Gå til innhald

Månen sin dag

mai 14, 2012

Eller måndag som det heiter på moderne språk. Dagen har vore fullpakka av det å vera menneske. Eg har vore i minutta og sekunda. Dei fleste har vore gode. Saman med ein kollega har eg ledd av ting som kanskje ikkje først og fremst er noko å le av, men det er få ting det er så mykje berekraft i som humor. Humor og barn er noko av det som løftar ein viljesterkt, trassig, utolmodig og livsbejaande mot høgare himlar.

Eg har forresten noko å tilstå. I kortimen i dag fann eg til mi overrasking meg sjølv med rennande auge. Eg ser ikkje på meg sjølv som spesielt nasjonalistisk eller spesielt sentimental. Likevel vart plutseleg kombinasjonen av 115 syngande barn i seks- til åtteårsalderen, Norge i rødt hvitt og blått, Ja vi elsker og alle dei nyutsprungne grøne trea i meste laget for meg. Eg tørka tårene i smug og håpa at ingen la merke til dei…

Til middag steikte me currywursten frå Korshavn og åt han med sennep og gratinert blomkål. Etterpå vart det tid til nesten fem timar med islam, jødedom og kyrkjehistorie heime hos Ingrid. I morgon opnar eksamensporten seg. Måtte oppgåvene vera henne vennlege. Uansett så har ho lært mykje og det har eg og, sjølv om dette er ting eg sjølv har studert for snart tretti år sidan og interessert meg for i all ettertid, så er det mykje eg kunne frå før og framleis mykje eg ikkje kan. Men det å smugstudera saman med barna mine er noko eg trivst godt med. Plasser meg på ein sofa med ei lærebok og ei dotter, så har eg det bra.

Vekene framover blir travle, men nå skal eg plukka ned ball etter ball av alle dei eg i livsglede og overmot har kasta opp i lufta. Til nå har det gått bra, så eg skal nok klara å ta hys… Ein månad til med intens jobbing så blir det ein lang sommarferie nesten heilt utan krav og fastlagde gjerningar. Eg ser fram til det, men i mellomtida skal eg nyta alle dei fargerike ballane eg har teke ansvar for å gjera noko med.

Det regnar framleis, og eg skal unna meg ein tidleg kveld…

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara's avatar
    Tintomara permalink

    Å, så jag känner igen det där med tårarna! Alla skolavslutningar som jag stått (eller suttit) där med i bästa fall en näsduk, i värsta fall tröjärmen och ångrat att jag lade på mascara! Ja, till slut la jag av totalt med all sorts make-up – det var ju de gångerna man ville vara extra fin, (alla skulle ju ta kort med «fröken» på avslutningen, bara det!) som det blev som värst med tårarna! Första gången det hände minns jag väl – det var min lillasysters konfirmation och psalmen där man sjunger om «den unga björk i skogen».
    Håller tummarna för Ingrid!

  2. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Ingrid er godt fornøgd, Tintomara. Ho fekk oppgåver som kjendest greie å skriva om. Eg får utstyra meg med lommetørklær eg og, synest det blir bare verre med åra…

Legg att svar til Heidi Avbryt svar