Gå til innhald

Min kamp…

november 27, 2011

Eg innrømmer det. Eg har lese Karl Ove Knausgård sin sjølvbiografiske serie med stor interesse. Eg har tidlegare latt vera å kjøpa bøkene, men denne gongen vart freistinga for stor. Eg rekna med at ventelista på biblioteket var lang, og etter å ha lese to-tre andmeldingar, vart eg så nyssgjerrig at eg kasta meg på sykkelen med eit gåvekort i ein bokhandel i lommeboka. Eg ankom bokhandelen samtidig med bøkene, og vart den første kjøparen av «Min kamp 6» her i småbyen min. Boka er tjukkare enn alt anna eg har vore borti. Eg lurer på om ho ikkje er på over tusen sider. Dei aller fleste har nok tenkt på tittelen på boka og undra seg over val av namn, som nødvendigvis må få folk til å tenkja på ein heilt annan forfattar som opererte i Tyskland for sytti års tid sidan. Ei av overraskingane i den siste boka er at Adolf Hitler står fram som ein nøkkelperson i romanen. Ein stor del midt i boka er via filosoferingar og refleksjonar omkring mennesket Hitler. Dette vil eg tru kjem overrumplande på dei fleste lesarane, og sjølv la eg tappert bak meg side etter side etter side etter side i timevis for å koma tilbake til Knausgårdbiografien. Ikkje det at ikkje Hitlerdelen er velskriven og interessant, det er han faktisk, og Knausgård står her fram med eit meir reflektert og intellektuelt image enn ein har fått inntrykk av til nå.

Hovudemaet i denne boka er kostnadane og smertene ved prosjektet han har kasta seg uti: Det å skriva ei fullstendig ærleg framstilling av sitt eige liv. Sjølvsagt let dette seg bare gjera til ei viss grad, noko forfattaren er svært klar over. Han har teke opp ein av reglane frå Kristianiabohemen: «Du skal skrive ditt liv», og prøver å gjennomføra det så langt det let seg gjera. Sidan menneskelivet, både mitt eige og andre sitt, alltid har fascinert meg voldsomt, er dette ei bok som appellerer til meg. Eg har vore ein pasjonert smuglyttar sidan eg lærte meg språket, men til mitt eige forsvar vil eg påstå at eg ikkje misbruker det eg høyrer. Derimot forsvarar eg meg med at det å fanga opp andre sine samtalar på bussar og tog vil gje meg innsikt som eg ein eller annan gong kan bruka i ein roman eller noko…  Eg er djupt fascinert over tanken på at nokon vil våga seg ut på å beskriva eige liv på ein så naken måte som Knausgård gjer. Samtidig så ser eg godt at det ligg djupe moralske dilemma i det han gjer. Kva rett har ein til å utlevera andre menneske, og så lenge ein ikkje har levd heile sitt bevisste liv som ørkeneremitt, så vil ein automatisk ha eit liv som er uløyseleg vevd saman med andre sine skjebnar og levde liv.  At nokon meiner at ei bok om Knausgård eller andre sitt levde privatliv er eg djupt ueinig i. Eg synest det er superinteressant å få betrakta eit anna liv enn mitt eige frå innsida, og det ville eg ha tenkt same kven forfattaren var. – Det er derfor eg les bloggar med stor interesse. Det fortel meg noko om livet på ein måte som er hakket meir objektivt enn det livet eg sjølv observerer frå innsida av meg sjølv.

I all beskjedenhet så er det jo litt av det same prosjektet eg driv på med her, nemleg å forsøka å halda fast små element av levd liv og nagla dei fast med ord. For meg er det nødvendig å ha reglar for skrivinga som kanskje gjer meg mindre ærleg enn Knausgård. Eg skriv aldri noko her om noko menneske som eg trur vil kunna skada, eller noko som eg ikkje trygt ville kunna la den omtalte lesa. Eg ynskjer å omtala andre med respekt og varme. Det er ein balansegang å vita kva ein kan ta med og ikkje. Kor mykje kan ein fortelja om andre menneske sine liv utan å gå over nokon strek, og kor mykje kan ein fortelja om seg sjølv utan samstundes å fortelja noko om andre?

Nei, eg blir nok aldri den nye Knausgård, og sjølv avsluttar han boka med å karakterisera prosjektet sitt som på mange måtar mislukka og at han veit han må leva med at han har utlevert sine næraste på ein måte dei må leva med at han har gjort. Det siste han skriv er at han etter å ha levert manuset skal la seg fylla med gleda over at han ikkje lenger er forfattar…

Sjølv har eg hatt ei god og travel helg, til dels med stormen Berit hylande utanfor dørene. Etter nokre overveldande dagar med folk som vil kjøpa den vesle dikt – og fotoboka vår, ser det nå ut til å ha roa seg litt. Me har 20-30 bøker att av den siste bestillinga som framleis ikkje er selde, og det er heilt ok. Dei kjem til å gå med etterkvart. Etter å ha vore veldig sosial heile helga med to kveldar i lag med gode gamle venner, og med julemesse i kyrkja har dette blitt ein familiedag. Me er nå ein heil del menneske som held oss i dette huset og, så direkte usosialt har det ikkje vore det heller. Eg hadde lova dei to eldste å vera responsgruppe i eksamensarbeid, så eg har hatt ei økt med språkhistorie og litteratur saman med Ingrid, og ei økt med buddhisme og jainisme saman med Odd Christian. Eg og han låg flate på kvar vår sofa med kvar vår bok og eld på peisen og tend adventlys på bordet. Eg må me skam melda at Buddhas lære var ekstremt søvndyssande, men det skuldast nok meir min eigen mangel på nok nattesvevn enn innhaldet i boka. Og dessto meir eg les, dessto meir ser eg at eg ikkje kan… Eg trur at eg verkeleg kunne hatt lyst til å studera religionsvitenskap sjølv ein eller annan gong, men eg trur det er bra at det ikkje er meg som skal opp til eksamen i neste veke. Elles så er det litt trist å tenkja på alle dei interessante tinga ein aldri kjem til å rekkja å setja seg inn i i løpet av eit menneskeliv…

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Takk for alt du deler, Heidi!!

  2. heidi permalink

    🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: