Gå til innhald

Vem er snil?

mars 11, 2012

Det er eit fascinerande prosjekt å sjå ein gjeng førsteklassingar erobra skriftspråket. I sist veke var det spennande med gåter. Nokre av mødrene i klassen legg regelmessig ein lapp med ei gåte eller ein vits på i matpakken til ungane, og så er det stor stas når alle får vera med og gjetta kva som er svaret på gåta. Nokre av jentene ville laga eigne gåtebøker med ei gåte øverst på kvar side, og svaret lenger nede. Dette er den søtaste gåta eg har sett i mitt liv:

 

VEM ER SNIL?

 

MOR

 

Det er mogleg eg balanserer på spissen av teieplikta akkurat nå, men i mitt hjarte er dette stor poesi som må ut til folket. Det er håp for framtida!

 

Heidi

From → Quiz, Skriving, Skule

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget