Gå til innhald

Babettes gjestebud

november 24, 2011

Dette året har det vore tett mellom gjesteboda. Det skuldast nok mest av alt at fødselsåret mitt er slik at året 2011 er femti år meir, og dermed er for eksempel alle dei eg gjekk på barneskule, ungdomsskule og gymnas med same årgangen som meg. Dei utgjer framleis ein stor del av grunnstammen i vennekretsen min, og eg er så takknemleg for å ha så mange venner både dei eg har kjend «alltid» og dei eg har plukka opp undervegs. Dei fleste av lærarskulevenninnene mine er eit å eldre enn meg, så feiringa fekk fart på seg allereie i fjor, men i år har det teke heilt av. Feiringane har stått som fjelltoppar over vekene og månadane, alle har vore ulike, og alle har vore fine. Dessutan har eg nok ei feiring og tre i vente, for heldigvis har eg då ein del venner som er yngre enn meg og. Om eg ville så kunne eg laga ein eigen blogg med overskrifta «fine feiringar», det kunne kanskje blitt litt einsformig trass alt? Men eg har lyst til å fortelja om to feiringar til fordi dei var heilt spesielle for meg:

Den første var ei forsinka feiring av meg sjølv. Synneva fekk ikkje til å koma på den store feiringa, så ho ville i staden ta meg med på blåtur. Den ståande avtalen heile sommaren var at den første dagen med fint ver det passa for begge, skulle eg bli henta på døra til noko eg ikkje fekk vita kva var. Det seier vel litt både om veret på sør-vestlandet og om våre respektive tidsskjema at den dagen aldri kom. Derfor vart eg invitert til blåtur heime hos henne i staden, og troppa opp heilt uvitande om kva som skulle skje. Eg vart motteken av lykter på trappa og yngstedottera som danna velkomstkomite saman med ein nabokatt. Det viste seg at det eg opprinneleg hadde gått glipp av var ein båttur og ein picnik. Båtturen let seg ikkje avvikla innomdørs, men picnik skulle det bli ei råd med. Inne på soveromet var det dekka til måltid på golvet og picnikkorga stod klar med presangar eg skulle fått med til turen, eit varmt pledd, glas, skåler og drikke. Det var utvald musikk i lokalet og fullt av lys, mellom anna eit stort hjarte forma av telys. I lag med døtrene hennar slo me oss ned i senga til prat, høgtlesing og spel. Måltidet var nydeleg traktkantarellsuppe med laga av sjølvplukka sopp. Synneva har ein eigen evne til å skapa små smilehol i heilt vanlege dagar.

For to helger sidan var eg på jentefest hos Anne Mette, ei av dei næraste venninnene mine heilt frå den dagen eg tok det store skumle steget å begynna på vidaregåande skule i den næraste byen. Ho hadde vald å samla venninner ho hadde samla seg gjennom livet til eit skikkeleg gourmetmåltid med innleigd kokk. Det vart eit måltid så spesielt at alle lågkarbovanar, vart sette eit lite steg til sides. Dette kunne eg bare ikkje gå glipp av.

Først fekk me gåseleverpaté på toast med fennikkelsalat, så var det kamskjell i appelsinsaus med ein eller annan variant av mosa grønnsaker, første hovudretten var grillsteikt torsk på ei seng av grøn erterpuré med sprøsteikt bacon over, og neste hovudretten var andebryst i porvinssaus med hasselbackpoteter, under serveringa av andebrystet begynte nokon å beklaga at dei var i ferd med å bli veldig mette, men at maten var så fantastisk at det var umogleg å ikkje eta han. Desserten var heimelaga sjokolademousse med friske bær og frukter. Sjølv om me sat til bords mest heile kvelden og smatta forsiktig med tungene mellom songar og gode ord, så rakk me aldri å eta kakene som stod klare på kjøkkenet. Me får bare håpa at overnattingsgjestene ikkje var for mette til å smaka på ei før dei reiste heim… Men eg hugsar ikkje kvelden bare for maten, som eg har konsentrert meg om å hugsa heilt fram til nå, fordi eg gjerne ville skriva ned menyen, men kanskje aller mest for den varme, opne og trivelege atmosfæren som var der.

I dag har eg bakt grovbrødpå lavkarbopulver som luktar utruleg godt. Nesten ingenting i heile verda luktar så godt som heimebakt brød. Eg har fredagsfri i morgon og nyt tanken på å kunna sova litt ekstra frampå. Eg har hatt ei fantastisk fin veke på jobb  med ei fin forestillign midt inne i det andre. Det er eg takknemleg for.

Takknemleg og overraska er eg og over at boka me bestilte i femti eksemplarer i dag morges,  og reklamerte for på facebook, vart utseld før det var gått eit halvt døgn. Me har nå bestilt femti bøker til. Det heile kjennest eigentleg litt uverkeleg, må eg innrømma. Eg lurer på om eg klarer å hala det sedvanlege desemberprosjektet mitt i havn i år og. Det går ut på å skriva innlegg på bloggen kvar einaste dag. Det er ein litt fiks idé å dokumentera alle dagane i mai og desember frå år til år. Eigentleg må dei vel vera valde med sviktande dømmekraft, for desse må jo vera dei desidert travlaste månadane i løpet av eit år…

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget