Gå til innhald

Alternativ livsstil…

juli 8, 2008

til den eg vanlegvis har driv eg og prøver ut nå. Eg sit ved Pc-en til seint på natta,- forsåvidt ikkje så frykteleg alternativt akkurat det då…

Så broderer eg i to-tre timar, medan eg høyrer på radio og tenkjer. Husrydding og husvask er opp-prioritert. Eg går eller syklar tur i minst ein times tid. Eg ryddar og baker og omgåst utvalde personar. Ikkje så dumt. Men eg ser at dersom ein har hovudbase for kreativ jobbing heime i huset sitt, så er det veldig fort gjort å spora av og setja i gang med slike ting som står og ropar på deg…

I dag måtte eg foreksempel ut og kjøpa amerikanske muffinsformer fordi eg hadde funne ei oppskrift på bananmuffins som gjorde at eg kunne få brukt dei tre overmogne bananane som var på veg ut av fruktfatet. Med huset fullt av ungdomar er det jo greitt å ha litt å by på. Eg laga knallgul glasur oppå dei av melis og gul konditorfarge med litt vatn. Oppå der igjen strødde eg stjernestrø.

I kveld har eg laga 23 kristuskransar som barna i Solklubben skal bruka og få med seg heim til slutt. Det er bønnekransar utforma av den svenske biskopen Martin Lönnnebo. Kvar krans består av ulike perler med forskjellig storleik, farge og form, som alle har symbolsk betydning.

Store gullperler som symboliserer Gud var heilt umoglege å oppdriva i den vesle byen vår. Derfor kjøpte eg naturfarga treperler som eg ville lakka med gull- lakk.
Utfordringa var å få til å mala og tørka dei slik at lakken på perla ikkje var skadd. Idéen eg fekk fungerte perfekt, så vær så god og stel han om du skal lakka treperler:

-Stikk kvar perle inn i ei fyrstikk. Ho vil nå kunna malast/ lakkast utan å få fingermerke. – Stikk så fyrstikka med den malte perla inn i skalet på ei appelsin som er så flat under at ho står støtt på bordet. Sett fyrstikkene så langt frå kvarandre at dei kan renna av seg og tørka kvar for seg.

Elles så har eg gjort ei handling til optimismens pris i dag:
Eg har stått ute i regnet og hengd opp to vaskemaskinlaster på klessnora ute…
Snorene i vaskekjelleren er fulle, og dei har lova opphaldsvér…
Dessutan gjer det meg ein boblande følelse av å gjera noko heilt dustete som eg eigentleg morar meg litt over å kjenna på.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    det skal jeg huske neste gang jeg skal lage gullperler (en vet jo aldri hva som kan bli aktuelt)

  2. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Det same kan gjerast med jordbær som skal ha sjokoladetrekk.I staden for appelsin kan du jo kjøpe ein melon som du delar i to. Fyrstikkene erstatter du med grillpinner. Garantert oppete…

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Fantastisk!Her er 2 til i Solklubben (fann eg ut idag),så det kan nok vera lurt med nokre kransar ekstra! Gled deg til opphaldsveret på Solgården…veldig goe tork!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Leif: Det er så sant som det er sagt.
    Eva Mari: Det fekk eg lyst til å prøva ut. For å ta det heilt ut: Kva med ei skål med krem til å dyppa dei glaserte jordbæra .
    Torhild: Eg gler meg. Ei kvar kone på Jæren operer med uttrykket Goe tork! Lurer på om dei gjer det i resten av verda. I fylgje lista mi skulle 22 Kristuskransar vera rikesleg. Har allereie gitt den eine til Gunn. Viss eg skal laga fleire må eg kjøpa fleire treperler.

  5. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    ……og jeg har den på meg, og har ikke tenkt å ta den av !! Kos dere på Solgården. Goe plass. Og tork.

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar