Gå til innhald

Å køyra tog gjennom augustdagen

august 24, 2013

Det er ikkje Internett på Vegårdshei stasjon. Ikkje i nærleiken heller. Derfor er eg usikker på kor lett det blir å få lagt ut dette. Men vakkert er det om netter manglar, blanke vatn som speglar blå himmel, små gardar med raudmalte løer og kvite våningshus. Trea er framleis sommargrøne, og raunbæra lett raudnande. Det blir varsla Gjerstad stasjon, og eit par minutts opphald der. Nyperosene på stasjonen har begynt å transformera seg til nyper, og geiteramsen har fått kvit ull nederst på stilkane. Det er vakkert å kjøra tog ein laurdag føremiddag i august. Paret midt i mot meg, drikk kaffi og les aviser. Han kosar seg med å gomla i seg ei stor heimeskreld oransje gulrot, og muntre tyggelydar spreier seg i den elles tause togvogna, der folk småduppar, ser ut vindauget eller les i avisa

Som oftast er det fredag ettermiddag eller kveld eg reiser denne vegen, og det pleier alltid å vera ein eller annan oppstemd venninnegjeng på toget, som forsikrar kvarandre om at det er veldig naturleg å drikka vin i restaurantvogna klokka tre om ettermiddagen, dei er trass alt på jentetur… Dette er viss derimot ein tur for dei litt søvnig tilbakelente. Kanskje ikkje rart så lenge ein viss andel av passajerane gjekk på toget i Stavanger før klokka halv seks i dag morges… Sjølv gjekk eg og glipp av å nyta dei første timen på toget med auga opne. Eg skal ikkje påstå at eg sov, men det vart for anstrengande å bruka synssansen. Eg innrømmer at det fell meg uendeleg unaturleg å stå opp klokka fem. Men visst får ein mykje dag etterpå…

Mannen i mitt liv, som i motsetnad til meg, finn stor glede i å førebu og pakka niste, byr på nøter og tørka frukt, i det me passerer ei tjønn med vannliljer og nærmar oss Neslandsvatn stasjon. På Neslandsvatn er det naturleg nok eit vatn, med noko som liknar på ei badebrygge ut i vatnet. Dette vatnet har og masse kvite vannliljer i, og til høgre litt lenger framme, er det eit til  vatn, der grantrea speglar seg djupt på ei svartgrøn vassflate. Det manglar bare solnedgangen og elgen. Dersom eg kom frå ein eller annan storby ute i verda, ville eg sikkert blitt djupt og inderleg begeistra for norsk augustnatur. Sjølv om eg har sett dette før, så ser eg kor fint det er, og sjølv om eg er flink til å leva i nuet opplever eg det heile med den litt vemodige bismaken av at snart er denne sommaren og over.

I går gjekk eg og Ingrid tur saman med Oscar, ho venta relativt tålmodig, medan eg røska med meg røsslyng, raunbær og markblomar. Ho forstod likevel ikkje heilt kva eg meinte då eg sa at så vakkert som det er ute mot slutten av august, er det ikkje på noko anna punkt i kalendaråret.

Me kjem til Drangedal stasjon, der stasjonsbygningen er malt skagensgul. Nokon kjem på og nokon går av. Det einaste som har forstyrra den søvnige idyllen, er at ein mann har sovna, snorka og vakna att. Paret som hadde med gulrøter er stødige på nistefronten. Nå har dei teke fram ein gul isboks med brødskiver med skinke, agurk og tomat. Ved sida av brødet ligg det ein klasse grøne druer dei skal ha til dessert. Mannen ved sida av et knekkebrød med brunost på, og ei ung lyshåra jente søv lydlaust med hovudet i fanget på ein stolt kjærast. Kven har sagt at det trauste norske sosialdemokratiet ikkje er oppe og går framleis? Paret rett ovanfor, har funne fram ståltermosen og hyggar seg med kaffi. Eg føler meg som ein spion som sit her og skriv om dei, sjølv om eg ikkje har skrive noko som ikkje ein kvar her inne kan sjå. Eg får heller fortelja at me to på sete 127 og 128 i vogn tre, såmenn har ein termos mellom oss me og. Vår er skarpt limegrøn, kjøpt inn av meg, men for anledningen fylt av ein annan. Det er veldig lenge sidan sist eg reiste med termos, men jo visst, omtanken og grunnideen set eg pris på.

I fall nokon ikkje har oppdaga det, eg er meir enn middels glad i å reisa med tog, og denne teksten er ei live-sending, der alt kan skje. Eg har vore med på straumbrot forårsake av ballongar i straumledningen, og lange uforutsette bussturar på grunn av ras lenger framme, så på toget kan det meste skje kva tid som helst, og slik er det vel forsåvidt i resten av livet og.

Klokka har runda elleve, og det er «Lunde høyre side». Landskapet opnar seg, og lysbokstavane over døra fortel oss at me er 66 m over havet. Eg kosar meg med å leika reportar i eige land. Eg tenkjer tanken at dette kanskje blir mitt kjedelegaste innlegg nokonsinne, men trøystar meg med at i fjor sat folk oppe heile nettene for å fylgja hurtigruta meter for meter… Ved elva der nede ligg ein robåt dreven opp i grasskråninga og nokon har henge sengetøyet sitt ut til tørk. Graset er slått og sauene beiter fredeleg langs jernbanelinja. Kanskje eg skal slutta her medan leiken er nokolunde god? Kornåkrane er står framleis med like mykje grønt som gult. Det er framleis eit stykke igjen, og godt er det.

Heidiimage

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: