Gå til innhald

Eit godt år i 2011

januar 5, 2011

Ynskjer eg alle mine venner og alle andre lesarar. Som alle andre år så står ein plutseleg der litt fortumla på den andre sida av eit årsskifte og skal gå vidare inn i nye rom og nye korridorar der nye landskap skal opna seg. Og innerst inne veit me jo at det bare er ei veldig teknisk inndeling av tid det heile dreiar seg om.

Eg vil gjerne halda fast. Halda fast tid, halda fast stemningar og situasjonar, halda att det meste. Nå har eg akkurat plukka juletreet reint for pynt. Det er ikkje fint lenger. Meir enn halvparten av nålene ligg på golvet. Om det i det heile tatt er nåler att når me sleper det ut døra veit eg ikkje. I år har me hatt norsk gran. Det er på ein måte vakrare enn edelgran, synest eg, men held seg mykje kortare. I sist veke velta heile treet over ende, og ein del av den finaste pynten knuste. Etter det har ikkje treet vore heilt seg sjølv lenger, og då julelysa definitivt slutta å lysa i forgårs, var det ikkje så mykje meir å gjera enn å avslutta heile juletreet for denne gong. Eg er den som vil halda fast på ting, mor er den som gjerne vil avslutta, då eg var lita var me sånn omtrent dei første som rydda ut juletreet, eg missunte vennene mine som hadde jul i stova litt lenger. Trenden nå er å pynta til jul veldig tidleg og å rydda vekk julepynten tilsvarande tidleg. Eg har stritta i mot fordi eg gjerne vil at det skal vera jul når det verkeleg er jul og ikkje tidleg i desember. Kanskje eg framskundar det heile litt neste år. Det dreier seg jo mest om skikkar og sosiale ordningar… Viss eg lever i eit samfunn som feirer jul frå 1.-26-desember, så får eg kanskje godta det og ikkje vera siste mohikanar som heller vil halda jul frå lille julafta til 20.dagen eller noko slikt. Heilt eigentleg så betyr det vel ikkje så frykteleg mykje, kanskje. Men englane og stjernene og den andre pynten skal få stå, i alle fall fram til over helga.

Sidan me var litt småsjuke i heimen både jul og romjul, kom eg litt bakpå med skriveprosjekt og deadliner, men det er utruleg kva ein får til med litt tidspress. Dei første dagane i januar har eg fått gjort veldig mykje, og det ser ut som om eg skal nå alle fristane. Nå må eg ta eit par steg ut av skrivestova for å gjera litt forefallande husarbeid, og prøva å halda mine eigne planar om å få masse trim. Me er ein rar saueflokk. Nå handlar folk unisont inn som gale til all verdas obskure slankekurar, og bilane står i lange rekkjer utanfor trenigsstudioa. Mennesket er eit dyr som søker selskap med sin art…

Her har snøen og kulda som har prega desember månad takka for seg i denne omgangen og landskapet er nyvaska og relativt snøfritt. I går var det ein del livsfarlege parti med stålis med eit par cm vatn på, men kanskje det er mogleg å ta seg meir ubesværa fram i dag. I går kveld såg eg «Kongen av Bastøy» på kino i lag med Oddvar og Ingrid, og eg anbefaler filmen.

Glad fortsetjing alle samen, på livet altså… For det er jo faktisk det som går vidare sjølv om det er eit nytt år.
Heidi

5 kommentarar
  1. morsan permalink

    En riktigt god fortsättning till dig och de dina ❤

  2. Tintomara permalink

    God fortsättning!
    jag känner ungefär som du gällande juletideerna. Jag vill adventspynta lite itll första advent, och så ha jul från dan före dan till tjugondag knut. Fast nu har jag ju inte orkat få fram så mycket julpynt p g a krasslighet, men det kommer väl andra jular. Här i landet dyker julpynt nu upp i affärerna i oktober, det gillar jag inte!
    Tänk att ni har nästan snöfritt – här är det jättehögar!
    Och mer blir det…

  3. heidi permalink

    Takk for det, morsan og Tintomara. Klart det kjem nye juler. Det som er litt komisk, Tintomara, er at eg kjem i utakt med den store bølga. Når eg endeleg har fått julefreden senka i stova, sånn ca 2. juledag begynner folk å seia at nå skal det bli deilig å få juletreet ut for nå er dei så leie av jul… Då er det jo litt komisk om eg skal tvihalda på at eg har rett og påstå at alle andre har teke jula på førehand. Menneske er eit merkeleg vesen. Nå er det kvitt igjen her, Tintomara, eit fint kvitt snødryss. Så får tida visa om det får ligga. Visst er det utruleg vakkert med snø og vinter, men heilt klare fordelar med å ha det snøfritt og.

  4. Scylla permalink

    Jag håller med dig. Jag julpyntar inte förrän dagen före julafton. Innan dess är det bara lite adventspynt som åker fram, och så ett luciatåg till Lucia. Jag har alltid vanlig gran. Visserligen barrar de, men ädelgranarna doftar ju inte, och vad är det då för mening med det hela? Halva njutningen försvinner då. Egentligen hade jag nog velat städa undan julen denna helg (8-9), men jag vill minnas att Älsklingen gärna väntar till 20-dagen, så det får bli så. När jag var liten blev jag helt förtvivlad om mina föräldrar ville städa ut julen före 13:e – och troligen även senare ändå. Jag har ett vagt minne av en i det närmaste barrlös gran som jag vaktade med mitt liv medan mina stackars föräldrar försökte intala mig att NU är det faktiskt dags!

  5. heidi permalink

    Det er godt eg har forbumdsfeller ute i den store verda 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: