve, og klarte seg fint. Eg var nok eit hakk meir nervøs enn henne då ho påtok seg oppgåva på eit halvt døgns varsel. Eg sat på sida av henne i kyrkjebenken og kviskra gode råd før ho skulle ut og kle seg om. “Det er lurt å gå nå, så du har god tid!” “Mamma, det tek to minutt å skifta, eg kan gå når alle barna er døypte.” “Nei, gå nå, det er godt å ga god tid i tilfelle glidelåsen set seg fast eller noko…”

Det var livsgledegudsteneste me feira i dag, som eit ledd i livsglededøgent som me feirar på desse kantar av sivilisasjonen. Oppmerksomme lesarar kan lett få inntrykk av at livet her i småbyen vår er ei festreise frå festival til feastival… Og det er kanskje slik omtrent det er… I alle fall. Barnehagebarn kom inn i prosesjon bak dåpsfølget. Stolte bar di på kvart sitt bilete: Hodefotingar og sånne som så vidt har fått kropp som livsgledeikon på knall oransje bakgrunn. For meg vart blikket på eit av barnehagebarna det sterkaste inntrykket i dag…

Og nå ventar resten av oppvasken nede på kjøkkenet. Halvard spelar elektrisk gitar i stova. Han har fått det for seg at han skal laga ein ny song med tekst og melodi. Eg har lova å laga vafler sidan me endeleg har fått nytt vaffeljern, Odd Christian er heime og Oddvar dessutan fyller år…

Og eg er aleine heime… Nesten i alle fall. Og foreldra mine reiste til Syden sånn omtrent med same fly som dei.
Skikkeleg aleine heime, og den vaksne på banen i fall noko skulle skje.

Og så har eg to gode bøker som ventar.
God tur til alle reisande. Eg held meg ved reiret.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Eva Mari permalink

    Heidi, dette høyres veldig sundt ut. Kos deg som grasenke…Til helga skal eg til Arendal og passe Maria. Kanskje du har lyst å kome ein tur til Kristiansand med toget? Ta med deg ein av barna. Morten har nok av plass. Hadde vore koseleg!

  2. Heidi: permalink

    Kanskje det 🙂 Hadde vore kjekt, men det er langt frå Kristiansand til Arendal.

  3. Eva Mari permalink

    Henter deg i Kristiansand veit du…Eg har bil og bensin. Du kunne jo kome laurdag og dra søndag.

  4. Heidi: permalink

    Det går an å ta tog heilt til Arendal trur eg. Skal finna ut av det. Trur kanskje dagstur til Arendal kunne vera mest aktuelt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: