Dei store festreisene
Den siste veka har vore supertravel. Eg har arrangert to store festar, hatt familieselskap for Sunniva, hatt to planleggingskveldar på jobben og hatt to dagar med forestillingar. I går fyllde eg huset med flotte damer som eg har stor sans for. Eg dekka tre bord i stova og serverte rømmegraut, spekemat, røykelaks, eggerøre, pastasalat, heimebakte rundstykke og tre heimelaga kaker. Det vart veldig vellukka. I alle fall frå min synsvinkel. I dag vakna eg veldig glad og veldig trøytt. Eg og Ingrid har vore ein tur på jærdagen, og gått tur i regn. I kveld vart me spontant inviterte til Arne og Hilde saman med Ståle. Det vart ein veldig fin kveld. Eg trudde at eg skulle gå heim etter nokre timar for å sova meg inn. Eg burde kjenna meg sjølv betre enn som så… Men nå ventar senga snart. Eg har fleire forestillingar i veka som kjem og, så det ville vera ein idé å prøva å henta seg inn litt med soving.
I gårkveld song me mellom anna en gamle gode songen «Du skal ikkje sova burt sumarnatta, ho er for ljos til det. Då skal vi vandra i saman ute under dei lauvtunge tre.» Og slik er det med den saken.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Livet og alt ein burde ;-), Mat, Musikk, Natur, sommar, Teater og film.