Gå til innhald

Luke seksten to tusen og tolv -For kjærleik, glede og fred

desember 17, 2012

tredje andvent to

Nå er me nettopp vel i hus etter ein togtur med smådramatisk start. Me vart ståande på Lysaker stasjon etter villedande informasjon om korleis me skulle forhalda oss til at Oslo S var stengd på grunn av jordfeil. NSB tok ansvar og kjørte oss i drosje med kenyansk sjåfør til Kongsberg på ganske glatte vegar. Me kom oss vel på toget til slutt, så det meste går bra. Dagen var fin med lunsj saman med resten av familien i Bærum. Det er godt å vera saman slik dagane er nå.

Tredje verset av adventsalmen min er slik:Tre lys er tend for gode ting,
for kjærleik, glede fred,
mens verda snurrar villt omkring,
og me må fylgja med.
For alt det gode som me fekk,
for alt det gode me skal få,
står lysa som ei bøn til Gud
ei bøn om alt me håpar på.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget