Gå til innhald

Ein rapport frå mitt sterkt møblerte liv…

mai 11, 2012

Kulturkomite og kreativ gruppe på onsdagskvelden. Eg malte mitt eige personlege ikon med perleport, gulldropar og ei kvinne med opne auge. I går var det full fart fram til premieren på Roald Dahl- stykket vårt. Det gjekk så godt som me bare kunne håpa på. Heksene klødde sine bare issar under parykkane, bestemora til Georg oppførte seg utspekulert forferdeleg, frøken Trunchbull pumpa jern og sykla på trimsykkelen sin, dei fire besteforeldra til Charlie sat godt innpakka i den felles senga si, bare bestefar Joe våga seg ned på golvet med stav og stripete kort jumpuit-pyjamas, medan fru Dust blanda levande meitemark i spaghettien til hr Dust. I dag har me hatt skuleforestillingar, ledd, bearbeida sceneskrekk, varma spaghetti til dustane, halde velkomsttalar til elevane som kom for å sjå, og venta tålmodig på at den eine forestillinga skulle kunna begynna, for plutseleg var heile lydanlegget kopla ut på grunn av ei oppdatering av nettet, men visst kom me i gang like før panikken tok publikum og lydmann.

Nå har eg prøvd å dempa symptoma på eit heilt overslept hus, god og utlada som ein er etter intense teaterprosjekt, men mest tid i ettermiddag har eg brukt på å lesa kyrkjehistoriemedngrid; kristninga av Europa, Hildegard av Bingen, Birgitta av Vadstena, korstoga, inkvisisjonen og reformasjonen med spesiell vekt på Martin Luther. Og så var det det huset ja, og så var det pakking som eg snart må utføra. Så snart kjærasten min kjem heim frå Trondheim om ein times tid, set me oss i bilen og kjører i eit par timar for å dra på hyttetur med gode venner. Ute regnar det, men dei lovar opphaldsver og kald vind i morgon. Pakka var det ja… Og ja, så har eg skrive dette i full fart utan briller, det medfører ofte stavefeil fordi eg ser så dårleg, men dei får bare stå til eg har tid til å retta dei opp… God helg, alle saman…

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget