Gå til innhald

Eg var svært glad i han

mars 14, 2012

Den siste sundagen i februar mista eg ein nevø. Eg var svært glad i han. Eg ville skriva sorga, men orda var ikkje tilgjengelege. Dei vart feil og fattige på innhald same kva eg gjorde med dei.

Dagen etter prøvde eg å skriva sorga ned. Eg legg orda her som eit minne. Det gjer ikkje vondt på same måten lenger. Dagane er blitt kvardagar. Men eg har kjend at djupast sett er sorga ordlaus. Ho er heilt fysisk og gjer vondt i kroppen.

 

 

Sorga

etter deg

ei pute av ordløyse i strupen

ein svart liten fugl bak ribbeina

 

Kvalmen som fyller halsen

eit veksande tomrom rundt hjartet

 

der tonane skjelv

frå strenger i moll

mjuke, men utan stemme

 

for kva skulle ein vel seia

kva skulle kunna bera meining?

 

*

Dei legg seg flate, tårene,

dei vil ikkje ut

og tankane flyt heilt utan lyd

 

Bare dette tomromet

og dirigenten med løfta taktstokk

 

*

Gyngande, susande

duvande voggande

alt me gjorde

og ikkje gjorde

 

Tankane ber oss til døra

ho lukkar seg

med eit høyrbart knepp i låsen

 

*

 

Fløytekoret kjem vel

om ikkje så lenge.

 

Framleis bare

den salte smaken av sorg

heilt øverst i halsen.

 

Kyrie eleison

 

Heidi

 

 

 

 

 

 

From → Poesi

One Comment
  1. Tintomara permalink

    Det var en fin dikt – jag blir tårögd. Jag har själv mist två goda vänner, och därtill snabbt och oväntat. Vid den siata (och allra närmasta) vännens begravning lästa jg en dikt jag skrivit själv, den natten då hennes dotter ringt om dödsfallet.
    Helt plötsligt gick hon åt ett annat håll.
    Hon hade inte tagit många steg
    innan jag visste vart hon var på väg.
    Så vindens sus slog om till moll
    och det blev kallare och mera grått.
    Det blev så ensamt sen hon gått.

    Jag vet att något tagit slut.
    Hon hade inte mera tid.
    Men fast hon går en annan väg
    finns något kvar här tätt bredvid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: