Nokon spelar gitar i gardsrommet mitt.
Og når eg kikkar ut, står det to damer der og syng «Happy birthday»! Den eine er Astrid, som eg venta besøk av, den andre er mi kjære venninne Torun, som bur sånn rundt rekna 60 mil frå meg. Eg ante ikkje at ho var på desse kantar, og tidlegare på dagen hadde ho send ei tilforlaterleg gebursdagshelsing på sms. Det var verkeleg den store overraskinga for i dag.
Dagen har vore kjempefin, akkurat som gårsdagen vart det. Eg har fått roser, og hageblomar, fine kort, bøker, lys, dukar, og utruleg mange helsingar på facebook og mobil. Denne nye digitale tidsalderen gjer verkeleg gebursdagar til noko litt nytt og annleis… Etter å ha drukke kaffi og ete frokost, kom Ingrid opp for å hjelpa meg. Ho gjorde klar til ei nydeleg kyllingsuppe med selleri, epler, chili, kanel, kvitlauk og fløyte som fekk stå og koka i mange timar. Sjølv sette eg i gang med å baka sjokoladekake og kanelrullar. Då gjærdeigen var klar, oppdaga eg at eg hadde gløymt å ha i gjæren. Nå har eg oppdaga, at det i alle fall til ein viss grad, fungerer å kna tørrgjær inn i ein ferdig blanda deig.
Eg hadde ikkja lagt opp til noko særleg feiring, sidan talet er veldig lite rundt, men eg hadde sagt til nokon at eg hadde kaffi og kaker klar om nokon skulle stikka innom. Det har dryssa inn ein del hyggelege gratulantar i løpet av dagen, så lenge det var varmt nok sat me ute på verandaen, men etterkvart trekte me inn i huset. Me har ete kyllingsuppe, kaker og bollar, og me har drukke kaffi. Bror min har ringt for å oppdatera meg på at 49 er verkeleg noko heilt, heilt anna enn 4, 47 og 48. Nå kjem eg verkeleg til å merka alderen i vekene framover… Så nå får me sjå om spådomane slår til. Etter ein nokså sein kveld i går, og ein intens og sosial dag i dag, så er eg klar for å runda dagen av om ein fem minutts tid. Onkelen min kunne fortelja meg at eg vart fødd på 2.pinsedag, det kan eg ikkje hugsa å ha høyrt før, kanskje eg skal halda på at eg fyller år i morgon og…
I dag morges las eg ei bok eg kjøpte på sal for lenge sidan om Spinoza og forholdet mellom kjensler og emosjonar. Kanskje eg får mykje tid til den slags lesing nå når eg snart skal slutta å retta bøker…
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Draumar, Gode venner.