Gå til innhald

Farvel Morten

mars 9, 2012

Det snødde utanfor togvindauga, og nysnøen la seg kvit over alt det svarte. I den blå skumringstimen vart utsikta send i svart kvitt. Dei svarte nakne trea stod der med sprikande fingrar fulle av kvit, ny og tung snø. Trea kasta skuggar over den kvite jorda og den grå himmelen med det bleike kveldslyset.

Me skulle henta to kransar. Det viste seg å vera snakk om store kransar med laurbær og orkidear, den eine med kvite blomar, den andre med gammelrosa. Ekspeditøren såg forvirra på oss då han skjøna at me hadde tenkt å gå til krematoriet med gravkransane i hendene. Han meinte dei var for store og for tunge og at blomane kunne falla av. Det var snø og glatt på fortauet med svart våt snøsørpe ute på vegen. Me var i fare for å detta eller bli nedsprøyta av svart sølevatn. Kjærasten min fekk haik med Oddvar og Ingrid sin tosetars varebil, og insisterte på å hoppa baki varedelen av bilen i den mørke dressen sin for å sitja der saman med to kransar.

Krematoriet er vakkert pynta. Det er blomar overalt og avdøde smiler med glimt i auget frå eit innramma bilete på eit bord med levande lys. Me blir tekne i mot med varme klemmar, og sorga dirrar under det høge taket. Me blir til ein einaste sørgande organisme og held oss fast i kvarandre. Så kjem musikken og stryk varleg over gråten. Tonane kjem frå cello og trompet. «Panis angelicus», og «Gjev meg handa mi ven når det kveldar, det blir mørkt og me treng ei hand». Presten kjem med dei kloke orda, dei varme orda, dei trøystande orda; at me må takka for det som har vore av liv og glede. Takka for fylgjet og alle gode stunder sjølv om det er meiningslaust at nokon skal døy når dei bare er tretti år. Me kjenner at me let oss løfta og at me finn trøyst i å få stå saman om eit siste farvel.

Det er godt å synga, og plutseleg blir songane heilt rette. «Kjærlighet fra Gud,» «Ikke en spurv til jorden» og «Amazing grace».

Through many dangers, toils and snares
I have already come;
«Tis Grace that brought me safe thus far
and Grace will lead me home.

 

La oss ta i mot livet med opne hender så lenge livet kjem, og la oss vera der for kvarandre.

Herren velsigne oss og bevare oss.

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: