Gå til innhald

Pinseafta.

mai 22, 2010

Pinseafta for 25 år sidan skein sola då og. Eg stod i eit bed hos bestemor og plukka liljekonvall til brurebuketten medan klokka nærma seg farleg den tida då me burde vera på plass i kyrkja. Det skulle ha vore syrinar i buketten, men det var litt sein vår det året, så syrinbuskane hadde ikkje begynt å bløma endå.»Rask med deg noen blomster litt fort da, Heidi,» sa kjærasten min, for han snakka austlandsmål då og. «Eller så får vi bare reise uten den buketten.» Far min var av ein eller annan grunn seint ute han og, då han kom for å henta meg for å føra meg til altaret. Han kom rett frå dusjen og hadde vått hår. Då me stod på trappa utanfor Gjesdalkyrkja, høyrde me gauken gala for første gongen det året. Eg tenkte at det sikkert var eit godt teikn, – og det må det ha vore, for me held saman framleis og deler bord og seng og bil og små og store gleder og bekymringar. Still crazty after all these years, framleis får han meg til å le.

I år er det endå seinare vår enn i 1985, for framleis har eg ikkje sett ein einaste liljekonvall. Men det er framleis nokre dagar at til datoen så kanskje dei kjem. Hadde det vore i dag eg skulle plukka ein brurebukett, så måtte eg ha teke til takke med påskeliljer eller kanskje løvetann. Eller kanskje eg kunne ha knekt ei grein av kirsebærtreet, det hadde vore fint det og.

På mor og far sin sølvbryllaupsdag fekk eg vita at eg var gravid med Odd Christian. Eg reknar ikkje med at det kjem nokre bestemorsbud på meg i denne omgangen, men eg ser jo at slekt fylgjer slekters gang overalt. Det har nettopp gått opp for meg at det er me som er dei vaksne, og så står plutseleg ungane våre der og er vaksne dei og… «When I get older, loosing my hair, many years from now, will you still be sending me a valentine, birthdaypresents?»…

Og i dag skal me til Stavanger for å feira. Me reiser så snart dei andre er tilbake frå handleturen. Me får sjå kva dagen bringer. «Vi har sola og snart er det sommer…» Tenkjer det blir  lunsj på uterestaurant, kino, ein rusletur i gamlebyen, kaffi, middag på restaurant… Eller kven veit. Kanskje det blir kaffi frå Seven Eleven og kikking på folkeliveet frå ei trapp i sentrum. Koseleg det og. Men nå burde dei snart vera her. Dårleg dag å krasja på…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: