Gå til innhald

Eg og Aadne Eivindsson

februar 4, 2012

Når eg har hatt det ekstra intenst i levande livet, så stoppar det ofte opp her. Litt av utfordringa er at når eg endeleg har litt tid som kunne brukast til skriving, så veit eg ikkje kor eg skal ta fatt. Eg har produsert mange blogginnlegg i tankane, og ikkje fått skrive dei ned, og så blir det alt for mykje eg gjerne skulle ha skrive, og alt for lite tid til å skriva det.

Eg får ta fatt her i frå, ute er det vinter og snøfoke akkurat nå. Resten av familien er eller på vift kvar for seg, og eg skal til mi eiga store glede bare vera heime. Dei siste fire vekene har det vore ekstra høgt tempo, fordi den fridagen eg i teorien har kvar veke fordi eg jobbar to kveldar, eller rettare sagt heile dagar frå omtrent åtte om morgonen til åtte om kvelden, har ikkje vore fridagar, fordi eg har brukt dei til andre former for jobbing. Den eine fredagen jobba eg ekstra for å kunna ta fri den komande torsdagen for å kunna bruka torsdagen og fredagen på kunstformidlingsseminar i Oslo, tilknytta nasjonalmuseet. Det inneber at i slutten av april får eg ei utstilling til kommunen min som eg skal visa til elevane på skulane her. Eg gjorde det same i to omgangar i fjor, og det var veldig kjekt. Eg skulle gjerne ha skrive meir om seminaret, men det får eventuelt koma etterkvart.

Dei neste fredagane har eg vore «omreisande forteljar». Då har eg besøkt skulane i kommunen for å fortelja om barndomen til Arne Garborg, eller Aadne Eivindsson Garborg, som han vitterleg heitte då han var barn. Det er ei sterk, og til tider trist historie om det å veksa opp med ein deprimert og sjuk far, og samtidig ei frodig forteljing om barnelivet på Jæren for 160 år sidan. Sigbjørn Reime har skrive manuskriptet til forteljinga, og med meg på turen har eg ein gammal kaffikjele, ein kolelampe, ei kaffikvern, eit siltre, to hornskeier, ei korg med flatbrød og potetkaker og eit knippe lysark med bilete frå garborgheimen. Det er ei veldig triveleg oppgåve. Sjølv om manuskriptet er innøvd, er det ei like spennande reise for meg og kvar gong eg skal leia ei gruppe barn gjennom den timen forestillinga varer. Saman med ungar kan ein aldri forutseia heilt sikkert korleis ting kjem til å utvikla seg, og det er spennande på ein veldig sjarmerande måte. Det er forøvrig fascinerande å sjå korleis munnleg forteljing framleis kan trollbinda ungar somer vane med høgtekniske skjermar og tusen inntrykk samtidig. Kanskje det rett og slett blir litt eksotisk med eit levande menneske som først og fremst brukar stemmen sin, rett nok saman med nokre få bilete, levande lys, ein liten samling gamle gjenstandar og litt dramatisering.

Elles så er det manusskriving som gjeld i alle pausar. Tre manuskript skal ferdigstillast for kulturskulen, heldigvis er det bare eit som skal skrivast heilt frå botnen av, men alle må tilretteleggast og tilpassast. I dag har eg omsett ein songtekst frå musikalen «Annie» frå engelsk til jærsk: «Æg trur nok æg ska liga mæg.»

Noko anna som forstyrrar skrivinga mi litt er mitt nye eksperiment: «Trening på treningssenter». Dei fem timane i veka eg tilbringer der må eg ta frå timar eg vanlegvis ville hatt til disposisjon, men eg har bestemt meg for at det er rett prioritering likevel. På enkelte felt i livet er eg direkte grådig. Sjølv om eg har fire flotte ungar, skulle eg gjerne ha hatt fire til, og sjølv om eg som alle andre får mine tilmålte 24 timar i døgnet, fantaserer eg uhemma om å ha det tredoble…

Sånn, nå fekk eg endeleg skrive litt i alle fall. Nå er det Guds fred i stova. Ynskjer det same til de som les.

 

Heidi

3 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Trevligt att höra av dig igen! Du har allt många järn i elden du!

  2. Scylla permalink

    Jag började bli riktigt orolig, men här är du ju! 🙂

  3. Heidi permalink

    Takk for kommentarar. Visst er eg her og kjem sterkare tilbake.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: