Gå til innhald

Støv på hjernen…

oktober 8, 2007

Det er ei liding eg er totalt fri for, og aldri har ynskt at eg hadde, men nå får eg prøva å utvikla det. Eg har vore hos legen med Sunniva for å få utreda allergiplagene hennar. Det viser seg at ho har veldig sterk allergi mot husstøv… Normalgrensa var ein verdi på 0,5 eller noko slikt og blodprøvane viste 97,0… Ikkje veit eg noko om slike verdiar, men det høyrest høgt ut, og legen sa at det var det…

Alle som kjenner meg foratår at nå har eg eit problem, men eg får ta det som ei ansporing til ein støvfri heim…

Det kunne vore verre tross alt. Både Sunniva og eg var livredde på at ho skulle få store utslag på katt. Ho hadde litt utslag på katt og hund, men ikkje meir enn at det var heilt ok å bu i hus med to kattar. Det prisar me oss lukkelege for. Nå er me i gang med vasking av golv, og allergimedisin er innkjøpt på blå resept. I morgon får eg kjøpa meg ny støvsuger, for den gamle er heilt elendig.

Eg har begynt å skriva på skodespelet mitt. Det kjennest bra. Eg trur det kan bli ei veldig fin forestilling. Nå må eg ta meg ein times intensiv skriving før me skal dra i familieselskap

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Husstøvallergi…eg trudde våre unger var immune mot slikt… får de vaskehjelp på blå resept og? Godt at ho tåler kattar:) Kva skodespel er du igang med?

  2. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Å, det är ju värsta mardrömmen att nån skulle bli allergisk mot damm för det finns det gott om i det här huset – jag skulle kunna sälja det på torget!
    Det enda som vore värre är ju att inte tåla hund och katt.
    Det blir nog i alla fall litet roligare att städa med ny dammsugare, och så måste ni nog våttorka också rätt ofta. Har du en sån där mopp med platt huvud som man taf av trasan på? Ledad, som man för i åttor på golvet? De är bra. Om du begrep vad jag menade…
    Och det finns ju flera i familjen som kan ta ett tag i dammkriget!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, her må alle mann i kamp mot støvet… Kanskje eg må få meg ein slik mopp, Tintomara… Eg skriv skodespel basert på boka «Glasblåsarbarna», Torhild. Veldig kjekt å skapa. Eg vil påstå at ho burde vera immun mot støv, men så lett er det viss ikkje…

  4. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    gleder meg til å komme hjem til et helt støvfritt hjem – etter hvert. Torhild – hva er websida til Solgården-opplegget?

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Srøvfri heim ja… Du må førebu deg på ny støvsugar og eit tilsett reingjeringsbyrå!

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Støvfri… Blir så eksaltert at eg stavar i hytt og ver.

Legg att svar til Leif Avbryt svar