Tysdag i den stille veka
Sunniva sit i sofaen og les til historieprøve. Me har eta frokost saman og snakka om teaterstykket ho har laga. Me har teke i mot Oscar som entusiastisk logrande ser lyst på å vera på overnattingsbesøk hos oss. Det er gost å ha fri og pusta rolegare, samtidig som eg har så frykteleg mykje eg har lyst til å bruka tida mi på. Til nå har me klart å vera sosiale kvar dag, selskap på fredag, kafebesøk på laurdag, kveldsmatgjester på sundag, ettermiddagsgjest i går, kveldsmatgjester i kveld og i morgon skal eg på besøk. Det er så fint å vera saman med folk me er glade i, men ikkje alltid klarer å få tid til å sjå så mykje som me gjerne ville. Eg har lova meg sjølv å rydda nokre rom og nokre skap, men eg vil så gjerne ha tid til å skriva og, så nå har eg snike meg til ei skikkeleg skriveøkt med katten på plass på skrivebordet. Ein labb på tastaturet og hovudet kvilande i den opne avtaleboka mi med verhåra over fredag den 13. Der har eg faktisk ingen avtalar så vidt eg kan sjå. Eg har masse lause trådar og masse råtekst som eg har tenkt å spinna tekst av. Eg trur eg rett og slett vil leggja ut ein del førsteuktast til dikt her, så veit eg kor eg har dei, og kan la dei mognast litt etterkvart…
Me står ved porten
skal gråta nokon ut av livet.,
gråta og synga halleluja
for livet som har vore
for livet som skal koma.
Står her i tidsportane
og småfrys,
for visst er det storm i kasta
roleg skjelvande
tålmodig ventande
på nye og komande vegar
slik me alle må vera
når det er livet det handlar om.
***
I året der dei spådde dommedag
ligg katten
og slikkar høgre labben sin
med ru og bleikrosa tunge
ho passar på å koma godt til
mellom klørne,
tek seg ein tenkjepause
og vurderer
å gå over til venstrelabben,
ettertenksomt malande
med halen krølla rundt seg
på ei bunke dikt .
***
Ein stad i verda
sit det menn med skjerf
høgtideleg rundt kafebord
i snøen leitar hestar etter mat
medan myrulla framleis blømer
på sommarmyrer.
I blikket til dørene mine
ser eg håpet om det som skal koma
og ber til Gud om at dei ikkje må bli skuffa.
Nokon som framleis er eit barn
skal snart bli vaksen,
og nokre av oss
går med grøne fuglar på skuldrene
og lengtar
mot kvitmalte trehus
med blondegardiner
og broderte dukar på borda.
***
Dei blå stolane står der og ventar
og gatene kjem springande mot oss
med nye tider på urskivene
høgt over fortaua
På talarstolane står det oftast
ein ellar annan og brenn
medan vegvisarar peikar
i forvirra vegkryss
mot stadar
det er alt for lenge sidan
me har besøkt.
Me gret stille
medan me syng halleluja
og bestemmer oss
for å opna oss att
roleg , roleg
mot livet.
***
Eg kan ganske tydeleg
hugsa lyse netter i køysenger
hugsa bleike dagar med låg sol
då eg var på roleg leit
etter det eg ikkje klarte
å finna ord for,
men i dei fleste sine liv
finst det ei lita nonne
som ordlaus ventar
på ein veranda
ute ved havet ein stad
og ein liten fugl
som heller vil fly .
***
Hengekøyer
skulle me hatt fleire av
og kanskje skulle det vore fleire forunt
å få trillingar,
men ein eller annan stad
er livet er fullt av kransekake,
og bak motbakkane lengst ut mot havet
blenkjar med blondedraperier
av sand og skum,
og alltid er det dekka bord ein stad
med levande lys.
med brød og grøne druer.
***
Ofte nok
ser du deg forundra omkring,
prøver å finna tida du høyrer heime i
før tida forsvinn att.
Så smil heller til meg, bror,
vis meg dette streifet
av liten gut
under det andre smilet ditt.
For sjal og varm te
Skal du aldri meir forakta.
For det finst alltid
ventande rom.
Rom du skal inn i
i sommarkjole eller sørgedrakt.
Og du skal halda deg fast
i alle dine augneblikk
ikkje bare sjå deg tilbake
eller kasta blikket tankelaust framover.
***
Med ei tåre inst på tunga
og ei anna festa i svelget
løfter me blikket
og syng halleluja,
me løfter røystene våre
og syng modig halleluja.
For me skal vera sterke,
sterke og modige
om drykken vår smakar salt av sorg
og søtt av liv og lengt.
Så mange dører
skal framleis opnast,
så mange skal venta på oss
i framleis ukjende døropningar.
Me skal gå vegen
med fjellstøvlar snørte til føtene
eller barbeinte
på heilag grunn.
For over oss er måkane,
er duene,
er ei og anna raudstrupe.
Men aldri får du fullt og heilt sjansen
til å gløyma synet
av din eigen nasetipp.
***
Så ein dag er tida komen
for å pakka ned alle dei kvite stjernene
og leggja loket på øskja.
Tida for plutseleg
å møta ein annan
i spegelen på gangen.
I dag har du mista
ein du ville halde fast
for alltid.
Du ser sorga veksa
som villvin
mot veggene på huset
de ville ha bygd saman.
Ei frysande lita jente
står under treet
og du veit
at du ikkje kan pressa deg på henne.
Det er alltid ein katt
som gjerne vil leggja hovudet sitt
mjukt mot leggen din
og mala høgare enn hjarteslaga.
***
I dei vinterkalde gatene
sit dei og syng elegiar
mort alle som har øyrer
å høyra med.
Det er for mange
som frys på føtene
og nokre har gul verk
som renn ut av hola
i ullsokkane.
Kanskje kan du lite gjera,
men du kjenner pulsslaga dine
danna perlekjeder kring halsen.
Du veit at du lever
og at det trengst mjuke hender.
Kanskje er dei dine.
***
For framleis er tida,
tida for liv og død,
tida for sår som framleis gjer vondt,
for kjærleik som er større enn alt.
Tida skal stryka over såra dine
og blåsa på dei med vennleg pust.
Du skal sjå dei svarte greinene
laga skuggar på bakken
som liknar på ord og bokstavar.
Og framleis
skal du kjenna gleda
over å kjøpa deg ein rosa hatt.
Du skal framleis
gå til kyrkja
aleine i mørke kveldstimar
for å tenna lys for dei levande.
***
Plutseleg står det eit barn
aleine på scenen og spelar fiolin.
Du set små bleikrosa blomar
i dei himmelblå skålene.
I går var dotter di to år,
du fletta det tynne blonde håret hennar
på kvar si side
av ei andlet
med stjerner i begge auga.
Men tida er di eiga mor,
og du skal ikkje frykta.
***
Eg veit at dette er fragmentarisk og uferdig, men nå kan det få liggja her ei stund og mognast til liv? Om nokon har lese alt dette, og kjenner at ei eller anna formulering har rørt ved dei, så sei gjerne frå om det. Tilbakemeldingar gjer meg klokare. Om noko skurrar eller ser heilt feil ut, så sei gjerne frå om det og.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine