Gå til innhald

Klar for neste avsnitt.

august 22, 2008

I morgon tidleg lastar me Ingrid sine ting i bilen og kjører henne femti mil mot eit komande folkehøgskuleår. Ho synest det er rart at ho skal dra, og me synest det er rart at ho skal dra, men nå er tida inne.

Eg har hatt fri i dag. Det gjorde seg med ein frifredag etter desse hektiske oppstartsvekene. Alle hjul har snurra seg i gang. Det har vore fint å møta ungane att, og etter ei veke med skule kjennest ferien allereie langt unna.

Ingrid og eg reiste til mor og far og sat der lenge og drakk kaffi medan eg hekla på ein stripete elefant i bomullsgarn. Eg hadde tenkt at elvevane eg skal ha i tekstilforming kunne laga slike, men etter å ha hekla snabelen og hovudet innser eg at oppgåva er for vanskeleg. Eg får finna på noko betre…

I ettermiddag var planen å vaska huset, men eg har snurra rundt min eigen akse, og knapt nok rukke å gjera meg ferdig på kjøkkenet. Men eg har rukke å baka sjokoladekake til Halvard og dei sju kameratane som ser film i kjellaren. Ingrid har sitte på kjøkkenbenken og ete sjokoladekake og drukke mjølk, medan eg vaska golvet.

I går var eg på mottakelse med ordførarar og kanapear. Eg fekk blomar og fine ord til takk for ein tekst eg hadde skrive, og me hadde gratisbillettar til arrangementet der teksten skulle brukast. Teksten min var ei omskriving og ei dramatisering av eventyret om Bukkane Bruse, som skulle spelast på ei gammal bru på vegen opp til sjølve arrangementet. Tusen menneske gjekk vegen oppover mellom folk som dansa og folk som spelte på neverlur. Langs løypa var det masse barn utkledde som troll og folkedans til felemusikk medan lokale idrettslag selde brus og pølser til forbipasserande.

Vel oppe på åstaden, venta me til klokka var nøyaktig halv ti. Då hadde mørket begynt å leggja seg, og store lyskastarar vart tende. På vatnet nedanfor var det folk som tilsynelatande dansa på vatnet, og folk i robåtar som spela ulike instrument og song folketonar. Så vart lyskastarane retta mot fjellveggene som omgav oss på to sider, og gruppa Bandaloop dansa vertikalt og hosisontalt på stupbratte fjellsider. Innimellom dansa dei i fritt svev høgt over bakken, festa i vaiarar.

Det var ei spektakulær oppleving av dei sjeldne. I tillegg var det ei eigenarta oppleving å treffa så mange folk eg ikkje har sett på veldig lenge. Ein av hovudgrunnane til desse møta var at arrangementet fann stad i den kommunen der eg vaks opp, og plutseleg var eg ein ekte Gjesdalbu.

Då me gjekk ned att hadde det blitt kolande mørkt, og bunadkledde folk stod der med parafinlykter for kvar tiande meter, slik at ingen av dei tusen tilskodarne skulle detta utfor den smale vegen. Då me var halvvegs nede begynte det å regna, og kjærasten min slo opp den store paraplyen han hadde teke med seg. Tett omslynga for ikkje å bli våte gjekk med nedover i mørkret med folk på alle kantar.

Eg fekk ubegrpeleg lyst til å synga “Strangers in the night” medan me marsjerte nedover mellom dei spøkelsesaktige lysberarane, for plutseleg syntest eg den songen ville ha passa så godt… På veg over til jordet der bilane stod parkerte måtte me over ei plankeliknande bru. Der stod det ein traktor med lysa tende midt i elva slik at me såg kor me skulle setja føtene.

…og snipp snapp, snute, så var eventyret ute…

Og i morgon siktar me oss inn på eit nytt eventyr for Ingrid.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: