2.pinsedag.
Eg hadde ein lang og deilig tur langs vatnet i lag med Torun. Det lukta så godt av gras og skog, av lauvtre og blomar, av mold og sommarregn. Då den verste regnbyga kom lurde me oss inn i eit båthus og sat der på treplankane medan regnet tromma på bølgeblikktaket over oss. Eg hadde veldig lyst til å plukka ein stor bukett markblomar, men klarte å besinna meg. Strengt tatt veit eg ikkje om det er lov å plukka blomar på desse gangstiene, og så veit eg at det er ein viss sjanse for eit skikkeleg allergianfall om eg går med nasen i markblomar. Men av og til er det verd det. Utan tvil og absolutt…
Då eg kom heim, hadde eg og Ingrid ein dugnad på kjøkkenet. Eg laga eplekake og vaffelrøre, og ho skar opp grønnsakar til suppa frå i går og bakte herleg foccaciabrød etter ei oppskrift ho fann på nettet. Sunniva og Odd Christian dukka opp etter pinseleir og Bergenstur, og så dekka me bordet med krystallglas, blå suppeskåler og prikkete serviettar.
I dag hadde me bedd familien på eit lite etterselskap for meg og Sunniva. Far kom med nydelege liljekonvallar frå hagen. I morgon kveld tek me med ungdomane våre ut ein eller annan plass for å eta noko godt og feira sølvbryllaupsdagen vår… Og så er det slutt på festreisene i denne omgangen. I morgon er det arbeidsdag att, og Halvard skal ha skriftleg eksamen i matematikk. Han ser ut til å ta det heile med relativt stor ro. Ingrid og eg tok ein øvingskjøretur langs stranda. Det er verkeleg lange, lyse kveldar nå.
Heidi
From → Barna mine, Gode venner., Natur
Wie immer…… Grwtulerar på etterskudd…..med det eine og andre…. ser fram til ei markering av 25 år….. De er gode!! Klem frå Torhild
Tusen takk. 😀 Me får ta ei privat lita markering.