Hjartet vinn
Eg har eit dikt som plagar meg. Problemet er at eg veit det er der, men eg klarer ikkje å få heilt tak i det. Det kan nesten samanliknast med å ha eit rusk i auget eller eit ord på tunga. Det stikk hovudet fram frå bak ein stein, og så er er det borte att. Det hoiar til meg frå greinene på høge tre, men når eg skal fanga det ser eg bare halen forsvinna. Eg har ikkje betre forklaringar. Det har ligge der i vekevis, og eg har tenkt at sidan det voldar meg så mykje bry, så må det vel vera eit fint dikt, men det er slett ikkje sikkert at det er slik det virkar… I dag har eg tenkt å setja inn nådestøytet og ikkje gi meg før eg har fått nokonlunde styr på det heile. Veldig ofte kjem ord og bilete til meg på lange uavbrotne rekkjer, andre gonger boblar det så mykje at eg bare må få mest mogleg opp i ei bøtte og så finna ut i fred og ro kva som er brukbart og ikkje. Det er ikkje titt eit dikt skapar seg på denne måten, men sidan det handlar om eit hjarte som ikkje vil høyra på fornuft, så ligg det kanskje i sakens natur…
Så inntil seinare så får eg heller by på nokre dikt frå dagens gjestelyrikar. Diktboka eg hentar fram i dag er «Delta» skrive av Kirsti Blom i 1996. Dette er ein forfattar eg i grunnen kjenner bare frå denne boka, så eg måtte googla litt. Eg ser at ho er fødd i 1953 og har skrive romanar og barnebøker i tillegg til dikt. Dikta hennar appellerer til meg. Me får trivast i hennar ord medan eg leitar etter mine eigne. Det er ein vakker, varm augustdag og eg har skrivefri. Vaskemaskinen jobbar for meg i kjellaren, og selskapskjolen min dansar på klessnora. Eg likar helger i august. Om litt skal eg på tur med Ingrid og Oscar.
Veiviseren
det var ikke i dette huset
jeg slapp gjennom nåløyet
jeg sprang ikke barbeint
i disse trappene,
det var ikke slike vegger som ga gjenklang
for rop
det var ikke her
det var ikke
dette lyset
som traff meg hardt
det var ikke
disse mørke hjørnene
som avleiret kloremerker
det var ikke her
men det var heit
jeg skulle
veiene var tallrike
som dyretråkk
hit ble jeg
ført ved hånden.
delta
her hvor veiene skilles
kan det være lommen dom varsler
kan det være kornmo
kan det være arterieflimmer
kan det være ringene i vannet
kan det være blå leirjord
kan det være svovel
kan det være den jeg fødte først
kan det være den jeg elsket sist
kan det være rimfrosten
den hviteste
Kanskje
kan det være avslutningen.
Kirsti Blom
En kam gjennom håret
etter å ha spist brødskivene
drukket melkeglassene
tørket vekk hvite barter
kjent en kam gå gjennom håret
løp vi på magre bein
fram tll døra
med pikefingre
vred vi om på svart lås
trakk håndtaket
med gullkule
til oss
så sto vi der
ute på steinene
mellom grønt gras og urolige trær.
Kirsti Blom
Ha ei god augusthelg. Det har eg tenkt å ha.
Heidi

