Gå til innhald

Klokka tre eller der omkring

august 28, 2010

var elektrikarane ferdige, og så var kjøkkenet og resten av huset vårt. Dei måtte rett nok koma tilbake for å kikka på taklampa som flimra og laga surrande lydar, men så var det gjort og me var innflytningsklare. Det kjendest omtrent som ei innflytting etter å ha budd midt på stovegolvet i fire veker med kassar og kar på alle kantar og oppvask ute på verandaen. Nå her eg til og med pussa arvesølvet som glitrar og skin frå øverst i dei opplyste vitrineskapa. Ettermiddagen og kvelden har me brukt til å få saker og ting på plass i skuffer og skap og sortera ut det som kan kastast eller forærast til frelsesarmeen. Nå er det meste på plass, men stova må me gjenerobra i morgon og prøva å få ting på plass att og å få vaska skikkeleg der, for det har det vore vanskeleg å få til nå i byggefasen. Det eine dreg det andre med seg, og plutseleg ser stova veldig shabby ut i forhold til kjøkkenet. Me får velja å kalla det «shabby-chic» det er høg mote…

I morgon blir det ny tur til Ikea for i beste fall å skaffa oss eit lite bord og eit par stolar i tillegg til nokre lister og handtak som mangla då me skulle montera. Me er blitt tittgjengde der. Til oppmuntring for ryddande foreldre, reiste Ingrid ut og handla mat og nye klutar, og så innvia ho kjøkkenet med å laga middag til oss. Me stod der alle tre og brukte sikker tjue minutt på å finna ut korleis kokeplatene fungerte, men me fekk det til til slutt. Rett nok hadde Halvard med største sjølvfølge varma seg litt mat på ei steikepanne ein time tidlegare, men Halvard var ausgeflogen, og ingen av oss forstod korleis han hadde fått det til. Men til slutt ordna det seg og me fekk servert bakte poteter med smårettsbacon, salat, løk, kvitløk, rømme, mais og ost. Det smakte kjempegodt. Ho er slett ikkje så verst, ho der eldstejenta vår.

I føremiddag har eg skrive litt, og studert dikta til Skjalg Bye, Anne Bøe, Paulo Coelho og Leonard Cohen. Det er kjempeinterressant å jobba med dikt og diktarar på denne måten. Ein av dei rørande opplevingane frå i dag var å gå inn på YouTube og sjå Leonard Cohen framføra Hallelujah. Han står der med svart hatt og er litt gammal mann og syng med sjela si på ein så sår og oppriktig måte at det i alle fall treff eit eller anna i mageregionen på meg. Eg anbefalar deg å gjera det same.

Då eg var sånn omtrent ferdig med dagens skrivande timar, kom Venus inn med masse slike små frøstjerner som dryss frå eit eller anna tre, og som det er fullt av nå om hausten, i pelsen sin. Ho ville spasera på tastaturet og klappast og kosast og matast. Så fekk eg veldig koseleg og litt overraskande besøk av Borghild, niesa mi som er nyutdanna fotograf. Eg håpar at eg og ho kan få til eit samarbeid om eit eller anna kreativt prosjekt. Ho tek så fine bilete. Dei kan sjåast på http://www.borghild.com. Sundag for tre veker tok ho med seg Sunniva, Vilde og Irene med ut på det som på godt norsk blir kalla for photoshoot, og eg synest at bileta er blitt veldig vakre.

Og nå trur eg Sunniva kjem heim, det betyr at eg og kan legga meg snart… Og i kveld er eg faktisk klar for det…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: