Gå til innhald

Høg-Jæren langfredag

mars 29, 2013

vindmøller påsken 13

Sola smeltar hol i snøen.

Fram stig det grå og brune landet.

Vindmøllene flaksar med vengene

som store svevande måkar.

Ei einsleg vipe vippar med grøne hodefjør

kvitt skjortebryst

tappert til knes i fjorgammalt gras.

Visst er her von om oppstode.

 

Heidi

 

vipe

From → Natur, påske, Poesi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget