Gå til innhald

Håplause håparar

oktober 4, 2013

Landskap med lysstråler og vindmøller

Ei venninne av meg brukte dette uttrykket om seg sjølv ein fin augustkveld. Eg er ein håplaus håpar. Ho sa det som om det var ein litt belasta diagnose ho hadde fått av seg sjølv, men eg likte uttrykket så godt at eg tenkte at det må eg ta med meg og bruka. For ligg det ikkje ein stor styrke i å vera ein håplaus håpar? Så lenge ein håpar er det vel ikkje heilt håplaust… Og kjem ein så langt at ein må stengja døra til eit av håpa sine, så er ein vel godt hjulpen på vegen vidare dersom ein er ein håplaus håpar. Ein ny song dukka opp mellom øyrene mine, sterkt inspirert av Nancy Sinatra. «I´m hopelesly devoted to hope.» Det ville jo ha vore ein fantastisk kampsong i ei verd og eit menneskeliv som ofte går sin skeive gang utan at me har nokon reell kontroll på meir enn deler av det heile.

Eg er nok ein av dei sjølv og, ein av dei håplause håparane. Ofte klatrar nokon eit par steg opp på si indre gardintrapp og kallar oss naive. Då seier eg, bare fordi det kanskje høyrest litt meir reflektert ut at eg er naiv av indre overbevisning og ikkje av manglande vurderingsevne. Eg trur nemleg som Kumbel at «Det er naivt å tro at dette liv, kan leves om man ikke er naiv». Grunna i religiøs og politisk overbevisning, ynskjer eg å visa enkeltmenneske og livet forøvrig tillit til det motsette er bevist, og kanskje endå eit steg vidare. Og ja, eg veit at eg risikerer å bli skuffa, men den sjansen tek eg. Heller gå på ein smell ein sjeldan gong enn å gå rundt å ver grunnleggjande mistenksom. Og sjølvsagt veit eg med forstanden alt dette som er så utruleg vanskeleg, at det finst menneske som er ute etter å utnytta andre, det finst psykopatar i verda, og det finst tankar som kan gjera folk sjuke og farlege. Heilt utan antenner er eg vel ikkje, men eg ventar litt med å la dei stansa meg.  Alt dette gjer meg vel til ein håplaus håpar, antek eg. Det er kanskje ikkje rart at sånne som meg treng ei tru, slik at me kan få ein indre flamme å varma oss på. At vondskapen finst, veit dei fleste menneske. Likevel vågar eg å utfordra, eg trur eg skal bruka uttrykket «dei fleste menneske» nå og, til å våga å satsa endå meir på at det gode er ei sterk kraft. Eg trur på ein verden der tilliten får større plass.

Så får me heller be Gud og forstanden om å vita når det einaste kloke er å lukka ei dør, og så om kraft til å gå vidare, framleis som håplause håparar. Er dette ein farleg tekst å skriva? Kan slike ord som dette få menneske til å bli i relasjonar som øydelegg dei i staden for å reisa seg å gå vidare. Den tanken slo meg plutseleg så sterkt at eg vart nøydd til å skriva desse to linjene eg skriv nå som ei lita klype malurt både til meg sjølv og dei som les. Eg trur Jesus brukte uttrykket at me skulle vera einfaldige som duer og listige som slangar. Kva nå det måtte bety, er ikkje heilt lett å vita, og det er vel kanksje meininga…

Eg liker i alle fall tanken på at når dei fleste andre er i ferd med å resignera, så finst det ein eller annan håplaus håpar som går der ute i mørket med lykta si og ikkje har tenkt å gi opp på veldig lenge ennå. Eg trur eg vil strekkja det så langt som til å seia at viss eg var ein av desse små runde feane i Disney sin Askepottversjon, som kom til dåpsfesten i ein fargesterk kjole med ein tryllestav i handa, så ville eg sterkt vurdera å gi både fadderbarna mine og mine eigne barn akkurat denne gaven: «Måtte du bli ein håplaus håpar, mitt barn».

Nå rundar eg av, så får me gå vidare til våre eigne utfordringar som kanskje er fulle av håp som ikkje eingong er håplause. Eg for min del har tenkt å skriva litt. Kanskje nettopp dette diktet om håplause håparar? Eg må bare finna ut korleis det skal sjå ut først. Og kanskje nokon av oss av og til har kjensla av å kjempa mot vindmøller. Vindmøller er ikkje lenger noko me les om i romanar og eventyr, me har rett og slett ganske mange av dei like i nærleiken… Og dei er jo faktisk på ein måte ganske vakre. Dei liknar litt på store fuglar som flaksar med vengene over det flate haustfarga landskapet vårt.

Heidi

vindmøller og skyer

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget