Ei kvit rose.
Me var på veg til sjukehuset då me fekk telefonen om at han var død. Inne på sjukehuset vart me sitjande i foajeen og venta på dei andre som var varsla. Anna kom med ei kvit rose. Så gjekk me inn i flokk og fylgje. Me var åtte stykker.
Inne på romet hadde dei stelt han fint. Gebisset som bare var til plage på slutten hadde dei sett inn att. Over seg hadde han eit kvitt brodert teppe, og haka var bunden opp. Framleis var han ikkje heilt kald på hendene og i panna. Dei hadde tend eit kvitt lys på nattbordet og dei kvite liljene stod på sida av.
Anna la den kvite rosa fint under hendene som låg fredeleg saman oppå teppet.
Akkurat som sist slo det meg at det me såg ikkje var ein person lenger. Det var kroppen til eit menneske som ikkje hadde bruk for kropp lenger. Alle rynkene var glatta ut, og det var vanskeleg å kjenna han att. Det var høgtideleg, trist og vakkert på same tida. Og eg klarte ikkje la vera å tenka at det var litt som å vera på eit vokskabinett.
Me fekk sagt farvel til han. Reisa er over.
For første gongen på ei veke skal eg sova utan å ha mobilen på nattbordet.
Fred over minnet.
Heidi
jag beklagar sorgen.
förfärligt vad många av oss som blir av med nära och kära just nu.
Ja, på ein eller annan merkeleg måte ser slikt ut til å gå i bølger.
trist det her.. eg har ikkje anledning til å kome heim i begravelse. eg får reisa opp med ein blom på grava når eg kjem heim og sei farvel til grandonkelen min ein siste gong….
Ja, eg trur Odd Christian har eksamen akkurat den dagen han skal gravlegast.
Kram!
Takk, Tintomara.