Gå til innhald

Som såpebobler i vinden

mai 29, 2011

I føremiddag var eg på økumenisk gudstensete på torget. Det er festival- og marknadsdagar i den vesle byen vår og denne typen gudsteneste var ny av året. Den siste helga i mai vart i si tid vald til festivalhelg fordi det var den helga i året med statistisk sett finast ver. Det har ikkje slått heilt til i år. I dag var det 10 grader ute og regnbyger. Ti grader er ein sånn typisk temperatur her på våre kantar av verda. Me kan risikera å ha ti grader både på julaftan, nyttårsaftan, 17.mai og St. Hans. I tillegg kan det vera ganske frisk vind til alle årstider.

Det var rørande å stå der på torget som var fullt av folk og synga saman med forsongarane på scenen: «O store Gud, når jeg i undring aner, hva du har skapt i verden ved ditt ord, ser universet med de mange baner…»  Regnet haldt seg borte under gudstenesta, solakikka til og med fram med jamne mellomrom. Vinden kom frå fleire kantar, slik at såpeboblene frå eit barn i nærleiken vart pusta fram og tilbake i lufta medan dei glitra og blenkte i ulike fargar. Innimellom kjende eg lukta av ein veldig god parfyme som ein eller annan i nærleiken må ha hatt på seg, og som med små mellomrom vart pusta forsiktig mot ansiktet mitt. Eit gospelkor frå den store byen fekk det verkeleg til å svinga, og etter gudstenesta vart torget inntatt av ei ekta middelalderaktig gjøglartrupp som gjestar byen vår i anledning festivalen. Etterpå måtte eg streifa litt rundt i gatene med opne butikker og mange salgsboder. I gata lukta det av grilla pølser, nysteikte crepes og diverse andre salsvarer. Eg kjøpte med meg ein røykt ost frå nederland og ein liten boks grøn pesto.
Vel heime kjende eg kor trøytt eg var, og kor velsigna godt det var å setja seg med ein varm kopp kaffi og sjå på film saman med Ingrid og Halvard. Me såg «Kongens tale», og alle saman likte filmen veldig godt. Rett nok måtte ungane vekkja meg med jamne mellomrom fordi dei tok meg i å somna framfor fjernsynet, men med litt oppvekkingshjelp klarte eg å få med meg det aller meste.

Eg har vore responsgruppe og kollokviegruppe for Ingrid som snart skal ha norskeksamen. I går og i dag har me lese ei dansk bok om argumentasjonsanalyse. Det er veldig interessant. Eg lærer rett og slett mykje av å involvera meg i eksamenslesinga til mine heimebuande barn. Det er nyttig å bli litt fagleg oppdatert.

Heidi

From → Barna mine, Mat, Natur, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: