Gå til innhald

Ein ubuden gjest.

oktober 9, 2007

Eg sit og ser på TV sånn godt utpå kvelden. Plutseleg høyrer eg ein merkeleg tikkande pipelyd frå den andre enden av stova. Så registrerer eg to sett tassande kattelabbar mot parketten. Noko som får meg til instinktivt å skjøna at kattane er i jaktmodus.

Eg reiser meg motvillig for å finna ut kva som skjer. I det eg passerer pianoet kjem noko flygande i voldsomt tempo rett mot ansiktet mitt. Min første tanke er at undulaten er laus og eg hyler på Sunniva.

Men det er ikkje undulaten, det er noko stort og svart og veldig flaksande som flyr rett i mot meg. Eg får heilt panikk og set i eit urskrik som gjer at kattane skvett tilbake og Vilde, Sunniva, Halvard, Oddvar og Ingrid kjem springande ned trappa frå andre etasje.

Me bestemmer oss for at det flaksande vesenet er ei gigantisk flaggermus som har forvilla seg inn i huset vårt.
Fullstendig panisk flyg ho rundt i stova, og fleire av oss må dukka for å bli truffen i ansiktet. Ingrid ropar at ingen må få henne i håret, fordi ho har lese at flaggermusvenger er så klissete at ho då vil koma til å setja seg så fast at ho må klippast ut att…

Tanken på ei sprellande og flaksande flaggermus i håret er så pass lite forlokkande at Ingrid sjølv forskansar seg med dyna over hovudet på toppen av trappa. Oddvar går nølande til angrep med eit teppe medan Halvard prøver å fotografera. Fleire av oss hyler gjentekne gonger etter å nesten ha fått ei flaggermus i håret med alt det me har fått vita at det vil koma til å innebera.

Sunniva, som har eit varmt hjarte for alt som lever, er den av oss som viser det absolutt største motet. Ho går aktivt inn for å fanga det paniske vesenet i ein stor plastpose…

Neste sjakktrekk frå vår side er å opna alle utgangsdører og skru av lyset i håp om at ho då vil fly ut. Men det er ti gonger nifsare når ho flyr like villt rundt oss i mørket. Halvard konstaterer at flaggermus jo er blinde, og at ein lampe frå eller til ikkje betyr noko. Me bestemmer oss for at det høyrest fornuftig ut. Om ho får fly veggimellom lenge nok blir ho sikkert utmatta og vil gå inn for landing? Men gjesten vår ser ikkje ut til å vera typen til å gje opp. Til og med kattane luskar betutta vekk.

På eit eller anna vis klarer Oddvar til slutt å fanga ho i ein leike-brannmannhjelm i raud plast. Sunniva får lirka henne over i ein matboks og lukker loket.

Me blir veldig forbausa over kor lita ho er i liggande tilstand… Ei lita gråbrun mus med dei tynne vengene folda inn mot kroppen.

Me ber henne ut på verandaen, men ho vil ikkje fly, ho bare ligg der med bankande hjarte. Me set matboksen ned, men framleis bare ligg ho der. Ein av oss meiner å ha høyrt at flaggermus treng å henga etter tærne for å koma i flygeposisjon.

Nokon finn ei stor skei, og me får plassert det stakkars dyret på skeibladet. Sunniva let skeia vibrera på det ho håpar er ein flygeoppmuntrande måte.

Plutseleg skjer det me håpar på. Flaggermusa spenner ut dei gigantiske vengene sine og forsvinn ut i natta…

Om me fekk fotorafert henne? Ja og nei… Det var alt anna enn lett å knipsa henne i flukta. Dei er heilt utruleg kjappe i rørslene. Nå spørs det om eg vågar å sova med ope vindu i natt…

Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Vilket äventyr!

  2. Heidi: permalink

    Ja, ei merkeleg oppleving-

  3. Eva Mari permalink

    Eg trur at Kong Sigurdsgate 13 er eit trekkplaster for bortkomne dyr, for dei veit at dere har så mykje hjertevarme. Kva med ein boa? No skal eg skrive studiekrav om pedagogikk…

  4. Heidi: permalink

    Nå veit eg jo til og med sånn ca korleis eg kan gå fram for å skaffa meg ein!
    Pedagogikk er tingen! Heia Eva Mari!

  5. RaTo permalink

    Å, du store! Ja, nå fekk eg mange bilete i hovudet. :o) Grøss og gru for klissete flaggermusvenger i håret! Godt ho klarte seg, og flaug ut i natta. Sjølv har eg nå ikkje mindre enn tre pinnsvin under terrassen. Ludvig, som eg fann meir død enn levande, og fekk liv i igjen i fjor, har vist seg å vera ei dame. Ho overraska meg med ikkje mindre enn to små nøste i sommar, og er nå omdøypt til Lulla. Dei får kattefor og avokado og vatn, og er blitt så tamme at! :o) Men snart går dei nok og legg seg og søv vintersøvnen sin.

  6. Heidi: permalink

    Det høyrest kjempekoseleg ut med sånne leigebuarar RaTo 🙂

  7. Borghild permalink

    oi oi!
    hadde tenkt å sei at du sko ha filma dette her! men etter å ha lese innlegget ditt har eg allereie sett filmen inni hovudet mitt! haha! jammen bra den overlevde!

  8. Heidi: permalink

    Ja ikjke sant. Halvard klarte å ta eit bilete, men det var ikkje lett for flaggermusa var så utruleg rask. Eg er mest glad for at eg slapp hysterisk flaksande klissete flaggermusvenger som sat fast i det lange håret mitt…

  9. Heidi: permalink

    Forresten prøvde me å filma, men Halvar fant ikkje ut av filmfunksjonen på Ingrid sitt kamera og Ingrid torde ikkje koma ned trappa 😉
    I dag er det selskap hos mormor. Synd du ikkje er heime

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: