Skip to content

Credo

oktober 3, 2013

sau på stein

Då eg og kjærasten min var på kombinert sundagstur og fotosafari, fekk me sjå dette fantastiske motivet. Ein sau hadde klatra opp på nokre høge steinar for å kunna eta av lauvet på eit tre. Då me kjørte Sunniva til folkehøgskulen for to år sidan, såg me plutseleg ein sau som stod oppå ryggen til ein annan sau. Den dagen skulle me langt og kjørde bare forbi. Etterpå hadde me ein samtale i bilen om korvidt me nettopp hadde sett to sauer som stod oppå einannan. Alle tre lurde på om me hadde sett det me trudde me hadde sett, men sidan alle hadde sett det same, måtte me rett og slett ha sett det me alle trudde me såg. Denne klatraren på biletet fekk meg til å tenkja at det er då klart at sauer kan stå på ryggen til einannan.

Når det gjeld akkurat dette fotoet, så får det meg til å tenkja at nokon er villige til å strekkja seg ekstra langt. Det er vel kanskje å gå litt langt å tenkja det inn i ein agnus dei tankegang med Guds lam, men eg må innrømma at i hovudet mitt er det ei merkeleg kopling mellom fotografiet og det diktet eg har tenkt å skriva inn under denne teksten. I hovudet mitt er det mange rare koplingar, men dikt og bilete toler dagens lys kvar for seg og… Siste ordet i dag går til den dåverande tjueåringen Henning Kramer Dahl.

Credo

Jeg tror på de skitne blomster
som trassig bryter seg vei
gjennom storbybetongen
år etter år

Og som føtter på flukt fra seg selv
vettløst trår i stykker.

*
Jeg tror på de bleke hender
som ikke knytter seg mot natten
og som våpenløse
strekker seg frem
for å stryke morderne over håret.

Henning Kramer Dahl

Ute bles det noko som liknar på ein skikkeleg hausstorm og tastaturkatten slikkar potane sine. I morgon skal eg ha forfattardag har eg tenkt.

Heidi

From → Filosofi, haust, Natur, Poesi, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: