Å vera frisk og levande
Eg innrømmer gjerne at eg er hypokondar. Fordi eg helst ikkje vil tenkja på alle sjukdommane som eg tur at eg kanskje kan ha, så går eg sjeldan til legen. I sist veke var eg hos ein ny optikar. Eg kjende der dirra ørlite i hypokondarmuskelen då han foreslo å måla trykket på augene sidan det aldri var blitt gjort før. På den måten kunne ein oppdaga skumle sjukdomar, som ein elles ville ha oppdaga på eit langt seinare tidspunkt, sa han. Sjølvsagt var trykket heil i orden, og det trudde eg jo eigentleg.
Det er ikkje alltid eg eigentleg trur det. I sommar tenkte eg mykje på at eg kunne ha ein diagnose eg heldigvis ikkje hadde då eg endeleg fekk sjekka det ut. Det hender eg er engsteleg ganske lenge før eg tek mot til meg og sjekkar det ut. Då risikerar ein nemleg at all tvil blir fjerna og at ein må leva vidare som alvorleg sjuk. Av og til slår det meg kor ufatteleg smal grensa er mellom heilt frisk og alvorleg sjuk, mellom det å leva, og det å gå over grensa til noko anna. Samtidig som døra opna seg til eit nytt arbeidsår, fekk eg vita at eg faktisk var frisk, og ikkje trong å bruka meir krefter på å psyka meg opp til å vera alvorleg sjuk. Eg var i grunnen godt i gang med det siste allereie og visste at eg skulle kunna ta det som koma skulle. Sjølvsagt vart eg ufatteleg glad over endeleg å ha fått sjekka ut noko eg hadde vore veldig redd for, og for å få det svaret eg mest ønska meg. Ikkje alle er så heldige. Og visst vart eg glad. Så glad at eg alvorleg trudde eg kunne besvima av glede viss eg ikkje haldt meg fast i noko.
Og så bar det rett på jobb og inn i eit nytt og fantastisk rom der alle krefter krevdest. Etter snart ein månad i første klasse, blir tempoet nå langsamt litt rolegare, trur eg. Og det har rukke å bli haust ute. Haustregnet har silt ned i vekevis, og eg har innsett at eg dette vart den sommaen eg aldri kom så langt som til å bada i sjøen. Eg likar hausten og likar regnet. Kanskje det har samanhang med at denne hausten har eg vore så ufatteleg glad for å vera frisk og levande.
Mellom mykje anna held eg på og lesa dei bibelske salmane. Det er fascinerande lesning. Først må ein forsona seg med at salmisten i mest kvar einaste salme ber Gud om å straffa alle fiendar. Heldigvis har synet på Gud og på religionen som blir uttrykt kome vidare sidan då. Det fascinerande ligg i å faktisk få lesa eit autentisk dokument om levande menneske si gudsoppleving, gudslengt og tillit til Gud for fleire tusen år sidan. Då kan det vera nærliggjande å tenkja som Sigrid Undset at mykje forandrar seg, men sjølve menneskehjartene er uforanderlege. Linjene under er henta frå salme 55, 56 og 57 i bibelen. Slik kjenner me det framleis når me kjenner oss små og trua, trur eg.
Eg tenkte:
Hadde eg venger som dua,
då flaug eg bort og fann meg ein bustad.
Langt av garde ville eg røma og halda til i øydemarka,
for eg ser bare vald og strid i denne byen.
Når eg er redd, vil eg lita på deg.
Eg har tillit til Gud og er ikkje redd.
Kva kan vel menneske gjera meg.
Eg må liggja midt mellom løver
som vil gløypa menneska.
Deira tenner er som spyd og piler,
deira tunger som kvasse sverdet.
Vær meg nådig Gud,
for eg flyr til deg.
I skuggen av dine venger finn eg livd til ulukka er over.
*
Me syng mykje med førsteklassingane. Blikka deira er fulle av stjerner og heilt utan atterhald. Eg sluttar med nokre linjer om hausten i ein song dei elskar å synga:
«Så når høsten kommer,
leke gjemsel inne, jeg kan stå,
se når regnet flommer,
danse rundt med gummistøvler på.»
Det siste kunne eg og ha gjort akkurat nå, men begge para mine med gummistøvlar står i garderoben på skulen…
Heidi