Gå til innhald

Juledagar

desember 30, 2010

På tross av at både Halvard og Odd Christian var sjuke, så vart juledagane gjennomførde omtrent som planlagd. Første juledag var det først frokost for dei som held til her i huset, og så var det faklar utanfor og nysteikte rundstykke, laks, ost, fenalår, eggerøre, lefser, gome, krumkaker, risbollar, moltekrem og riskrem med rød saus, til storfamilien. I tillegg var det overdådige fat med frukt og konfekt, eit relativt velstrigla hus med brennande lys og levande blomar over alt. Ute var det det finaste juleveret ein kan tenkja seg med kald vinter, snø og sol. Det vart fint. Etter at gjestene hadde gått, landa alle me sjuke og halvsjuke på sofaen til Ingrid, der me såg ein veldig fin film eg hadde fått av Halvard til jul.

Andre juledag var det nydeleg oksesteik med rødvinssaus og rosenkål hos syster på Figgen, denne gongen og for heile storfamilien. Etterpå reiste eg og kjærasten min og Sunniva i juleselskap til Torhild i Klokkarvegen. Veldig koseleg der og, men etter nokre timar hos Torhild og Per Magne kjende eg at eg og var klar for sofaen, eller aller helst senga. Tredje juledag låg Halvard og Odd Christian på kvar sin sofa og eg i senga, men så kom me til ein slags oppstandelse alle saman, og nå er me alle så godt som friske.

Sidan eg har blirr nøydt til å ta det litt meir med ro enn eg hadde tenkt, har eg fått tid til å kosa meg med fjernsynsprogram, mellom anna ein rørande dokumentarfilm om sonen til Cornelis Wresvijk som reiste til Tromsø for å leita etter gamle venner av faren og spor etter faren som budde der ein periode. I tillegg hadde han konsert der saman med ein musikarkompis han reiste i lag med. Eg såg og ein fin dokumentar om John Lennon dei siste åra hans i New York. Og så har eg lese bøker. Sunniva gav Halvard boka som Kristoffer Schau laga etter at han gjennomførde eit prosjekt som gjekk ut på at han skulle dukka opp i gravferder til totalt ukjende menneske. Dette var menneske som hadde fått gravferdene sine annonserte med teksten: «På vegne av venner», noko som indikerte at avdøde var utan etterlatte. Ein del av desse gravferdene blir haldne med presten og organisten som einaste tilstadeverande utanom representanten frå gravferdsbyrået. Slike gravferder gjekk Kristoffer Schau i. Eg får eit veldig positivt bilete av han i boka. Det er på ingen måte den grenselause moromannen Kristoffer Schau som på ein usmakeleg måte vil raljera over folk som døyr einsame. Han nærmar seg det heile med masse empati og stor respekt. Både han, og eg som lesaar blir rørte over å oppdaga at det finst prestar som verkeleg går inn for å laga fine preiker der dei ynskjer å laga eit fint, varmt og respektfullt minneord for avdøde, sjølv om dei risikerer at ingen kjem for å høyra på, eller tilsynelatande bryr seg om avdøde.

Så har eg lese ut biografien til Åse Marie Nesse, som eg og anbefalar. I begynnelsen syntest eg kanskje at forfattaren av boka haldt ein litt for respektfull avstand til stoffet, men den kjensla gjekk over etter dei første kapittela, og eg sit att med eit nokså klart bileta av mennesket Åse Marie Nesse, eit menneske det hadde vore fint å kjenna. Eg fekk oppleva å høyra henne lesa opp fleire gonger. Den siste gongen var ho synleg prega av kreftsjukdomen, men rakrygga og modig.

Og i tillegg har det jammen blitt romjulstreff både her og hos andre, så det har vore innhaldsrike dagar på trass av at me har hangla litt. nå i jula har det blitt både treff, julebrev og telefonar frå venner eg ikkje ser så ofte. Eg må seia at eg kjenner mange som eg verkeleg beundrar for evna dei har til å tenkja positivt, stå på og møta livet sterkt og opent.

Eg har tenkt på det Herbjørg Wassmo sa på radioen då eg vart inspirert til å skriva julesongen. I jula har me alle eit sårbart lite barn i oss som gjerne vil koma ut for å finna den magiske gleda. Eg synest det er ein djup og sann refleksjon, og har ikkje heilt klart å sleppa denne tanken. Eg har ein idé til ei biletbok om dette. Eg skriv det ned her slik at eg ikkje mistar ideen. Dei siste dagane har eg bearbeide Tor Åge Bringsværd ssitt teaterstykke «Den store fargeslukaren,» som eg synest er heilt fantastisk. I føreordet skriv han om dette å skriva. Han er irritert på at folk snakkar om bøker for barn og teater for barn. Han seier at han skriv for menneske. Han skriv biletbøker for menneske, ikkje biletbøker for barn. Eg likar tanken.
Nå må eg ein tur på biblioteket og ein tur ned på jobben før eg skal i femtiårsdag i kveld. Ha ei framleis fin romjul.
Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    Gildt å lesa, Heidi! Takk for det gamla – og eit godt nytt 2011 til deg og dine!! Gler meg til å syngja Stjernesongen vår i Brynejyrkja 2.januar!!

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Eg gler meg og. Du blir ein del av preika.

Kommenter innlegget