Glimt frå livet midt i januar
Ytterst ved havet møter eg fire av venninnene mine. Me går saman langs strendene og snakkar om livet. For første gong på veldig lenge er det nokre dagar utan regn og vind. Etterpå drikk me kaffi saman i eit lite jærhus nede i havkanten.
Det er kveldsgudsteneste i kyrkja mi. Saman med ei til har eg rigga bønnestasjonar til bønn, meditasjon og ettertanke. Eg set meg ned i ei av benkjeradane. Frå fremst i koret høyrest musikk. Fiolinen og pianoet løfter noko inne i meg som blir liggjande og dirra under taket som ein takk til Gud og livet.
Me er på tur med første klasse og blir overrumpla av eit kraftig regnver. Me har vore ute i regn heile hausten og vintaren, men denne gongen kjem det som ei overrasking, i alle fall til meg. Me finn eit klatrestativ med tak der me kan finna ein tørr stad å setja oss ned. Der sit me tett i tett med brødskivene våre medan alle himmeldusjane er opne og regnet renn på alle sider. Der sit me og kjenner varmen frå kvarandre medan me vaksne hjelper ungane å opna termosar med varm kakao.
Heidi