Sidan eg har sansen for tradisjonar,
og sidan mai for meg er ein heilt spesiell månad, satsar eg på mitt tradisjonelle bloggeprosjekt i mai: Skriva her kvar einaste dag.
Kirsebærtreet har så smått begynt å bløma, bjørkene er i ferd med å bli bjørkegrøne, og andre tre er og i ferd med å bli grøne. Våren er i rute, og snart er det sommar. Men først av alt skal mai månad gå forbi og gjera noko med oss.
Dagen i dag hadde eg gitt meg sjølv i presang. Dette skulle vera dagen for å sova lenge, og for å ikkje jobba med noko som helst. Eg skulle bruka heile dagen til ting styrt etter lyst- og innfallsmetoden, for det er så lenge sidan eg har teke meg tid til slike dagar.
Etter ein lang frokost med Ingrid og Oddvar foreslo Sunniva at eg kunna steika vafler. Det er klart eg kunne det, det var lenge sidan sist. Så tok eg relativt frivillig ein toogeinhalvtimars oppvask. Den siste veka har oppvaskmaskinen vore ute av stand, og mykje hadde samla seg opp. Eg måtte koka tre store gryter med vatn etter at varmtvatnet var brukt opp… Og plutseleg var det langt på dag. Heldigvis har kjærasten min, sterkt assistert av Oddvar truleg klart å fiksa oppvaskmaskinen. Dei fann eit glasskår i pumpa.
Eg har henta Sunniva og fem venninner som hadde sett seg føre å bada i sjøen første mai. Det hadde dei gjennomført. Dei hadde bada i regn og Sunniva hadde symt litt. Eg ser på dette stuntet som ganske sprekt, det kan ikkje ha vore mange varmegradene i vatnet.
Eg og dei store jentene mine har vore hos mor og far og drukke kaffi. Det var noko av det eg hadde lyst til å prioritera på fridagen min. I morgon må eg prøva å skaffa allergitablettar. Augene svir og renn.
Og så er det altså mai igjen. Dette er den sterkaste av alle årstider. Mon tru kva me har i vente?
Heidi
Å, så roligt att du ska skriva varje dag! (Jag tror jag provade att skriva var dag i en vecka en gång.)
Jag skulle också ha ledigt var det tänkt, men jag blir tvungen att passa hundar i stället.
Å dokumentera mai -månad var eit prosjekt eg hadde for meg før eg begynte å blogga og, men sidan eg ikkje hadde på meg det ytre presset at eg hadde lova noko til nokon, så stranda eg som regel ein gong i løpet av første veka. 🙂