Gå til innhald

Sundagen har landa.

august 30, 2010

Det er sundag og eg står opp.

Alle ting er nye.

På kjøkkenet mitt er det glitrande svarte benkplater av stein

og nye kvite skap

så merkeleg det er.

Eg set meg med tastaturet under fingrane.

Dikta kjem i lange rekkjer  i dag.

Dei held einannan i hendene,

og eg smilar til dei.

Kakerøre av eggekviter og valnøter,

av sukker og knuste ritzkjeks.

Døtrene mine sit på dei nye kvite stolane

dei ser på meg som baker. Alt er så nytt,

Me har framleis ikkje knekt kodene til

steikjeomnen og microen.

Der står mor og far i kjøkendøra

dei har med rosa rosern.

Du kan dela buketten i to seier mor.

Ingrid skal hjelpa til,

for eg står jo og baker.

Vasen veltar med alt vatnet.

Og folk spring til

for å berga det nye kjøkkenet frå alt vatnet.

Dei ser på meg begge to,

mor mi og dotter mi

med same blikket på meg i midten.

Dokke gjer meg heilt nervøs seier eg,

og så prøver me å le.

Dei viser korleis eg kan legga lokket

for ikkje å søla kvit krem på den nye blanke plata.

Men eplekaka blir viss ikkje steikt.

har me då endå ikkje forstått denne nye steikeomnen?

Men så blir det kake med krem og bringebær

med druer, nektarin og kiwi

og eplekake med sukker og kanel

og krem i ei lita blå skål. Me får meir gjester.

Der kjem Anne Mette

akkurat på tida nok for kake.

Vepsane er innpåslitne på denne tida.

Anne Mette balanserer ein asjett med kake,

på den eine sida har ho katten,

på den andre ein augustveps.

Far min,

supermann utan fantomdrakt

prøver å fanga stikkeklare veps med bare fingrane.

Han er viss den siste mohikanar eller noko slikt.

Og så blir dagen ein samtale,

så fint å ha deg her, Anne Mette.

Sidan ho må rekka ein konfirmasjon om ei veke,

kan ho ikkje vera her så lenge.

Om eg bare unne finna brillene mine,

kunne eg sitja på til sentrum

for å sjå på forstilling ein gong til.

Eg vil jo sjå Vilde dansa,

og eg vil sjå mor hennar få tårer i auga fordi Vilde dansar,

det er noko eg  plutseleg heilt bestemt ikkje vil gå glipp av,

dersom eg bare kunne finna brillene.

Har du gitt opp, spør Anne Mette

når det er fem minutt att til forstillinga.

Eg gjer ikkje opp før om to minutt, seier eg.

og der er dei jammen, i aller siste minutt.

Så syng me i bilen eg og Anne Mette,

bi på herren vær ved godt mot,

Jeg løfter mine øyne opp mot fjellene,

og alt er så fint,

og visst rekk eg forestillinga,

i siste augneblinken rekk eg ho,

der står Sunniva og sel brus,

for ho spelte forestilling i går,

og skal ikkje spela i dag.

Give me five seier ho, og det gjer eg.

Og Vilde dansar, dverg og apekatt,

krabbe og indianar,

og Irene er Ariel med vippande augnevipper

og med lang havfrueparykk.

I går var det  Sunniva som dansa,

dei er så fine alle saman.

May Brit vil bli med og sjå på kjøkkenet,

og der står jammen Heidi og Per Inge i gangen heme.

Eg blir så glad fordi dei er her.

Ingrid har bakt rundstykke

og framleis er her att litt kake.

Eg må bare skunda meg litt

for eg skal i kyrkja og lesa dikt,

og så skal eg rigga til bønevandring,

Eg leitar fram ikonar

og det vesle krusifikset som Sofie laga til meg,

eg finn blanke ark

og krossen av krystall

som Odd Christian bar heim til meg i ryggsekken

frå saltgruva i Polen.

Han reiste rett etter 11.september

det året då 11.september brende seg inn i historia

og eg ville mest ikkje at han skulle reisa

til Polen i den store bussen

medan verda var av hengslene

men det er ein annan historie.

Eg halar med meg den store krukka etter bestemor,

som eigentleg ikkje er så veldig fin,

men som bestemor var glad i og eg nok aldri

kjem til å klara å kvitta meg med.

Nå skal ho vera bønekrukke med bøner frå folk til Gud,

og ho skal berast fram til alteret.

Kulepennar og fyrstikker må eg ta med meg,

ein stor spegel frå kjellarboda,

blomar frå hagen, vasar

og tre av mor sine roser.

Og så må eg reisa.

Kom snart igjen det er så fint å ha dokke her,

seier eg til Heidi og Per Inge,

og så må eg springa.

Eg kjem ti minutt etter avtalt tid,

og det blir litt hektisk før roa senker seg i kyrkja.

Torunn står i døra og deler ut salmebøker,

men  framleis har ingen kome.

Eg veit ikkje kva for eit av desse dikta eg skal lesa,

seier eg. Har du tid til å velja eit av dei?

Ho les fort gjennom og meiner det same som meg.

Så senkar freden seg,

og trompeten løfter oss til himmels

saman med orgelet.

Så heldig eg er som her ein plass å høyra heime i,

tenkjer eg,

eg har ei kyrkje å bu i.

Og eg les dei to dikta frå lesepulten

og det kjennest bra.

Dei er heilt nye seier eg til folk,

men eg tok sjansen på å lesa,

sjølv om eg kanskje kjem til å forandra dei.

Etterpå det godt å vera heime.

Eg har vondt i hovudet og vil legga meg.

Ingrid kjem opp med varm suppe.

Varm suppe med mais og bøner

og med små tacoskjell til å dryssa på toppen.

Så et eg suppa i det nye kjøkkenet mitt

i lag med den same gamle kjærasten.

Sundagen har landa.

Han vart god.

Melder Heidi frå føremiddagen etter. Ho leikar forfattar og eksperimenterer litt med formene.

Heidi

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Jamen detta är då en trevlig form!
    Det kanske inte är så väldigt annorlunda egentligen från hur du vanligtvis skriver – men man läser det nog med lite mer eftertanke.

  2. heidi permalink

    Ja, dette er vel det dei kallar knekkpoesi. Det å brekka opp setnigar som mest likegodt kunne vore i vanleg prosaform var vanleg på 70-talet trur eg, og vekte ein viss forakt blant betrevitarar. Men eg synest denne forma er litt sjarmerande.

  3. Torhild permalink

    Heidisk og veldig bra!! Gler meg til å nyta det nye kjøkenet dykkar:)

  4. heidi permalink

    Ja, du må snart koma ein tur og nyta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: