Gå til innhald

Novemberbarn

november 23, 2011

Kledde i parkdressar og refleksvestar, oppstilde to og to i lange rekkjer med ryggsekkane på ryggen, tek me dei ut i verda. Vaksne med overtrekksbukser, knallgule refleksvestar og eit barn i kvar hand legg ut i eit barnevennleg tempo og stoppar med jamne mellomrom for å snakka om, visa fram, småskjenna, varma kalde hender og oppmuntra dei som ikkje orkar gå lenger. Det er allereie mørkt om morgonane, men etter morgonsamling og song er lyset her, og me er klare til å gå ut. Om ein tre vekers tid skal me ut på mørketur for å tenna morgonbål og fortelja historiar rundt bålet.

Som yngelpleieavdelinga i ei stor maurtue går me der og ser andre folk skjøtta sine jobbar, styra heisekranar, opna butikkar, sitja eksamensvakt eller kjøra bussar, og me tenkjer at me har nå den aller beste jobben i verda. Etterkvart slår me leir og hjelper dei med gjenstridige skrukoppar på kakaotermosane, me ordnar opp i småkonfliktar, ordnar køen ved rutsjebanen eller leier dei inn i mørke skogar medan dei klemmar deg hardt i handa fordi det kan tenkjast at det finnest ulvar der. Me studerer sneglar og ekorn, syng songar og kastar pinnar i vatnet, held kalde ungar på fanget tørkar snørr og tårer når det trengst. Eg tenkjer at dette er deira barndom, deira første år på skulen som dei skal ha med seg ut i resten av livet, og eg ber om at me må vera reine på hendene og ha kloke tankar og god vilje, me som er betrudde å ha ansvaret for dei.

Ettermiddagane blir mørkare og kortare, og kveldane med god tid er fylde med stearinlys og eit mørke som pakkar seg lunt rundt huset. At tida snart går over terskelen til julemånaden og adventtida er heilt uforståeleg.  Kor er denne hausten blitt av, eg klarer ikkje å fatta det. I går viste me forestillinga «Saman og aleine» der dramaelevane hadde dramatisert tekstane til elevane på skapande skriving. I tillegg hadde me med oss to danseelevar som dansa solodansar om einsemd og lengt, og forestillinga vart innleia av at Fryd spelte Gabriellas song på cello. Dette er ei forestilling eg har tenkt masse på i desse haustmånadane, og det var ei veldig god oppleving at det vart fint og omtrent slik eg hadde tenkt det.

Og på skulen går me mot jul i Kardemommeby. Det er ei sak for seg sjølv å instruera seksåringar, det har eg aldri før gjort. Leiken tek dei, og for Kasper og Jesper og Jonatan er det heilt umogleg å forstå at det står i manus at tante Sofie og politimester Bastian skal fanga dei utan motstand. Kvar einaste gang fell dei for freistinga å riva seg laus og springa og gøyma seg. Og papegøyane frå Amerika vaglar seg gong på gong på toppen av ribbeveggen. Dei er jo fuglar… Og sånn ca i neste veke er det vel på tide å begynna å instruera «den talende kamel». Det blir ei utfordring med eit barn i var pukkel dømd til samhandling og med kamelhovudet på ei stong.

I dag hadde eg friettermiddag og har laga pannekaker til kjærasten min, til Sunniva, Håvard og Halvard. Lyset frå dei levande lysa i smijernslysekrona gir stova eit vennleg preg og lyser ikkje opp støvete krokar og skitne vindu. Litt tilfeldig har eg og kjærasten min havna i «forlagsbransjen». Me er i ferd med å leggja siste hand på ei bok med mine tekstar og hans foto som me skal trykkja i eit nokså begrensa opplag etter ynskje frå folk som gjerne vil kjøpa. Ho skulle vera her i god tid før jul, så viss nokon har lyst til å kjøpa, så er det bare å gi lyd frå seg.

Sigvart Dagsland syng i arbeidsromet vårt. «Du hjelpeløses hjelper, bli hos meg». Og eg har mange bloggeinnlegg eg har lyst til å skriva. Kanskje bør det få bli med dette eine i dag. Min erfaring med doble bloggeinnlegg på ein dag er at då les folk bare det siste av dei. Kanskje eg kjem tilbake med eit nytt i morgon, for eigentleg er det ikkje skrivelysta det står på, det er bare det at timane mine er for få og for korte.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: