Gå til innhald

Olje, brød og vin

august 22, 2013

tistel

For første gongen på 27 år har me to vaksne vore «aleine heime» i ei heil veke utan ungar. «Ungane», som for vår del er frå snart 19 år og oppover er meir eller mindre ute i den store verda. Halvard er på ferie i Amsterdam med kameratar, og melder at alt står godt til. At me i det heile tatt har nokon buande heime denne hausten er rein bonus, for dei andre tre har «flytta ut» etter at dei var ferdige med vidaregåande. Så kor lenge det går før me to bare deler hus med kvarandre, er ikkje godt å vita.  Med tre av fire barn i nokså nær omkrins, skal me ikkje klaga… Og katten held oss med selskap, og let seg på ingen måte avvisa. Ho saknar Sunniva, og klenger på alle gode reservar. I dag er det nydeleg seinsommar med nesten 20 grader ute, klokka er ni om kvelden utanfor vindauget mitt, og solnedgangen fargar skyene oransjerosa, så det er ikkje til å leggja skjul på at mørkare og kaldare tider er på veg sånn etterkvart. Fryseboksen er fylt med nyplukka rips, eg gjorde ein innsats for matauken i hagen til foreldra mine her ein kveld. Far var med meg og plukka, og Odd Christian tok turen til mormor og morfar saman med meg. Det er koseleg at me rett som det er kan vera i lag frå tre eller fire generasjonar i den eine eller andre konstellasjonen. Det er lenge sidan akkurat eg og Odd Christian og begge foreldra mine åt kveldsmat saman. Kaffi, potetkaker med smør og ost og nyplukka tomatar ved sida av, er ikkje dumt.

Nesten umerkeleg har dagane glidd inn i den normale kvardagsrytmen i løpet av dei siste ti dagane, og det føles faktisk heilt ok. Det har allereie blitt ein vane å koma seg opp om morgonen, helsa god morgon til kolleger og å bli sitjande litt lenger enn ein hadde tenkt på jobb før ein syklar heim. Det eg faktisk legg merke til er at det kjennest som eit nokså mykje mindre arbeidspress å undervisa ein kveld i kulturskulen i staden for to. Eg trur at eg nå vil kunna bruka meir tid og krefter enn før på å skriva og på andre nyttige og positive ting. Ein kveld meir heime kvar veke er heller ikkje dumt, nå sit eg her og høyrer naboen klippa plenen og har kunna bruka ettermiddagen og kvelden akkurat som eg har villa.  grunnen til at det faktisk vart to innlegg denne kvelden, er at eg hadde så lyst til å presentera dagens lyrikar, nemleg Jens Bjørneboe. For dei som ikkje måtte vita det, så er han fetter av André Bjerke, som var «gjesten min» for mindre enn ei veke siden. Som så mange andre, opplevde eg ein djup fascinasjon for Bjørneboe då eg gjekk på vidaregåande. Eg las bøkene hans; Jonas, Haiene, Gratulerer med dagen, og mange andre med ei nesten hypnotisk innleving. Eg hugsar meg sjølv sitjande med «Haiene», under knaggerekkja utanfor klasseromet i friminuttet, med eit håp om at det måtte gå lenge før klokka ringde. Nå som godt vaksen, trur eg nesten det er menneske Bjørnebo, saman med dikta hans som fascinerer meg aller mest.

Eg har lese mange Bjørneboebiografier, men den eg anbefalar aller mest er den todelte biografien til Tore Rem, som kom ut i 2010. Den klarte eg mest ikkje å leggja frå meg. Bjørnebo er eit utruleg samansett menneske. Mykje gjekk gale i livet hans, og den såre dualistiske undertonen i dikta hans, er for meg ei historie om vemod og disharmoni. Både inne i han sjølv og i den store verda. Han har og skrive mange dikt med tydelege religiøse tankar. Han er ein av dei lyrikarane som verkeleg rører ved noko inne i meg. Eg vel å ta med to dikt frå antologien «Aske, vind og jord.» Det eine er eit slags haustdikt, til ære for årstida, og det andre eit dikt som meir enn noko for meg viser det såre og tvetydige.

 

Olje, brød og vin

Si ikke hvem som dømmer rett
Hvem handler godt, hvem handler slett
men si når regnet kommer!

Og si meg hvordan kornet står
Og si hvor mange fold vi får
Og hvordan vinen blir i år
Når sommeren er over.

Oliven vokser på gamle trær
De bærer nye og friske bær
Av korn blir brød og av druen vin
Og bæret blir til olje.

Jens Bjørneboe

 

Vise om bøndene på Capri ø

En sangfugl i en snare gikk.
Men bøndene på Capri ø
har øre for musikk.

De tar den inn fra sol og sjø
Så gløder de en strikkepinn
og brenner fuglen blind.

I bondens bur blir fuglen satt.
Der vil den synge dag og natt
fordi den slapp å dø.

Det er et enkelt bondetrick.
For bøndene på Capri ø
har øre for musikk.

Jens Bjørneboe

Dei av dykk som ein gong har hatt eit sterkt forhold til Bjørneboe sine, romanar, og forsåvidt alle de som aldri har hatt det; Eg anbefalar biografien hans, og ikkje minst lyrikken.
Heidi

 

From → Bøker, haust, Poesi, veret

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: