Bare for det atte…
Me kjem inn til byen
i båtar og bussar,
på trikkar og i T-banar,
med narreluene våre på hovudet,
med prikkete klovnedrakter og gule parykkar,
med raude nasar og store trompetar,
kan henda til og med
med ein og annan knappholsblom,
som kanskje kan spruta vatn.
Me kjører opp og ned i rulletrapper
og et softis på fotbalbanane.
Me kjører karusellar,
og ligg nynnande på ryggen i parkane
med eit glas bringebærsaft eller to.
Me vinkar til kvarandre
frå toppen av store statuer,
og dansar på hustaka
med store fargerike ballongar
i lange snorer frå handledda.
Me badar i fontenene
og moonwalkar på sjølvaste Karl Johan.
I kyrkjene syng me høgt,
og stundom grøssande falskt,
med høge glade stemmer.
Etterpå sender me papirfly med bibelvers,
og kastar raude og grøne slikkepinnar
ned frå galleriet-
Me speler munnspel for gamle damer på bussen,
og deler ut heimedyrka tomatar på flytoget.
Me graver djupe holer til klovneskorne våre på strendene,
og vassar barføtte i sjøen.
Me sår solsikkefrø i kommunale bed,
og flettar løvetannkransar som triste menn kan ha i håret.
Me er der,
men det er ikkje alltid du har auge til å sjå med.
Me er der likevel,
både i oktober og på torsdagar.
Ser du kongen kjøra forbi
i den store svarte limousinen sin,
skal du ikkje sjå vekk i frå
at det sit ein tre-fire stykker av oss i baksetet
og spelar feiande marsjar på kam.
Det er ein stille invasjon av oss klovnar og narrar,
snart skal me kitla livet til det ler høgt.
Blås opp ballongen og hent ukulelen ned frå skapet.
Det er plass til deg og.
Seier Heidi, som av og til blir lei av at alt skal vera så alvorleg og seriøst… Nokre av oss vart kanskje aldri heilt vaksne på den sjølvhøgtidelege måten me kanskje av og til burde ha vore det på. Det kan vera litt flautt å bli overmanna av fnising når ein nærmar seg femti.
Heidi
Tycker om detta!
Tusen takk, Tintomara 😀
Herleg…..særleg det med at det er ikkje alltid du har auge til å sjå med….. Det var nok ei MEINING med at vår Herre og Meister sette borna så høgt…..
Måtte me aldri verta sjølvhøgtidelege….:)
Nei, måttr me aldri verta sjølvhøgtidelege. Vågar å seia det høgt nå når eg har fått støtte…