Gå til innhald

I dag regnar det ikkje…

januar 14, 2012

– og det er så uvant at det fortener å bli nevnt her. Det har regna heile hausten, vinteren og sommaren med unntak av nokre få dagar dersom eg hugsar rett. Det er noko ein venjer seg til. Ein blir nesten ekstatisk om sola kikkar fram ein time, og ein er overlukkeleg dersom ein kan bruka paraply når ein går ut. Det er nemleg slik her at mange dagar er ein paraply dødsdømt om han blir brukt utomdørs, i løpet av minutt og sekund vil vinden raskt vrenga spilene og paraplyen ser med eitt meir ut som ein parabolantenne.I heldige tilfelle kan ein snu paraplyen heilt rundt og vrenga han tilbake, men det er bare i sjeldne tilfelle denne operasjonen lukkast fullt ut.

Noko som har intruffe som er endå meir utruleg enn ein dag utan regn er at eg for første gongen i mitt liv har satt mine bein i eit treningsstudio. Det var eit eksperiment for å gi det ein sjanse, for eg var heilt sikker på at eg ville oppleva det heile nokså frykteleg, eg ankom med minst to nummer for store joggesko fordi eg oppdaga rett før at mine innejoggesko nok hadde lidd ein ublid skjebne då me hadde ein stor skoopprydning i juni. Sko måtte eg jo ha, så eg lånte eit avlagd par frå eit  av barna mine. Eg kjende meg ikkje akkurat klar for ein overtrendy treningsplass med høg faktor på utsstyrsfronten, men slik var det ikkje i det heile tatt. I tillegg ynskte eg meg minst mogleg merksemd frå ivrige trenarar, og det slapp eg og unna. Til mi grenselause forundring så likte eg faktisk å vera der. Eg fekk ei gratis prøveveke, og i løpet av fire dagar har eg vore der tre gonger, saman med Tove og Elise som inviterte meg med. Det ender truleg med at eg kjøper medlemskap for fire månadar. Eg har rett og slett lyst til å testa ut denne sjansen til å bli sprek og sterk. Sterk er eg vel forsåvidt i frå før, men me får sjå kva som skjer. Nå kan eg ta slike kjekke testar der eg kan kryssa av på at eg har trent fire timar dei siste fire dagane og bli spådd at eg skal leva til eg er hundre år, og slikt liker me å høyra. Kven veit, kanskje det neste blir trongen til å gå på skiover Grønland eller New York maraton.

I senga ligg det ein sjuk mann som er forferdeleg svimmel. Eg har foreslått å ringa legevakten, men det vil han ikkje. Eg veit aldri kor sjuke sjuke menn er, men kjenner meg litt uroleg. Me får sjå det an.

Heidi

 

8 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Sen när får karlarna bestämma? Ring du!!

    • heidi permalink

      Nå gjorde eg det! Eller rettare sagt pressa han til å ringa sjølv. Det vart tur til legevakten og full sjekk denne lørdagskvelden, men heldigvis fann dei ikkje noko alvorleg. Får håpa det går fort over.

  2. Scylla permalink

    Nej men heja! Vad duktig du är och vad roligt att du tycker om träningen.

  3. Tintomara permalink

    Skönt! Visst känns det bättre närman har koll!

  4. Torhild permalink

    TreningsHeidi!!! Du overraskar stadig!Eg er SÅÅÅÅ imponert!

  5. Heidi permalink

    Ja, nå får me sjå 😉 Nokon som føler seg kalla til å bli med på ski over Grønland, Torhild?

  6. Torhild permalink

    Eg lever heilt greitt utan å testa verken mine eller andres grenser:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: