Skip to content

Fine fredagen

november 15, 2013

image

Eg har hatt ein veldig fin fredag, desse skrivedagane er verkeleg gull verd i vekene mine, sjølv om eg med godt samvit har bedrive ein del andre ting enn skriving i dag. Eg har brukt så mykje kveldar og ettermiddagar på å koma i mål med diktboka, at eg unna meg ein slags friføremiddag. Dessutan er tanken med frifredag like mykje å frigjera krefter slik at eg kan pusta litt ut på fredagsmorgonar og kanskje bruka kveldar og andre delar av helgene til å vera kreativ. I haust har det funka som bare det, så det var nok lurt å gå ned litt i stillingsprosent. Klokka halv elleve kom Ingrid innom og drakk ein kopp kaffi etter treninga, så skulle ho heim og skriva oppgåve. Ho har akkurat fullført praksisperioden sin, som eg trur gjekk bra på trass av eit hekseskot i ryggen som gjorde at ho måtte bruka dei første dagane i perioden til å liggja strekk ut heime i staden for å visa verda kva ho kunne få til i eit klasserom.

Kvart over elleve vart eg henta av Torun som er heimom frå Røyse eit par dagar. Eg er så glad for at ho klarte å klemma eit par timar saman med meg inn i eit travelt program. Først gjekk me ein tur i Sandtangen, og etter at eg fekk arva ein i-phone med eit heilt brukbart kamera på, så er eg rett og slett blitt veldig glad i å fotografera igjen. Denslags har eg mest ikkje drive med dei siste tjue åra. Det er spennande å prøva å dokumentera det som skjer i naturen, og naturbileta dei siste vekene har til ein stor grad vore mine «knips-i-det-du-går-forbi-noko-du-plutseleg-ser-eit-motiv-i-metoden».

image

Etterpå møtte me Torbjørg, mor til Torun som kom frå biblioteket. Me hadde tenkt å gå på kafe saman, nærare bestemt på den franske kafeen på biblioteket. Den viste seg å vera stengt i dag, så me ende opp på kjøkkenet der me åt grovbrødskiver med laks og eggerøre og salat med reker før me avrunda med kaffi og salt mørk sjokolade. Det er koseleg at tida framleis er slik at eg og Torun kan gå på kafé med mødrene våre, og på ein litt grå novemgerdag passar det ekstra godt. Torbjørg hadde lånt diktsamlingar på biblioteket av Åse Marie Nesse og Rolf Jakobsen. Av ein eller annan grunn blir eg rett og slett glad av å høyra at folk les dikt. Då er det håp for verda, for å setja det maksimalt på spissen… Torun viste meg to bøker eg burde lesa, og eg viste dei prøvetrykket av diktsamlinga vår. Torun sa til mora at eg laga dikt av alt mogleg, og eg hengde meg på og sa at nå måtte ho bare fortelja meg noko det passa å laga dikt om. Etterkvart fortalde ho om svarttrostreiret i den store kvite rosenbusken på Nedstrand, og me vart eininge om at det biletet nesten fortente eit dikt. Dei to prøvde til og med å bekriva korleis dei kvite rosene lukta, svakt, men behageleg og ikkje så søtt og parfymert som rosa roser. Det er og ei sanseøving som kan passa godt i november.

Etter kafebesøket vart eg køyrd heim att, og sette meg ned for å førebu miniforedraget, eller kanskje snarare kåseriet eg skal ha i Bryne kyrkje på sundag kveld. Eg visste frå før at salmeboka i si tid vart tillagd ei nesten magisk kraft, ho vart lagd i vogga til udøypte barn, og medan barnet var til dåpsgudsteneste burde det liggja ei salmebok i vogga slik at leiet vart helga. Ein kunne og leggja ei salmebok på bryggekaret når ølet skulle gjæra, gå med eit blad frå salmeboka som beskyttelse mot sjukdom, eller stryka ei salmebok over såret når eit husdyr fekk eit bitt. Før brurebuketten gjorde sitt inntog hadde brura ei salmebok i hendene når ho kom inn i kyrkja.

Eit av høgdepunkta i dag var at Leif kom heim frå jobb og hadde henta med seg 100 nylaga diktsamlingar med foto frå trykkeriet. Me synest dei ser ut omtrent som me hadde håpa. Så var me plutseleg så langt. Dei som har bestillt og bur langt vekke vil få sine bøker i posten om ikkje så lenge. Elles kan dei inntil vidare bare kjøpast hos meg, men eg skal og ta med meg nokre eksemplar på jobb og ha med eit par i veska i kyrkja på sundag i fall nokon har lyst til å sjå eller kjøpa. Eg og Cleopatra måtte ta oss ein lesepause på sofaen, her ser me på diktet «Det finst alltid ein katt», som der og då kjendest ekstra relevant.

image

Så laga kokken i heimen marinert kalkun medan eg gjekk tilbake til salmevandringa. Det er ei grei arbeidsfordeling. Akkurat nå må eg innrømma at dei aller fleste middagane her i huset blir laga av andre enn meg. Det fungerer greit slik… Og i fall nokon skulle ha den minste interessen av å vita det: Slik ser stova ut om ein ligg strekk ut på den eine sofaen…

image

Så står det bare att mi misjonsferd for å få folk til å lesa meir dikt… Dagens tekstar er framleis frå Ellen Einan si hand, og ho brukar framleis «automatskrifta» som kjem direkte frå undermedvitet… Eg liker dikta hennar sjølv om eg må innrømma at eg av og til får lyst til å luka litt i den frodige ord-og-biletbruken hennar.

image

Og slik ser arbeidsteikningane hennar ut når ho skriv.

To

Jeg ville hatt porter med torgkoner og støy.
Bare som et forsøk.
Men jeg vet,
da går det galt.

Jeg er en snakkende, sa du.
Jeg er en stille, sa jeg.

Ellen Einan

***

Jeg farger om barnet

Ikke la deg lure, sa fargehandleren,
god og gul er best,
men oktoberrød og nattblått var kommet,
stod fast og hadde sin vilje,

stod nær og hadde sin pust.

Ellen Einan

***

Ha ei fin helg, alle saman.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: