Trøytt…
Men nå er det haustferie. Det kjennest godt. Eg elskar jobben min, men han krev kvar millimeter eg har av energi, tålmod, kreativitet og styrke. I alle fall kjennest det slik av og til, og nå skal det smaka godt med ferie. Eg skal leika husmor og hønemor, og huset skal lukta bollar og grønsåpe…
I tillegg skal eg sjå meir eller mindre tåpelege filmar og TV-program, skriva ein musikal basert på Glasblåsarbarna, slappa av med å brodera bunad og gå lange turar… Amen!
Så har eg eit fint og tåpeleg knep eg brukar når livet er i sterkaste laget. Eg pustar langsamt inn og ut og ber den eldgamle Kristusbøna om og om igjen heilt til denne bøna går i eitt med pusten og pulsen min: “Herre Jesus Kristus, Guds son, miskunna deg over meg.” Til den bøna er barna mine komne til verda, med den bøna haldt eg bestemor i handa på dødsleiet og med den har eg vore hos tannlegen med ungar med brekte tenner, og førebudd meg til møte eg har oppriktig grua meg for…
Sidan ein deler matoppskrifter, slanketips og andre små knep som handlar om å leva, så deler eg gjerne litt galskap eg og… Bøna minner meg om at eg er ein del av noko større, at eg roleg kan leggja ned min bit i puslespelet og vera ein del av det heile, verken meir eller mindre. Ho minner meg om at i den store samanhangen er eg liten og Gud stor. Eg er på ein liten prikk av livet kvart sekund, samtidig som den prikken er ein del av fortida og framtida mi, -og livet til mange andre menneske.
Ute skin sola, og eg har fri i dag. Og på akkurat denne dagen, omtrent på denne tida glir det yngste barnet mitt ut av barndomen og blir tenåring.
Velsigna vere livet.
Heidi.
Kjære gode venn!! Denne mailen seier mykje om deg og om kvifor me er mange som er så inderleg glade i deg! God haustferie! Eg skal be bøna di for oss begge i Jerusalem! Klem
Det är en nåd att få hämta styrka ovanifrån.
Haett riktigt härligt höstlov! Vi får inte ledigt förrän vecka 44, fast idag är vi lediga för egna studier, och det är inte så dumt det heller.
Knepet er klokt -og ikkje tåpeleg!! Måtte dei sterke haustfargane og skaparen deira gje deg kvile og nye krefter, gode Heidi! Me snakkast over helga:)
Tusen takk, snille damer, nå blir eg rørt til tårer.
Har akkurat kommet ut av kinoen der jeg har sett Jodie Foster dubba til spansk, tror jeg skjoente ca 20%, det holdt nesten. Kyss fra hoestkveld i Granada. Jeg har skifta fra hotell til pensjonat og har faatt en stor seng – det hadde vaert plass til deg og.
Kyss tilbake. Klokka ti over fem i morgon ringer vekkerklokka mi. Eg dreg til Arendal.
God tur til Arendal