Gå til innhald

Tysdag i den stille veka

april 3, 2012

Sunniva sit i sofaen og les til historieprøve. Me har eta frokost saman og snakka om teaterstykket ho har laga. Me har teke i mot Oscar som entusiastisk logrande ser lyst på å vera på overnattingsbesøk hos oss. Det er gost å ha fri og pusta rolegare, samtidig som eg har så frykteleg mykje eg har lyst til å bruka tida mi på. Til nå har me klart å vera sosiale kvar dag, selskap på fredag, kafebesøk på laurdag, kveldsmatgjester på sundag, ettermiddagsgjest i går, kveldsmatgjester i kveld og i morgon skal eg på besøk. Det er så fint å vera saman med folk me er glade i, men ikkje alltid klarer å få tid til å sjå så mykje som me gjerne ville.  Eg har lova meg sjølv å rydda nokre rom og nokre skap, men eg vil så gjerne ha tid til å skriva og, så nå har eg snike meg til ei skikkeleg skriveøkt med katten på plass på skrivebordet. Ein labb på tastaturet og hovudet kvilande i den opne avtaleboka mi med verhåra over fredag den 13. Der har eg faktisk ingen avtalar så vidt eg kan sjå. Eg har masse lause trådar og masse råtekst som eg har tenkt å spinna tekst av. Eg trur eg rett og slett vil leggja ut ein del førsteuktast til dikt her, så veit eg kor eg har dei, og kan la dei mognast litt etterkvart…

 

 

Me står ved porten

skal gråta nokon ut av livet.,

gråta og synga halleluja

for livet som har vore

for livet som skal koma.

Står her i tidsportane

og småfrys,

for visst er det storm i kasta

roleg skjelvande

tålmodig ventande

på nye og komande vegar

slik me alle må vera

når det er livet det handlar om.

***

I året der dei spådde dommedag

ligg katten

og slikkar høgre labben sin

med ru og bleikrosa tunge

ho passar på å koma godt til

mellom klørne,

tek seg ein tenkjepause

og vurderer

å gå over til venstrelabben,

ettertenksomt malande

med halen krølla rundt seg

på ei bunke dikt .

***

 

Ein stad i verda

sit det menn med skjerf

høgtideleg rundt  kafebord

i snøen leitar hestar etter mat

medan myrulla framleis blømer

på sommarmyrer.

I blikket til dørene mine

ser eg håpet om det som skal koma

og ber til Gud om at dei ikkje må bli skuffa.

 

Nokon som framleis er eit barn

skal snart bli vaksen,

og nokre av oss

går med grøne fuglar på skuldrene

og lengtar

mot kvitmalte trehus

med blondegardiner

og broderte dukar på borda.

***

Dei blå stolane står der og ventar

og gatene kjem springande mot oss

med nye tider på urskivene

høgt over fortaua

På talarstolane står det oftast

ein ellar annan og brenn

medan vegvisarar peikar

i forvirra vegkryss

mot stadar

det er alt  for lenge sidan

me har besøkt.

 

Me gret stille

medan me syng halleluja

og bestemmer oss

for å opna oss att

roleg , roleg

mot livet.

***

 

Eg kan ganske tydeleg

hugsa lyse netter i køysenger

hugsa  bleike dagar  med låg sol

då eg var på roleg leit

etter det eg ikkje klarte

å finna ord for,

 

men i dei fleste sine liv

finst det ei lita nonne

som ordlaus ventar

på ein veranda

ute ved havet ein stad

 

og ein liten fugl

som heller vil fly .

***

 

 

Hengekøyer

skulle me hatt fleire av

og kanskje skulle det vore fleire forunt

å få trillingar,

men ein eller annan stad

er livet er fullt av kransekake,

og bak motbakkane lengst ut mot havet

blenkjar med blondedraperier

av sand og skum,

og alltid er det dekka bord ein stad

med levande lys.

med brød og grøne druer.

***

 

Ofte nok

ser du deg forundra omkring,

prøver å finna tida du høyrer heime i

før tida forsvinn att.

 

Så smil heller til meg, bror,

vis meg dette streifet

av liten gut

under det andre smilet ditt.

 

For sjal og varm te

Skal du aldri meir forakta.

 

For det finst alltid

ventande rom.

Rom du skal inn i

i sommarkjole eller sørgedrakt.

 

Og du skal halda deg fast

i alle dine augneblikk

ikkje bare sjå deg tilbake

eller kasta blikket tankelaust framover.

***

 

Med ei tåre inst på tunga

og ei anna festa i svelget

løfter me blikket

og syng halleluja,

me løfter røystene våre

og syng  modig halleluja.

 

For me skal vera sterke,

sterke og modige

om drykken vår smakar salt av sorg

og søtt av liv og lengt.
Så mange dører

skal framleis opnast,

så mange skal venta på oss

i framleis ukjende døropningar.

 

Me skal gå vegen

med fjellstøvlar snørte til føtene

eller barbeinte

på heilag grunn.

 

For over oss er måkane,

er duene,

er ei og anna raudstrupe.

 

Men aldri får du fullt og heilt sjansen

til å gløyma synet

av din eigen nasetipp.

***

 

Så ein dag er tida komen

for å pakka ned alle dei kvite stjernene

og leggja loket på øskja.

 

Tida for plutseleg

å møta ein annan

i spegelen på gangen.

 

I dag har du mista

ein du ville halde fast

for alltid.

 

Du ser sorga veksa

som villvin

mot veggene på huset

de ville ha bygd saman.

 

Ei frysande lita jente

står under treet

og du veit

at du ikkje kan pressa deg på henne.

 

Det er alltid ein katt

som gjerne vil leggja hovudet sitt

mjukt mot leggen din

og mala høgare enn hjarteslaga.

***

 

I dei vinterkalde gatene

sit dei og syng elegiar

mort alle som har øyrer

å høyra med.

 

Det er for mange

som frys på føtene

og nokre har gul verk

som renn ut av hola

i ullsokkane.

 

Kanskje kan du lite gjera,

men du kjenner pulsslaga dine

danna perlekjeder kring halsen.

 

Du veit at du lever

og at det trengst mjuke hender.

 

Kanskje er dei dine.

***

For framleis er tida,

tida for liv og død,

tida for sår som framleis gjer vondt,

for kjærleik som er større enn alt.

 

Tida skal stryka over såra dine

og blåsa på dei med vennleg pust.

 

Du skal sjå dei svarte greinene

laga skuggar på bakken

som liknar på ord og bokstavar.

 

Og framleis

skal du kjenna gleda

over å kjøpa deg ein rosa hatt.

 

Du skal framleis

gå til kyrkja

aleine i mørke kveldstimar

for å tenna lys for dei levande.

***

Plutseleg står det eit barn

aleine på scenen og spelar fiolin.

 

Du set små bleikrosa blomar

i dei himmelblå skålene.

 

I går var dotter di to år,

du fletta det tynne blonde håret hennar

på kvar si side

av ei andlet

med stjerner i begge auga.

 

Men tida er di eiga mor,

og du skal ikkje frykta.

***

Eg veit at dette er fragmentarisk og uferdig, men nå kan det få liggja her ei stund og mognast til liv? Om nokon har lese alt dette, og kjenner at ei eller anna formulering har rørt ved dei, så sei gjerne frå om det. Tilbakemeldingar gjer meg klokare. Om noko skurrar eller ser heilt feil ut, så sei gjerne frå om det og.

Heidi

From → Barna mine

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: