Gå til innhald

Havet er så uendeleg stort

mars 23, 2008

der det ligg og vippar store båtar opp og ned der ute ved horisonten som om dei var leiketøy. Den store pulsen påvirkar min eigen puls, han skapar ei ro i tankane mine og kroppen min som er annleis og god å kvila seg i mot.

Eg rakk å baka grove rundstykke og handla inn salatar og marinerte scampi før Gunn og Grete kom. Me stabla oss i bilen og kjørde ut til sjøen, der gjekk me først over ei hengebru og så vidare ut i eit landskap av sand og bølgjer og marehalm. Det er ikkje ofte me er i lag, men kvar gong me er det kjennest det godt.

Grete bar på ein ryggsekk som Gunn i det lengste håpa var full av sjokolade, men han viste seg prosaisk nok å bare innehalda lommebok og mobiltelefon.

Ein stad var me nære ved å kontakta zoologisk museum fordi me såg ein kvit og blåstripete frosk som såg ut til å høyra heime i ein tropisk regnskog, og ikkje langs strendene på Jæren. Gunn som hadde det skarpaste blikket var den første som la merke til at frosken sat mistenkeleg stilt. Mistanken viste seg å vera velbegrunna. Då Grete som er biolog tok mot til seg og tok på frosken viste det seg at han var av plast… Om det var noke ungar som låg bak eit båtnaust og lo av at me lot oss lura veit eg ikkje…

Men me såg dei første vipene i år, og dei var heilt ekte. Og me såg ville påskeliljer og blå skilla. På eit jorde langs stranda låg det tett i tett med store jorhaugar som om ein flokk gigantiske moldvarpar hadde vore på ferde, men sanninga var truleg meir prosaisk enn som så. Ytterst i havgapet ligg ein gammal prestegard der det er kunstgalleri og kafeteria. Kaffien der smakte usedvanleg godt.

Og me snakka om då me var på påskeleirar saman og det var møte om kveldane der me song: “Du er innbydt til bryllup i himlen. Du er ønsket velkommen av Gud. La han rive deg løs i fra vrimlen, det er du som skal være hans brud.” Og me snakka om at slike opplevingar eigentleg var bortimot eksotiske i nostalgiens skjær.

Så var det salat med scampi og avocado heime på kjøkkenet hos meg, og rundstykka smakte godt. Gunn hadde med seg jordbær som hadde ekte jordbærsmak sjølv om det er vinter endå. Og det er velsigna godt å ha ferie.

Heidi

From → Uncategorized

10 kommentarar
  1. Gunn permalink

    Takk for stunden, jillt var det! Me snakkes.

  2. Grete permalink

    Takk for turen til to energigivandes damer. En oppklaring må eg koma med; Eg er ikkje biolog, men kjemiker og har såleis ikkje greie på frosker, levandes eller døde. Då eg tømde ryggsekken heime datt der ut to sjokolader! Eg koste meg med dei og «Så som i himlen» om kvelden. Herligt! Glede meg til neste tur.

  3. Heidi: permalink

    Då er du unskyldt for ikkje straks å avsløra falske froskar, Grete! «Så som i himmelen «er bare sååå fin. Eg gler meg til neste tur eg og.

  4. Tintomara permalink

    Frosk = groda? Och vad heter förresten Norge på nynorsk resp. bokmål?

  5. Heidi: permalink

    Frosk er det same som groda ja. Sikkert beslekta med det engelske frog. Norge heiter Norge på bokmål. På nynorsk heiter det eigentleg Noreg, som er meir beslekta med det gammalnorske Norigr eller noko som likner. Det betyr vel riket i nord eller vegen mot nord jmfr Norway og Norwegen. Problemet er bare det at ingen nordmenn seier Noreg lenger… Norge har blitt tilleten sideform på nynorsk og, men eg trur framleis at det strengt tatt skal stå Noreg når ein lærar skriv på tavla i eit klasserom der undervisningsspråket er nynorsk… Eg må innrømma at det er ein av dei ytterst få arenaene der eg driv sivil ulydigheit… Eg har ikkje sjekka ut språkhistorikken min, bare skrive etter minnet, så om nokon vil korrigera må dei gjerne det. Ein ting eg har lurt på på svensk: Er forma mej likestild med mig?

  6. Tintomara permalink

    Mej är talspråk, men får förekomma i s k ledig text eller dialoger och så. Det finns också dej och sej (ovanligare). Mig, dig och sig är det ingen som säger, det är bara skriftspråk. Så har vi de och dem som har den gemensamma talspråksformen dom, vilket ställer till det för många. Och så har vi pronomet sin, som håller på att försvinna p g a influenser från engelskan, där man ju säger his dog, her cat och då blir det på svenska. han klappade hams katt eller hon kammade hennes hund, totalgalet ifall man inte håller på med någon annans husdjur alltså.

  7. Tintomara permalink

    Och som vanligt gör jag skrivfel när jag blir ivrig – det här är en av mna käpphästar som språklärare. de, dem och sig-problemen, alltså.
    det ska vara: Han och hans förstås.

  8. Heidi: permalink

    Ja, det forstod eg. Me har det same på norsk. Det gjer godt med ein skikkeleg språklærardebatt av og til. 😉
    Det er ikkje rett å seia at sin er i ferd med å forsvinna, men
    mange gjer feil med dette på norsk og. Korleis er det med genitivformene? På bokmål kan du sei Oles hund, på nynorsk kan du ikkje bruka denne s-en. Då heiter det Ole sin hund eller hunden til Ole.

  9. Gunn permalink

    Artig hva en plast- frosk på en strand kan få i stand!

  10. Heidi: permalink

    Ikkje sant, Gunn 🙂

Legg att svar til Tintomara Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: