Edenton
Me hadde bestemt at me hadde lyst til å få med oss i allefall ei gudsteneste i USA. I utgangspunktet ville eg gjerne hatt med meg ei gospelgudsteneste i Harlem, men sidan me kom til New York den første sundagen og ungane reiste heim den neste, så fekk me det ikkje inn i skjemaet. I går var me på utkikk etter ei kyrkje me kunne besøkja i dag, og hadde plukka oss ut ei baptistkyrkje, ca ti minutts kjøring frå der me budde. Det er ei interessant oppleving å vera «kyrkjeframande», og ikkje heilt vita kva som skal foregå og korleis. Me vart tekne godt i mot på trappa, og kyrkja var nesten full av sundagskledde menneske. Dei fleste damene kom i kjole, akkurat som meg, og svært få av mennene hadde shorts og T-skjorte med trykk på slik som kjærasten min.
Bak han som me først trudde var pastoren, men som nok var ein slags musikalsk leiar, stod koret kledde i blå korkappar med gulldekor. Dei var ikkje mange, men det var både unge gutar, eldre menn og damer i alle aldrar med. Forsamlinga stod på songane, og dirigenten dirigerte kyrkjelyden medan koret stod bak ryggen hans og song. Etter første songen var det fem minutt der folk vart oppfordra til å helsa på kvarandre og spesielt på gjestene. Igjen vart me tekne godt i mot. Ein ung gut spelte gitar og song ein lovsong «Bless the Lord my soul, and praise his holy name.» Han gjorde det på ein sjarmerande uperfekt måte og etterpå klappa folk.
Songane kjende me att, både «Amazing grace» og «Just som jeg er» i engelsk versjon, var veldig greie å synga med på, og måten dei vart sungne på minna meg faktisk om min barndom i baptistkyrkja på Ålgård med mykje rytme og innleving. Pastor Daniel, som han kalla seg haldt talen som var ei forteljing om David og filisterane. Han var ein god forteljar med sterk karismatisk utstråling. Det virka som om kyrkjelyden gjekk gjennom kapittel for kapittel frå bibelen med trådar inn i nåtida. Ikkje alt vart gjort på den måten som det ville vore mest naturleg for meg å gjera det, men det viktigste var at eg følte meg berørt på denne udefinerbare måten eg ofte opplever i kyrkja og ganske ofte elles og. Eit eller anna inne i meg dett litt på plass, og livet kjennest heilskapleg. Eg klarer ikkje å definera det betre akkurat nå, men det var fint å vera der.
Dette trur eg har vore den varmaste dagen til nå. Me merkar det ikkje så godt inne i bilen, men når me kjem ut står varmen mot oss som ein dirrande vegg, og asfalten får eit glinsande oljelag på toppen. Den første pausen vart på Mc Donalds for å få oss litt kaffi, dei er opptatt av decaffinering her, og på hotellroma pleier det å vera ein traktepose av kaffi med koffein og ein utan. Derfor vart det utan i dag morges, og utpå dagen sakna me koffeinen vår… Koffein og restroom, var motivasjonen for å kryssa dørteskelen til Mc Donalds i dag. Dei slit nok med ryktet sitt om å servera supersizing fastfood, så dei prøver å koma opp med alternativ som skal marknadsførast som sunnare. I dag prøvde eg eit av dei: «Oatmeal with blueberries and pecans»- havregrøt servert i eit litt stort pappbeger med blåbær og pecan-nøtter og ein dash kanel. Det smakte slett ikkje så verst.
Det å leita etter sunn mat i butikkar og restaurantar her borte er ein sak for seg sjølv. Dei har mange salatar, ære vere dei for det, men dei brukar mykje brød, og nesten alt brødet er så kvitt at franskbrød blir reine grovbrødet til samanlikning. Det kan vera hyllemeter på hyllemeter med brød, men knekkebrød, rugsprø, rugbrød og liknande, glimtar med sitt fråver. Det er ein sterk trend at ting blir merka som sunne, på ein måte som kan sjå tilforlateleg ut om ein ikkje sjekkar det meir nøye. For å setja det på spissen, så er smøret merka «free from sugar» og sukkeret «Free from fat.» Ein pakke grove kjeks blir merka med at dei har femti prosent mindre fett enn potetgull, og det som blir framstilt som ekstra sunne alternativ har ofte masse honning i seg. Frokostane på hotell er ofte muffins og sjokoladekjeks, men dersom ein legg litt energi ned i det, går det an å koma fram til ganske greie løysingar.
Me peila oss inn på ein liten by, med det nesten kongelege namnet Windsor, der me tenkte me kunne ta ein spasertur. I Windsor var det dampande hett, og ikkje mange menneske å sjå. Kafeane var stort sett stengde eller nedlagde. Plutseleg kom ei lita dame springande etter meg: «Maaam?» Eg lurte først på om eg var mistenkt for butikktjueri i den butikken me hadde vore inne i utan å kjøpa noko, men det var noko anna ho ville ha sagt: » Excuse me mam, but your husband, I mean could it possible be…?» Og så kom ho med namnet på ein kjendis som eg aldri har høyrt om, og dessverre har gløymt namnet på. Då eg sa at nei, det er det nok ikkje, såg ho litt tvilande ut. Ikkje før kjærasten min kom bort til oss og tok av seg solbrillene slutta ho å tru at eg gjekk omkring og prøvde å skjula identiteten til ein kjendis. Ho såg litt skuffa ut og sa at han var så veldig lik. Me forklarte at me var norske, og ho sa at ho håpa me likte byen hennar, det var ein veldig fredeleg plass å bu. Det siste trudde me på.
Neste stopp var byen Edenton, der me slo oss til for kvelden. Det er verkeleg ein nydeleg by, med masse freda gammal bebygging, akkurat som i New Bern. Det står skilt utanfor husa om kven som har bygd dei, og kor gamle dei er. Ein del står der som museum, medan andre er bebudde. Byen endar i ei bukt med ei brygge ut i vatnet som går langs land. Det gjekk an å spasera på brygga der det var sett ut benker, eit flott gammalt fyrhus stod på påler i vatnet og ute i vatnet vaks det store tre. Folk stod og fiska både ute på kaia og trebrygga og store fiskar vaka i vatnet. Ved brygga var det eit stort gammalt hus som fungerte som bokhandel, men i likskap med alle dei andre butikkane i Edenton sentrum var bokhandelen stengt på sundagar.
Framfor bokhandelen, med utsikt mot vatnet ,var det ein treterrasse med skugge og store gyngestolar. Der sat det to damer frå før og snakka. Me spurde om det var lov for kven som helst å setja seg der, og det meinte dei at det var. Eg har lenge hatt lyst til å sitja på ein av desse gyngestolane nesten alle har ut mot gata, og endeleg fekk eg sjansen. I trettifem varmegrader har ein det i grunnen veldig bra i skuggen, og med verdens vakraste utsikt var det ganske idyllisk å sitja der og skriva på salmen min, som eg trur det begynner å bli ein slags form på. Det er eit spennande arbeid. Mykje av det eg skriv fungerer greitt med å vera nokså omtrentleg, men her vil eg at kvart einaste ord skal ha rett tyngde og temperatur. Kanskje eg får det til til slutt.
Sidan me ikkje kom inn i butikkar og restaurantar som var sundagsstengde, gjekk me ein tur i gatene. I ein butikk hadde dei ein ganske grei liten plakat i vindauget ,som fortalde at i akkurat denne butikken var det forbudt å ta med seg inn ladde våpen. Det kan jo vera greitt å finna det ut, når hunden, iskremen eller pistolen må venta utanfor. I dag såg me fleire reklameplakatar for «Verdens største våpenbutikk.» Ein eg kjenner har sansen for å snusa opp slike plassar og fotografera litt, men me fann ikkje nærare vegbeskriving. Ei dame me snakka med på gata kommenterte ei overskrift i lokalavisa om ein mann som vart skoten medan han venta på bussen. Ho sa at det truleg var ein hevnaksjon og at mannen vart skoten like utanfor den førre arbeidsplassen hennar, der ho heldigvis ikkje jobba lenger.
Sidan alt var stengd utanom eit supermarked, lurte me på om me måtte eta middag på hotellromet, der me hadde observert ein microbølgeovn. Heldigvis traff me ein mann som kunne forklara oss vegen til ein meksikansk restaurant der me fekk nydeleg mat; Oksesteik i tynne skiver med guacemole, salsa, bønnestuing salat, fajitas og ris.
Han eg reiser saman med har sansen for å snusa opp det meste som foregår, og ei stor samling parkerte biler virkar magnetisk på han. Det viste seg å vera ein baseballkamp, som sikkert hadde halde på ei stund, men me klarte å finna ein ledig parkeringsplass innerst på ein grasplen. Då ekteparet som sat og tok inngangspengar fekk vita at me aldri hadde vore på baseballkamp, ikkje ante noko om reglane, og i tillegg var norske, fekk me lov å koma gratis inn. Nå har me i etterkant googla reglane, så nå veit me litt meir om baseball. Dei to i porten handhelste på oss, og ropte på ein tredje mann som måtte koma og helsa på dei norske gjestene. Me vart ønska velkomen til USA, til byen og til kampen, og dei håpa me ville lika alt saman. Kjærasten min sa at me var glade for å få sett ti minutt av kampen, og dei sa at me kunne vera så lenge me ville. Denne veldig hyggelige velkomsttonen høyrer me overalt, eg håpar folk som kjem til Norge i alle fall av og til gjer seg den same erfaringa.
Inne på tribunane sat det folk i alle aldrar og fasongar og heia. Høgrøysta middelaldrande menn, søte unge jenter og bestemødre med rullatorar. Fleire gonger fekk eg megetsigande sukk, blikk, nikk eller hoderisting med små kommentarar oss publikum i mellom om det som foregjekk på banen. Eg prøvde å respondera slik eg trudde det var forventa. Sjølv om kampen foregjekk klokka åtte om kvelden, var det veldig varmt, og publikum sat og vifta seg med små papirvifter som det stod, «Open door church» på. Kanskje kyrkja er hovudsponsor for laget?
Sjølv med velvilje frå dørvaktene, haldt me ikkje kampen ut, me lista oss vekk frå tribuna,ne og håpa å ikkje vera til for stor irritasjon for det oppmerksomme publikumet som vifta seg og togg popcorn. Dei kunne velja mellom «sweet» og «salty» når dei kjøpte det i sånne store papirøskjer som ein kan få på kino. Det var første drypp av baseballinteresse. Kven veit om det blir den neste store lidenskapen?
På veg tilbake registrerte me at valkampen hadde funne vegen til bilane. Mellom utvalde klistermerke med politisk innhald fann me denne. «My dog is a republican». Me var enige om at det sannsynlegvis var ein republikanar som åtte bilen, men heilt sikre var me ikkje.
Heidi