Eit stille sentrum
Eg liker å ha folk rundt meg. I motsetnad til fleire av dei eg kjenner godt, så kan eg ha folk nær meg til ei kvar tid utan at det kjennest påtrengjande. Det er ein heilt grei eigenskap å ha når eg bur i eit hus der det på det meste har budd fem ungdomar, to kattar, to undulatar og etterkvart ein hund. Eg liker å sitja på eit tog, på ei trapp eller på ein kafé og bare studera folk medan øyrene mine vibrerer på ein nesten litt uoppdragen måte.
Det er meg uendeleg fjernt å pakka ryggsekken min for å reisa ut i verda på eiga hand, slik mannen eg lever med har gjort det med stor glede rett som det er. Langt heller enn å vandra rundt i Latin-Amerika på eiga hand, set eg meg på toget for å oppleva gode samtalar med ei venninne på Hamar eller på Røyse. Det skal nemnast at det siste har litt med hypokondaren i meg å gjera, tenk om eg blir alvorleg sjuk eller får hjarteinfarkt, og så er eg der heilt aleine, eller tenk om eg kjem for seint til eit fly eller er heilt ute av stand til å finna att hotellet… Men eg har og den andre tanken, at det er trist å ikkje oppleva saman med, hugsa saman med, le saman med.
Likevel liker eg å vera aleine. Då eg var lita likte eg veldig godt å leika aleine, og som vaksen elskar eg å sitja og skriva, lesa i bøker, høyra radio, sjå filmer, strikka eller brodera. Eg kan gjerne ha folk rundt meg, og eg kan godt vera aleine. Charles Ringma hevdar i boka si «Den indre rytmen» at eit kvart liv treng eit stille sentrum. Han skriv:
Et stille sted i vårt indre hjelper oss ikke bare å fatte mer av vår egen unike identitet. Det hjelper oss å bli klar over, og ta tak i det som påfører oss smerte og gjør oss triste. På dette stedet kan vi bestemme oss for å gjøre noe med vårt sinne og å oppdage kreative måter å løse problemer på. Det er ikke bare et sted vi overvinner vanskeligheter. Det er også et sted der vi mottar ny inspirasjon og justerer kursen.
For Charles Ringma er ikkje det stille sentrumet stedet for å vera «dyktig og flink til å finna ut av ting på eiga hand», men ein plass for å opna seg for Gud og for å få hjelp til å justera kursen på livet sitt. Han skriv til og med at det er på denne staden ein verkeleg utviklar relasjonane til andre menneske fordi det er der ein får tid til ettertanke og til å leita etter den velsigninga det andre mennesket treng å finna gjennom det du kan formidla vidare. Han skriv om at ein kan vera noko for andre, sjølv om ein ber på sine eigne vanskar i tillegg. At det er slik relasjonar må vera. Menneske med skrammer og sår, for det har alle meneske, er i stand til å oppmuntra andre som går omkring med skrammer og sår. Alle treng å bli møtte med forståing og varheit, og alle veit me noko om det å vera menneske. Det er ikkje farleg eller destruktivt å kjenna etter korleis det eigentleg er å vera levande.
Dette har eg tenkt i fleire dagar at eg har lyst til å skriva om. Eg veit ikkje om eg fekk det heilt til slik eg hadde tenkt, men kanskje eg får det endå klarare fram ein annan gong. Eg får utan samalikning ein slags Frans av Assissi- følelse her eg skriv. Det har lite med min eventueller fromheit å gjera, men katten har lagt eit malande kattehovud på høgrehanda mi, og ligg slik medan handa mi skriv bokstavar. Kroppen hennar ligg tungt på musematta, så den har eg i skrivande stund ikkje tilgang til. Det dyret let seg rett og slett ikkje avvisa. Eg har ikkje hjarte til å kasta henne ut av huset når ho helst vil vera inne og mala..
Klokka går, og dagen skal ha plass til mykje. Eg skal skriva ferdig manuset til kyrkja i morgon kveld, eit dramautkast til skulegudstensta og eit førsteutkast til tiandeklasseforestillinga. Dessutan har me tenkt oss ut ein tur for å feira med ein god lunsj at samarbeidsprosjektet «Det kvite romet er vel i havn». Og så er det eit og anna av andre ting som med fordel kunne ha vore gjort. Eg skal likevel la Ellen Einan få slippa til med eit par av dei særeigne dikta sine. Ho fekk faktisk litteraturpris for sin måte å skriva på. Eg googla henne i går og fann ut at ho døydde i mars i år. Ho debuterte på åttitalet, etter at ho hadde fylt femti år.
Det skal bare være forsømte barn her,
sa Gud og la søndagsfargene om
mørket mitt.
Bare de angerfulle og gode, sa mor min,
var selv en gud.
Bare mørket kom tilbake.
Bare dørene ble lukket.
Jeg er sølvet i beltet, skjelver.
***
Budet fra jordhagene er kommet.
Å være til skal være en gave.
Barn skal ha fred.
Engsøster skal gå fritt om.
Ellen Einan
Ein god laurdag ønsker eg alle som les. Det har eg.
Heidi


