Gå til innhald

Livet sett frå sufflørstolen

april 2, 2012

Ti minutt før forestillinga oppdagar me at ein av myggane her øydelagd. Det er brot i kabelen, og lydmannen informerer oss om at det ikkje blir aktuelt å bruka han. Dei har ingen reservemygg eller estra trådlaus mikrofon å låna oss. Me må altså leggja ein ny slagplan for korleis me fordeler mikrofonane, og det må skje raskt. Me har og nettopp fått informasjon om at ein av lærarane har skada foten og ikkje kan koma, dermed blir det omfordeling av vaksne og. Guten som styrer film og bilete på storskjerm under forestillinga, visar seg og å vera sjuk. Me må lynraskt finna ut av korleis me løyser dette. Av gårsdagens fire forestillingar gjekk tre veldig bra, premieren burde ha vore generalprøven, men på grunn av kort tid og dyr scene hadde me fått minst ei gjennomkjøring for lite. Dei er så flinke desse ungdomane, dei gjer meg kjempestolt.

Nå er salen full av barn og ungdomar som skal på teater, me skal visa stykket vårt for til saman nesten 2000 menneske. Eg ser på klokka og skjønar at nå må eg koma meg ned på stolen min på første rad lynkjapt før stykket tek til. Det er eit stykke fram til scenekanten, men om nokon kjem ut av manus så har eg sjansen til å få blikkontakt med dei og hjelpa dei vidare.

I det orkesteret set i gang med å spela opningsmelodien, og filmen frå ungdomsskulen begynner å rulla på storskjermen, oppdagar eg at eg sit der med manus, men utan veske. Eg får ein fortvila følelse av at handveska mi kanskje står midt på scenen, der eg gjekk i frå ho då problemstillinga om den øydelagde myggen kom opp. Eg ser ho ikkje der oppe som ein del av scenebiletet, så truleg har nokon flytta ho vekk. Problemet er bare at i veska låg lommelykta som eg brukar i manus når det er blackout på scenen. Det er lite å gjera med akkurat det nå, eg får bare håpa at det ikkje blir eit problem.

Med peikefingeren i manus, fylgjer eg konsentrert med i det som foregår på scenen. Nå kjem me snart til det punktet der det var bruk for litt hjelp i går. Nå må eg vera i forkant, slik at eg kan hjelpa dei med eit stikkord det sekundet dei eventuelt treng det. I dag går alt bra. Plutseleg ser eg eit feilplassert bilete på storskjermen. Eg håpar at læraren som skal styra skjermen samtidig med mykje anna, ser det før det blir påfallande, jo der, vart det retta opp, heldigvis. Nå er det eit kritisk mikrofonskifte. Hugsar vedkomande som går av scenen at me er ein mikrofon i manko og at ho må levera mikrofonen frå seg på ein annan måte enn det me har øvd på? Jau då, der kjem nestemann utpå med mikrofonen vakkert i handa. Dansarane kjem utpå og startar på steinaldernummeret sitt. Nå kan eg pusta littegrann ut, for eg veit at dei veit akkurat kva dei skal gjera. Ein av aktørane leiter eit sekund og to etter ein mikrofon som ikkje er der han plar å vera, men dei finn ut av det før det blir synleg.

Filmen frå Egypt kjem heldigvis inn på rett plass, og Pesta med sopelimen er på plass i rett sekund. Noko skjer under Mozartsekvensen. Monitoren til keyboardet virkar ikkje, og der oppe må dei lynraskt improvisera at musikkstykket blir spelt på firhendig flygel utan keyboard. Dansarane i den franske revolusjonen dansar revolusjonen så fint at eg får tårer i augene, og trekkspelet gir så fin stemning i La jour Dávante, som for ein gongs skuld får mala fram den franske revolusjonen saman med dansarane som dansar i lange skjørt og med raud fane.

Nå skulle leiaren for den russiske revolusjonen stå klar i kulissane og koma inn med pelslue og lang frakk i det orkesteret set i gang med Tsjaikovskij. Eg ser han ikkje, og blir redd at han ikkje har nådd kostymeskiftet sitt, eller ikkje har funne mikrofon. Jau, heldigvis, der er han med brød til dei fattige, som kjem inn i lange rekkjer frå venstre scenekant. Eg ser og at han heilt etter oppskrifta har gøymt Brumund Dahl sin propellhatt under kassen han skal stå på. Eg pustar letta ut, og som vanleg kjem han ut med perfekt timing og ropar «Niet» frå kassen sin. Han avsluttar med den russiske setningen han har funne på google, og smell i med på kvasirussisk, før han går ut i teppet att. Eg rekk å tenkja at eg håpar det er minst ein russisktalande person i publikum på ein av forestillingane som kan mora seg over at det faktisk blir snakka russisk på scenen.  Soldatane på slagmarka i Tyskland kjem seg gjennom teksten på Brothers in arms utan å snubla i teksten, og dei let seg ikkje forvirra av at me har forkorta nummeret litt sidan i går. Minst like bra er det at dei avdøde på slagmarka stort sett faktist rakk å koma seg ut på scenen under blackout før det kom eit rungande skyteangrep frå trommene.

Til mi store lette er det nok lys til at eg kan fylgja med i manus, og Michael Jackson med hatten ned i augene syng og dansar seg gjennom Thriller i eit skoddehav frå røykmaskinen, med dansande zombiar rundt seg på alle kantar og eit dystert skumringslandskap på storskjermen. Tvillingtårna kjem opp på veggen med perfekt timing, og det blir sunge så vakkert om New York at eg får frysningar på ryggen. Dei to personane i kvite overlevingsdressar sit klare på stolane sine og blir trilla inn i rett tid. Det var og litt skummelt sidan dei eine av dei to starta dagen med å vera så kvalm at han ikkje visste om han kom til å orka å gå på scenen. Me vaksne har klappa på han, oppmuntra han og medisinert han med ein paracet. Heldigvis ser han kvikkare ut nå, og kastar ikkje opp på scenen. Dei to skodespelarane har hugsa dei små runde tablettane sine, og vel smak på fjernkontrollen, før dei småskumle typane i bandet syng og dansar seg gjennom «Nightmare» med eit lydnivå som får dei eldste i salen til å laga seg improviserte øyreproppar. Etter å ha jobba lenge med denne forestillinga, oppdagar eg til mi overrasking at eg begynnar å få sansen for heavy metal og Avenged Sevenfold. I alle fall elskar eg intensiteten frå femten-sekstenåringane på scenen. Lyden på mikrofonen til den mekanisklydande stemmen frå framtida er ikkje på, men ho tek det roleg og seier ddddd i mikrofonen heilt til det blir oppdaga frå miksepulten. Den eine skodespelaren seier den eine replikken i mellomtida slik at pausen i påvente av lyd ikkje blir påfallande.

Det ender bra i dag og. Inntrengarane frå fortida får beskjed om å snu timeglaset for å bli losa tilbake til si eiga tid. Dei landar trygt i vaktmeistarbua og klarer å knusa det gigantiske timeglaset utan å knusa det, slik at det ligg klart til bruk på neste forestilling. Eg konstaterar fornøgd at teksten på avslutningsnummeret kjem mykje betre fram i dag enn i går, og eg prøver med blikk og handbevegelsar å oppmuntra gjengen på scenen til å visa energi og speleglede. Så kan eg pusta letta ut. Etter intens jobbing i forkant så kan oppgåva mi under forestillingane synast enkel. Eg får sjå alt saman frå orkestarplass, rett nok med eit auge og ein peikefinger i manus. Det er den beste jobben i verda når me først er komne så langt, men nervepirrande så det held. Nå er det over for denne gongen, og me har påskeferien til å koma oss på.

http://www.minskole.no/minskole/tks/pilot.nsf/article/Kor-%E6-me%3F-?opendocument&u=Konsertar%20og%20arrangement

I dag har forresten Sunniva skrive ferdig eit manus som skal framførast i mai om alt går bra. Eg fekk lov til å lesa, og er overraska og stolt over kva ho har fått til.

 

Heidi

2 kommentarar
  1. emma permalink

    Du leve farleg Heidi! Imponerande…

  2. heidi permalink

    Farleg på ein trygg måte, det passar meg godt 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: